Twitch får kritikk for å trene KI med strøymar-innhald
Som grunninnstilling kan Twitch no nytte kontoen din til å trene kunstig intelligens. Lenger ned i saka kan du sjå korleis du skrur det av.
Strøymetenesta Twitch innførte nyleg KI-trening på brukarane sitt innhald, skriv nettstaden Kotaku. Straumar, videoar, klipp, chattar, bilete og tekst på kanalen blir nytta til å trene Amazon sine KI-modellar.
Det er mogleg å melde seg av KI-treninga, men om ein nyttar chatten til nokon som ikkje har meldt seg av, vil det materialet bli nytta til trening av KI.
Twitch now uses your channel to train generative AI by default.You can opt out of some training here: www.twitch.tv/settings/sec…
— Zach Bussey 🍁 (@zachbussey.tos.gg) 2026-08-12T16:16:45.775Z
Under ein offisiell strøym om KI-treninga fekk produktsjef Mike Minton spørsmål om kvifor ein må velje det bort, i staden for å kunne velje å bli med.
– Vel, det er eit ærleg svar. Og eg trur dei fleste av dykk vil forstå dette: Om ein måtte melde seg på, ville ingen gjort det. Det er ærleg talt svaret. Så det kjem til å vere på som standard.
Mary Kish, nettsamfunnsansvarleg hjå Twitch, seier ho ikkje trur Twitch kan fungere utan nokon former for KI. Ho seier ho sjølv har meldt seg av, men seier KI no nyttast over alt.
🤖 Slik skrur du av KI-trening
- Klikk på profilbiletet ditt øvst til høgre
- Gå til Innstillingar
- Gå til Sikkerheit og personvern
- Bla deg ned på sida til du ser boksen for Trening av generativ KI, og klikk bort krysset.
Upopulær avgjerd
Avgjerda har møtt mykje motstand. I eit forum der brukarar kan foreslå endringar og oppdateringar til plattforma, er det no mange som uttrykker misnøye.
– Fjern generativ KI som skrapar brukardata, seier ein brukar.
– Det heiter steling.
Då ein i kommentarfeltet peikte på at brukarar er veldig negative, sa produktsjef Minton at dei ikkje er «tonedøve».
– Vi veit kor nettsamfunnet står. Tilbakemeldingane har vore ganske klare.
På spørsmål om kvifor ingen har fått ein e-post om endringane, sa Kish at «det er eit godt spørsmål».
– Ikkje alle les e-postane sine, seier ho.
they know we don't want it. they do not care.
Større trend
KI-trening på digitalt innhald er ikkje noko nytt, og store mengder med innhald har og blir nytta til trening av KI. Det skjer både med og utan tillating frå brukarane.
Mellom anna har Google gjort det klart at dei ser på KI-trening «som ein kunststudent som tek inspirasjon frå å gå gjennom eit galleri», og meiner det bør vere tilgjengeleg for alle.
Det er sannsynleg at KI ikkje vil forsvinne heilt frå Twitch, sjølv om nettsamfunnsansvarleg for plattforma hintar til at det kan kome endringar om trykket blir stort nok.






