Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har blå auge.
Eg har blondt hår.
Eg har ein vanleg fysikk.
Eg har hender.
Eg har bein.
Eg har eit andlet
med ein nase
som kanskje er litt for stor.

Eg er ei jente du ser kvar gang du tar ein sving rundt eit hjørne.
Men eg er også ei jente
som er annleis.

Nei, seier du kanskje.
Du er lik alle andre.
Det er ein ganske vond ting å seie,
syns du ikkje?

– Anna

Når eg vaknar, ser eg i spegelen. I spegelen står det ei jente som ikkje er som alle andre. I spegelen står det også ei jente som er ein kopi av ein kvar nordmann. Det er den jenta alle får sjå. Den andre jenta er det berre eg som får sjå. Ho stirrar meg i auga kvar gong eg ser min eigen refleksjon. Ho har horn og spisse tenner. Ho har eit vondt glis og raude auge. Ho har flammar i irisane og ord av terror på tunga. Ho er det berre eg som får sjå.

Når eg går blant verdas befolkning ser eg ut som enda ein nål blant hundre tusen nåler, men på innsida har eg venger. På innsida har eg svart, stritt og flisete hår. På innsida hyler eg så det gjallar i husveggane. Men innsida er det ingen som får sjå.

Når menn i blått spring igjennom mengda, er det ikkje ein einaste som tenkjer at det er meg dei jaktar på. Og det er jo eigentleg ikkje meg dei jaktar på, heller. Det er ho. Det et jenta inni auga mine, som har blod på hendene og skjebnane til fire unge i baklomma. Det er jenta som styrer meg, likeins som ein dokkemester. Det er jenta som dreg i snora. Det er ikkje meg, men det er meg dei tek.

Det er jenta eg har i auga som stakk, men det er eg som sit i ein hard stol med handjern på hendene. Det er jenta eg har i auga som har svara, men det er eg som må svare. Det er jenta eg har i auga som drap, men det er eg som må ta imot domen. Ho ler. Eg gret.

Sånn har det bestandig vore.

 

Kristine Moltubakk Ræstad går i 8. klasse ved Midsund skule og er poet og novellist.