Denne veka starta rettssaka mot Djordje Wilms (18) som tok livet av Tamima Nibras Juhar. Juhar vart drepen i slutten av august i fjor då ho var på jobb på ein institusjon der det budde personar som har vore i barnevernet. Wilms var ein bebuar.
Den første dagen erkjente den tiltalte 18-åringen straffskuld for drap, skriv NRK.
Statsadvokaten seier i innleiinga at drapet er rasistisk motivert, og den tiltalte seier sjølv at han var inspirert av blant anna Philip Manshaus, Anders Behring Breivik og har vore fascinert av Nazi-Tyskland, skriv Filter Nyheter.
Wilms er tiltalt for drapet, men ikkje for terror, fordi dei ikkje har godt nok bevis for at det var ein del av motivet hans, ifølgje politiadvokaten.
Rosetoget for Tamima på veg gjennom Torggata i Oslo sentrum 31. august 2025. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Blanda signal om fredsforhandlingar med Iran
Den amerikanske presidenten Donald Trump har sagt at ein kan vente seg ein fredsavtale med Iran innan helga, men utanriksministeren i Iran seier det ikkje har vore nokon stor framgang i forhandlingane, ifølgje CNN.
Libanon og Israel har sagt at dei kan akseptere ei våpenkvile så lenge den væpna gruppa Hizbollah sluttar med åtak. Hizbollah held til i det sørlege Libanon, mot grensa til Israel, og er alliert med Iran.
USA ønsker å skilje mellom konflikten mellom Israel og Hizbollah, og krigen med Iran, men styresmaktene i Iran meiner konfliktane er kopla saman, skriv BBC. Israel held fram med åtak i Libanon mot Hizbollah, blant anna med dronar, og Iran ønsker ikkje å akseptere ei avtale medan det føregår.
Menneske i Iran feirar den sjia-muslimske høgtida Eid al-Ghadir. Dei har både det iranske flagget og flagg som er kopla til den væpna gruppa Hizbollah. | Foto: AP Photo/Vahid Salemi
Ny regjering i Danmark
Mette Frederiksen, fungerande statsminister i Danmark og leiar i partiet Socialdemokratiet, har no presentert den nye regjeringa si.
Det er venstrepartia Socialdemokratiet (S) og Socialistisk Folkeparti (SF), og sentrumspartia Moderaterna (M) og Radikale Venstre (R) som dannar ein koalisjon, ifølgje danske TV2.
Dette skjer etter fleire rundar med mislykka forhandlingar, godt over to månader etter valet i slutten av mars. Det blir Frederiksen sin tredje periode som statsminister.
Den nye regjeringa i Danmark. | Pressefoto: Statsministeriet i Danmark
Russen blir beden om å gi tilbake laserutstyr
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSB) har oppmoda russen til å slutte å bruke laseranlegg og levere utstyret til utleigarane, skriv Nettavisen og NTB.
Totalt har fire russ fått augeskadar den siste tida på grunn av laserutstyret som blir brukt på russefeiringar. DSB har difor pålagt at all bruk av utstyret stansar, og politiet etterforskar saka.
DSB har også pålagt verksemdene som leiger ut til russ å sende inn all dokumentasjon dei har på laserutstyr.
Mange russebussar har framleis laserutstyr montert på køyretøya.
Illustrasjonsfoto av russ og russefeiring. | Foto: Lise Åserud / NTB
Det verste klimascenarioet er fjerna
FN sitt klimapanel (IPCC) har lagt bort det dei tidlegare meinte kunne bli det verst tenkelege scenarioet for klimaendringar, ifølgje NRK. Dette scenarioet, også kjend som RCP8.5 eller SSP5-8.5, tok utgangspunkt i at ingenting endrar seg. Då gjekk forskarane ut frå at verda kunne bli 4,5 til 5 grader varmare i 2100 samanlikna med tida før industrialiseringa.
Grunnen til at dei ikkje lenger trur det skjer er fordi det har blitt billigare med fornybar energi, fleire land har ein annan klimapolitikk, og det blir kutta i CO₂ utslepp. Difor kjem FN truleg ikkje til å inkludere dette scenarioet i sin neste store klimarapport.
Det tyder ikkje at det ikkje skjer klimaendringar. Utsleppa aukar framleis, men ikkje like mykje som for nokre tiår sidan.
Fleire vindmøller gjer klimasituasjonen litt betre. Kutt i CO2-utslepp gjer at FN kan fjerne det verste klimascenarioet frå spådommane for framtida. | Foto: Tim van der Kuip via Unsplash
Budapest Pride får løyve til parade frå politiet
Pride-toget i Budapest har fått løyve frå politiet til å gå gjennom hovudstaden sine gater.
Det er ei heilomvending frå i fjor, då den ungarske nasjonalforsamlinga vedtok ei lov som gjorde det ulovleg med pride-arrangement, støtta av dåverande statsminister Viktor Orbán. Lova opna også for at styresmaktene kunne bruke programvare for ansiktsgjenkjenning for å identifisere dei som braut forbodet.
Endringa kjem etter valet der Viktor Orbán og partiet hans Fidesz mista makta, og Péter Magyar med partiet Tisza tok over som styringsparti. Mange håpar at Magyar kjem til å fjerne lovene som var innførte av Orbán og er retta mot LHBT-personar.
Det vart ei pride-markering i Budapest i 2025, trass i forbod frå styresmaktene. I år får dei løyve frå politiet. | Foto: AP Photo/Rudolf Karancsi
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.