Vekas viktigaste: Hets og varsel i ungdomspolitikken
Få med deg kva som har skjedd denne veka. Kollasj av Framtdia via Canva. | Foto: AP Photo/Ryan Sun/File, Amanda Pedersen Giske / NTB, Terje Bendiksby/NTB
Vil du henge med i samtalen om kva som har skjedd den siste veka? Les deg opp på nokre av vekas viktigaste nyheiter!
Lars Barstad Løvold skriv i eit innlegg på Instagram at han trekker seg som leiar av Framstegspartiets Ungdoms (FpU). Avgangen kjem etter at ungdomspartiet onsdag stadfesta eit varsel mot Løvold. Ifølgje TV 2 handlar varselet om uønskt seksuell merksemd mot ei 17 år gammal jente og skjenking av alkohol.
På Instagram skriv Løvold at han overhovudet ikkje kjenner seg att i påstandane som er retta mot han, men at det er vanskeleg å halde fram som leiar slik saka har utvikla seg.
FpU har i tillegg stått i fleire andre saker den siste tida. Partiet har blitt kritisert for alkoholbruken på sommarleiren, der politiet også rykte ut etter melding om ei valdtekt. Saka vart seinare lagt bort på bevisets stilling.
Leiar Lars Barstad Løvold i FpU går av etter ei varslingssak. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Hets mot AUF-leiaren
Eit anna ungdomsparti har òg prega nyheitsbiletet den siste veka. AUF la tysdag fram eit utval kommentarar med grov hets og trugslar mot AUF-leiar Gaute Skjervø.
AUF skal ha gått igjennom over 30 000 kommentarar i etterkant av eit utspel Skjervø hadde under Arendalsveka om ytringsklima, kommentarfelt og mediet Document.no. Fleire av kommentarane spelar på terroråtaket 22. juli 2011, som Skjervø overlevde.
Tidlegare Unge Høgre-leiar og noverande Høgre-nestleiar Ola Svenneby tok eit oppgjer med AUF-hetsen i eit innlegg på Facebook, og kalla behandlinga av Skjervø uakseptabel.
AUF melde fleire av kommentarane inn til Politiets tryggingsteneste (PST), som denne veka la bort fleire av sakene.
Gaute Skjervø, her frå årets sommarleir på Utøya. | Foto: Terje Bendiksby/NTB
Ny, stor rettssak mot Meta
29 amerikanske delstatar har saksøkt Meta, eigarane av Facebook og Instagram. Dei krev erstatning på opp til 9500 milliardar kroner for brot på lover som beskyttar barns personvern, og for avhengnadsskapande produkt retta mot unge. Det skriv NRK.
I tillegg til erstatning, krev delstatane endringar i funksjonar som algoritmar og automatisk video-avspeling. Rettssaka held på no i California.
Dette er den siste saka i ei rekke søksmål mot selskapet. Tidlegare i sommar blei Meta dømt av staten New Mexico til å betale i underkant av 567 millionar dollar til eit fond for psykisk helse for ungdom. Det kjem i tillegg til ei bot på 375 millionar dollar i same stat frå tidlegare i år, og ei oppreisning på 4,2 millionar dollar i ein dom frå Los Angeles i mars.
Meta avviser skuldingane retta mot dei.
Meta-sjef Mark Zuckerberg frå ei liknande rettssak tidlegare i år. | Foto: AP Photo/Ryan Sun/File
Rekorddårleg togsommar
Denne sommaren ligg an til å bli den verste togsommaren på fem år, skriv NTB. Målsettinga til regjeringa er 90 prosent punktlegheit, medan talet i august er nede på 80,1 prosent. Det vil seie at eitt av fem tog har vore forseinka.
Totalt i år har 87,1 prosent av toga i landet vore i rute.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) kalla onsdag Bane NOR og Jernbanedirektoratet inn til hastemøte om forseinkingane.
Nygård seier forseinkingane delvis er eit resultat av at mange nyttar toget, men at ein ikkje har klart å halde tritt med vedlikehald og kjøp av nye tog.
Konsernsjef i Bane Nor, Agnete Johnsgaard-Lewis, beklagar forseinkingane, og seier det ikkje er slik det skal vere.
– Vi set verkeleg økonomien og landets framtid i fare, uttalar administrerande direktør i Peter G. Peterson Foundation til CNN.
I ein tidlegare prognose var det venta at statsgjelda kom til å stige til 39 400 milliardar dollar før utgangen av 2026. E24 skriv at ei viktig årsak til auken er at høgsteretten i USA i februar underkjende president Donald Trumps tollsatsar.
USA si statsgjeld tilsvarar no meir enn 17 oljefond. | Skjermdump: Peter G. Petersen Foundation
Lyspunkt: Gode resultat i kreftvaksinestudie
Ein mogleg mRNA-vaksine mot vondarta føflekkreft har hatt lovande resultat i ein studie, melder legemiddelselskapet Moderna og samarbeidspartnaren Merck.
Dei førebelse resultata viser at ein personleg tilpassa mRNA-vaksine med immunterapilegemiddelet Keytruda bidreg til å redusere vondarta melanom, også kjent som føflekkreft, meir enn bruk av Keytruda aleine, skriv NTB.
Behandlinga blir kalla Intismeran. Forsøka viser førebels at behandlinga både greier å redusere tilbakefall og å redusere spreiing.
Ifølgje Nettavisen håpar Moderna at behandlinga kan kome på marknaden i 2027.
Ein mRNA-vaksine jobbar gjennom genetisk kode, og instruerer kroppen til å lage bitar av viruset sjølv. | Illustrasjonsfoto: CDC/Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.