Sara Ude Hasle er ny leiar i Sosialistisk Ungdom

– Vi treng nokon som torer å ta kampen for ei betre framtid, seier den nye SU-leiaren.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Artikkelen er oppdatert kl 15.35 med kommentar frå Sara Ude Hasle.

24 år gamle Sara Ude Hasle frå Vestfold tek over leiarposisjonen etter Audun Hammer Hovda.

Jonas Aleksander Foldnes og Maja Elise Winge er valde som høvesvis første og andre nestleiar i SU.

– Når unge slit med å komme seg inn på bustadmarknaden, når matprisane aukar, når klimakrisa herjar i heile verda, då treng vi nokon som torer å ta kampen for ei betre framtid – og det er Sosialistisk Ungdom, skriv Hasle i ein SMS til Framtida.

Den nye leiaren skriv at ungdomspartiet har diskutert og vedtatt mykje ny politikk på landsmøtet som ho gler seg til å jobbe med dei neste to åra.

Hasle var gjest i Politisk kvarter på NRK onsdag morgon.

SU har som oppdrag å dra SV i ei anna retning, og vi skal vere partiets salt. Vi skal tore å ta dei ekstra radikale meiningane, sa ho der. 

Hasle understreka at SU er einig i mykje av politikken til SV, og har god kommunikasjon med moderpartiet, men at ein kan vere ueinig i prioriteringar.

– Ei sak vi er veldig ueinige om, er at SU har lyst til å legalisere cannabis, sa ho på NRK.

Programleiar Bjørn Myklebust utfordra SU-leiaren på formuleringa i prinsipprogrammet til SU, kor ungdomspartiet vert skildra som ei «revolusjonær grasrotrørsle».

– Det handlar om at vi skal ha makt til folket og bruke verktøy som aktivisme for å få gjennomført måla sine, og at det ikkje alltid må skje parlamentarisk, sa Hasle.

Ho viste til at miljørørsla har fått siger i saka om Førdefjorden gjennom aktivismen sin.

Nytt sentralstyre:

Leiar: Sara Ude Hasle
1. nestleiar: Jonas Aleksander Foldnes
2. nestleiar: Maja Elise Winge
Generalsekretær: Mina Minaie

Feministisk talsperson og 1. vara til arbeidsutvalet: Tuva Wathne
Antirasistisk talsperson: Bella Jørgensen
Fagleg talsperson: Bendik Forsaa Gjeving
Miljøpolitisk talsperson: Vivian Kaulen Nedenes
Internasjonal talsperson: Guro Steinsholt
Sentralstyremedlem: Sunniva Jacob Svenkerud, Julie Risøe og Anton Andreassen.