Dette er årets OD-prosjekt: – Heilt fantastisk

Elevrepresentantar frå heile landet skulle tysdag røyste fram årets OD-prosjekt. Det blei prosjektet «Rett til å lære – ungdom tek kampen for trygge og rettferdige skular i Sør-Afrika».

Einar Nygaard
Publisert

– Dette er det vår skule har røysta på, og eg gjekk opp og debatterte for prosjektet. Eg er utruleg nøgd, og eg trur skulen min også er det.

Det seier Sofie Holst (17) til Framtida.no når vi vitjar Elevtinget. Ho er representant for Nannestad videregående skole.

Sofie Holst (17) er representant for Nannestad vidaregåande skole. | Foto: Einar Nygaard

Elevorganisasjonen har denne veka sitt årlege landsmøte, elevtinget. Dei røysta i går på kva prosjekt dei ville at skulane deira skulle jobbe for på årets OD-dag.

Etter to rundar votering, falt valet på å støtte ungdom som kjempar for tryggare skular i Sør-Afrika.

– Eg synest det som er så bra med prosjektet, er at det støttar skoleelevar, og deira tilgang til ein trygg skule. Når Elevorganisasjonen står for verdas beste skule, då burde vi prøve å få fleire skuleelevar til å ha same moglegheiter, seier Holst.

Prosjektet blir gjennomført av SAIH og Norsk Folkehjelp, saman med den sørafrikanske grasrotorganisasjonen Equal Education. Dei kjempar for ei betre og meir rettferdig utdanning i Sør-Afrika.

Over 5000 ungdommar i Sør-Afrika vil få opplæring i leiing, organisering og rettane deira. Dei skal kartleggje forholda på skulane deira, mobilisere elevar og jobbe for politisk endring. Det kan forbetre utdanninga til millionar av elevar, seier SAIH i ei pressemelding (pressemeldinga? er det same pressemelding?).

Betyr mykje for ungdom

– Det er heilt fantastisk!

Det seier Kjersti Jahnsen Mowe, leiar for programavdelinga i SAIH, om å bli tildelt årets OD-prosjekt.

– Det er ekstra spesielt på grunn av Equal Education. Vi har hatt dialog med dei i heile dag, og dei er kjempeglade no, seier Mowe.

I ei pressemelding seier Masechaba Ntsane, nestleiaren i det nasjonale rådet i Equal Education, at dei no kan få større makt til å endre skulesystemet.

– Når elevar organiserer seg rundt det dei opplever i kvardagen, blir krava deira sterkare og vanskelegare å ignorere, seier Ntsane.

Kjersti Jahnsen Mowe, leiar for programavdelinga i SAIH. | Foto: Einar Nygaard

Sjølv om Sør-Afrikas grunnlov garanterer rett til utdanning, er verkelegheita ei heilt anna, heiter det i meldinga.

– Sør-Afrika er eit land med enorme skilnader, og etterverknader av eit rasistisk styresett. Så det betyr mykje å kunne bidra til at unge får bruke røysta si, engasjere seg politisk, styrke eiga utdanning og sikre eiga framtid, seier Mowe.

Gler seg til å kome i gang

Ny leiar i OD, Kristin Sofie Hauge Mansaray (19), seier det blir utruleg stas å få jobbe med Norsk Folkehjelp og SAIH.

– Det er utruleg kult at ungdom i Noreg har løfta stemma si for dette prosjektet. Alle har rett på ein trygg og god skulekvardag, og ungdom i Sør-Afrika har sagt at no er det nok.

– Dei vil ha gode og meir rettferdige skular som ikkje fell frå kvarandre. Og ungdom i Noreg har sagt at det har dei lyst til å vere med å støtte. Det synest vi er heilt fantastisk, seier ho.

Mansaray seier fellesskap er kjernen av Operasjon Dagsverk.

– Når vi er av og for ungdom, er det heilt essensielt at ungdom bestemmer prosjektet.

Kristin Sofie Hauge Mansaray tek over for Bjørn Andreas Gundersen som ny OD-leiar. | Foto: Einar Nygaard

Ho seier det neste dei no må gjere er å utvikle ein kampanje som dei kan ta med til skulane i Noreg.

– Då skal vi jobbe vidare med samarbeidet med organisasjonane i Noreg og Sør-Afrika, og så formidle det til skulane, slik at så mange som mogleg vil jobbe for prosjektet, avsluttar ho.