Framtida
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det lukta bensin, og det var tryggjande. Ikkje fordi det lukta bensin, men fordi det var ei kjent lukt. Det var ei lukt eg kunne kjenne om eg stakk hovudet ut soveromsvindauget mitt heime, det var ei lukt eg kunne kjenne når eg sparka fotball med bestekameraten min, og det var også ei lukt eg kjente no.

Lukta av bensin var som ei sky eg heldt fast i, ei sky som drog meg langt vekk og opp i himmelen. Ei mjuk, kvit, varm sky som let meg sleppe unna alle dei forferdelege tinga som oppheldt seg nede på den forbanna jorda, som hadde objektifisert seg på kjøkkengolvet i heimen min. Eg heldt fast i den skya, men skyer er berre gass. Dei kan ikkje halde deg oppe.

I ein skremmande fart suste eg ned mot bakken, andletet fyrst. Eg lukka auga, venta meg at bein og innvollar skulle knusast. Venta meg at utsjånaden min endeleg skulle avbilde slik eg følte meg på innsida. Men det kom aldri. Eg opna auga. I staden for at eg møtte sand, var det noko heilt anna lyset reflekterte seg sjølv i.

Skotet frå ei M1 Carbine lagde enno eit kviskrande ekko i heimen min. Det var seks sekund sidan det blei avfyrt, men det klamra seg til veggane, likeins som eit born ville klamra seg til si mor. Utan å legge merkje til det sjølv, hadde eg dekt meg for øyra. Ikkje at det hjelpte. Hjartet dunka i øyra mine. Lyden av skotet var framleis fast i tankane mine. I hovudet mitt blei skotet avfyrt to gongar, tre gongar, fire gongar, fem gongar, seks gongar…

Eg mista teljinga.

Eit skot er berre eit skot med mindre det får ei målskive. Da kan eit skot bli eit tap, ei sorg, ein skjebnesfaktor. Først høyrer ein skotet. Så forstår ein at det var eit skot. Etter det, så sjekkar ein kva eller kven som vart målskiva. Alt går ordentleg sakte når eg let blikket danse over rommet, som eitt par nervøse fluger. Først møtte eg auga til veslesystera mi. Dei gylne auga hennar var blanke og bar ei sorg eg ikkje hadde sett før, men ho bar ikkje nokon skotskade. Det gjorde ikkje bror eller mor mi heller. Det neste blikket eg møtte var far sitt. Dei mørke auga hans var enda mørkare enn før. Auga hans bar den same melankolien som plutseleg hadde sløra over familien min, men noko ved fars auge var annleis. Innimellom den underlege sørgmodigheita skimta eg noko som høyrde til i auga på ei kjempande løve. Far min var rasande. Hemningslaus. Blodtørstig. Men han vart ikkje skoten.

Han løfta arma si og peika på meg, og munnen opna seg. Han skreik. Høgt. Desperat. Rasande. Mor gret. Store, blanke tårar gret ho. Eg skjønte ingenting. Kva var det dei lagde så mykje styr for? Ingen var blitt skotne? Vi var ok, alle saman.

Sakte blei skotet i tankane mine stillare. Hjartet mitt sank tilbake til magen. Eg høyrde alt no. Eg høyrde korleis mor mi gret, eg høyrde kva far min skreik. Veslesystera mi var skrekkslagen. Ho klamra seg til bamsen ho hadde i armkroken sin. Bror min berre såg på meg. Han sa ikkje noko, han berre stirra. Auga hans likna svarte hol. Dei bar ikkje nokon form for kjensle, og dei var den typen auge du kunne forsvinne i av undring.

«Kva er gale?» spurde eg han. «Kvifor lagar de slik styr? Kva har skjedd?»

Røysta mi var nesten ugjenkjenneleg. Den var sprukken og øydelagt, som om eg hadde gråte i fleire timar, og endeleg fann røysta mi gøymd bak fortaping. Bror min svarte ikkje. Han berre såg på meg med dei same svarte hola. “Kva er gale, mor?” Ropte eg. Stemma var eit glas som trefte bakken. Ho møtte blikket mitt med usikkerheit. Eg såg at ho svelgde tårane sine, så kviskra ho:

«Du er blitt skoten, Emry.»

Som på kommando, streikar kroppen. Eg trur den setninga var ein realitetssjekk. Slik som når læraren gir meg eit klask over handa når eg teiknar i margen i staden for å løyse matteoppgåver. Den trefte meg i alle fall minst like hardt.

Først står eg berre på knea og stirrar, for eg skjønte det ikkje heilt enda. Det var som om eg hadde mista orda mine, og alt eg satt igjen med var patetiske lydar av forvirring. Eg tok meg til brystet. Først då eg kjende den varme, klissete væska, klikka det. Det var som om heile situasjonen var ein hengelås, og den fjerne substansen eg hadde mellom fingrane, var nøkkelen. Endeleg reagerte kroppen min slik den skulle. Eit kvelt hulk ramla ut av meg før eg lempa over på sida.

Kjøkkenflisene var kalde og harde mot huda mi. Eg trur adrenalinet begynte å forsvinne frå kroppen min, for no kjente eg det. Eg kjente det verkeleg. Det stakk og svei og prikka alt på same tid. Å oppretthalde ei stødig pusterytme var umogleg. Saman med dei sarte hulka mine, hoppa pusten min paradis. Den snubla og ramla og prøvde sitt beste, men det var ikkje godt nok. Eg fekk ikkje puste.

Eg la hovudet mitt på sida. Var det verkeleg slik eg skulle døy? Som ei tragedie? Som ein statistikk? Som eit politisk verkemiddel?

Eg skulle jo ta på verda? Eg skulle jo utgjere ein forskjell? Eg skulle vise verda at ikkje alle krigsborn er tragediane du får sjå på nyheitene. Men her låg eg jo, på dei kalde flisene i mitt eige hus. Og for kvart sekund som går, blir dei ambisjonane fjernare og fjernare. Dei falma meir og meir frå å vere eit skrik til å bli eit ekko, og no var dei berre ei kviskring. Ei kviskring er aldri meir enn ein teori eller eitt ønske. Det er derfor ei kviskring er ei kviskring, og ikkje eit skrik. Fordi den som kviskrar, den er ikkje sikker nok til å heve røysta si.

Mor mi skrik. Høgt. Ho skrik som berre ei mor kan, og kastar seg etter meg. Men mor mi når meg ikkje. Ein mann kledd i grøne bukser med kamuflasjemotiv nappar ho etter håret, så ho endar opp på ryggen. Mor prøvar så hardt ho klarar å vri seg laus, ho riv han i armane, bit han i handa og dunkar hovudet mot magen hans, men han rikkar seg ikkje. Han berre pressar innsida av olbogen mot halsen hennar, heilt til ho ikkje bevegar seg meir. Ho er ikkje død, ho er berre bevisstlaus. Trur eg.

Håpar eg.

Eg er ikkje sikker på om eg kjem til å overleve. Eg er heller ikkje sikker på om eg kjem til å døy. Det er ei slitsam kjensle, det å ikkje vite. Men samtidig vil eg heller ikkje vite, enn å vite at denne dagen blir den siste. For om eg visste at alle mine kviskrande ambisjonar berre skulle bli fantom, så hadde eg ikkje hatt noko å kjempe for.

 

Kristine Moltubak Ræstad går i 9. klasse ved Midsund skule og er poet og novellist. Teksten vart skriven i samband med OD-dagen.

Les også denne teksten av Kristine Moltubak Ræstad!