Éin av fire studentar får månadleg hjelp heimanfrå: – Skremmande tal

Heile sju av ti studentar får økonomisk stønad frå familien i løpet av eit studieår.

NPK-NTB
Publisert

Éin av fire studentar får økonomisk hjelp frå familien kvar månad. Norsk studentorganisasjon (NSO) kallar tala skremmande og seier dette viser at studiestønaden ikkje strekkjer til.

Ti prosent til får hjelp fleire gonger i månaden. Det kjem fram i ei undersøking Sentio Research har gjennomført for Khrono og Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Dette er skremmande tal. Når studiestønaden ikkje strekk til, så må noko fylle gapet. For mange er det foreldra, og for mange blir det fleire timar på deltidsjobb og færre på studia, seier NSO-leiar Eva Franko Aas til Khrono.

I alt svarer sju av ti studentar at dei får økonomisk stønad frå familien. 34 prosent får hjelp nokre gonger i året, medan 30 prosent aldri får stønad.

Blant dei som ikkje får hjelp heimanfrå, svarer rundt halvparten at dei ikkje har trong for det. Av desse ønskjer 28 prosent å klare seg sjølve, medan 10 prosent seier familien ikkje har råd til å bidra.

Økonom Hallgeir Kvadsheim meiner det kan vere sunt å ønskje å klare seg sjølv, men understrekar at studentar som får hjelp, ikkje gjer noko gale.

– Det er vanskeleg å klare seg som student utan deltidsjobb i dei store byane.

Han rår studentar til å passe på inntektsgrensa for stipend. I 2026 er grensa 234.821 kroner for dei som får stønad i meir enn sju månader. Tener studenten meir, kan delar av stipendet bli omgjorde til lån.

Undersøkinga vart gjennomført blant eit utval på 1004 studentar over 18 år mellom mai og juli i år.