Den nyvalde SNU-leiaren drøymer om frigjering frå patriarkatet og vil ta opp kampen mot «anti-rettar».
– Det er veldig, veldig spennande. Eg trur det blir mykje å jobbe med i løpet av det neste året, men vi jobbar jo med viktige saker som vi ønskjer å løfte opp og fram. Det er det eg gler meg mest til.
Det seier Hanne Gustavsen (25) om det nye leiarvervet. Ho blei nyleg vald inn som ny leiar av Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU) på landsmøtet deira i april.
Viktige saker på landsmøtet
– Det var god stemning. Det er jo nokre nye, så det var litt å bli kjent, og finne ut korleis vi skal jobbe framover, fortel ho om landsmøtet.
Hanne Gustavsen
Alder: 25
Personlege pronomen: Ho/henne.
Frå: Jessheim.
Utdanning: Bachelor i internasjonale relasjonar og politikk, og snart ferdig med ein master i «Peace and conflict studies» frå Universitetet i Oslo.
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag og historie.
Ulike verv: Sat i studentrådet i England og var aktiv i studentforeininga der.
Medlem i: SNU og Sex og politikk.
På landsmøtet vedtok dei eit heilt nytt kapittel i si politiske plattform om digitalt samtykke.
– Det handlar eigentleg om grensesetting, kunstig intelligens og deepfakes. Vi ser jo at dette er eit felt som utviklar seg veldig raskt, og vi meiner difor at det er veldig viktig å følgje opp med tydelege lover og retningslinjer.
Den neste store kampen er mot «anti-rettar» internasjonalt, altså tilbakeslag mot etablerte rettar. Det kan til dømes vere tilgang til prevensjon og abort.
– Vi ønskjer å poengtere at det er viktigare no enn nokon gong at Noreg går framfor som eit godt eksempel i forskjellige innanriks- og internasjonale forum, og prøve å jobbe for at dette ikkje får eit breiare fotfeste i det norske samfunnet.
Inspirert av sterke kvinner
– Eg ønskjer å vere ein engasjerande og inkluderande leiar, og ein leiar som jobbar med teamet sitt og ikkje styrer over det.
Gustavsen synest det er vanskeleg å seie om ho har eit førebilete.
– Eg ønskjer å gå ut frå kven eg er som person, og korleis eg ønskjer å vere. For meg er det viktigare å berre kjenne på kva som kjennest riktig for meg, enn at eg ser opp til nokon som skal vise vegen for meg.
Likevel har ho blitt inspirert av sterke kvinner i familien.
– Både ei mormor som har vore veldig høglydt om politikk, og ei mor som har stått framfor som ein støttespelar, og som har engasjert seg. Det er sterke kvinner eg ser opp til og ønskjer å gjere stolt.
Ny i organisasjonslivet
Engasjementet til Gustavsen har alltid vore der.
– Eg har vore oppteken av rettferd sidan eg var veldig ung. Så eg har på ein måte hatt ein slik underliggjande trong til å jobbe med mangfald, likestilling og inkludering. Ut ifrå forskjellige politiske utviklingar, ser eg at det er veldig behov for det.
– Både det og inspirasjon heimanfrå har gjort at eg har hatt lyst lenge til å engasjere meg meir.
No ønskjer ho å nytte året til det.
Koplar av i vatnet
Akkurat no er den største tidstjuven masteroppgåva hennar.
– Ho skal eg levere inn 15. mai, så det tek opp mykje av tida. Eg ser at det skal bli deileg å få fullført den, og kunne bruke tida på litt andre ting.
Når ho ikkje er på jobb eller skriv master, gjer Gustavsen noko heilt anna.
– Eg driv med fridykking og svømming. Eg har tidlegare vore aktiv svømmar då eg var ung, men driv meir med det som ein hobby no. For meg har det blitt den perfekte måten å kople av på, å vere i vatn så mykje eg kan.
Kor ho fridykkar kan variere.
– Det er mange fine innsjøar i Oslo og på Vestlandet. Og i utlandet, eg var nett på Filippinane og dykka.
Det er den finaste dykkeopplevinga til no.
– Vi dykka på ei øy som heiter Cebu, og der dykka vi saman med kanskje 10–15 store skjelpadder som berre var ute i det fri. Det var ei veldig spesiell og fin oppleving. Ein kjenner seg veldig audmjuk i møte med desse flotte dyra.
Drøymer om frigjering frå patriarkatet
Gustavsen held seg oppdatert ved å følgje med på forskjellige nyheitskanalar, lese bøker, og ved å høyre på podkast.
Då høyrer ho på litt forskjellig.
– Dagsnytt 18, eg følgjer med på VG og diverse radiokanalar gjennom NRK. Det kjem an på kva humør eg er i.
– Om du vaknar i morgon til di draumenyheit, kva er overskrifta?
– «Verdsleiarane samlar seg om ein handlingsplan mot antirettar-rørsla». Det er eit langsiktig mål, og noko eg håpar blir lagt meir vekt på i løpet av dette året og framover. At dei erkjenner litt kva som går føre seg innanfor desse grensene.
Idealsamfunnet til Gustavsen er eit samfunn som er raust, inkluderande og med plass til alle.
– Der vi har frigjort oss frå patriarkatet. Der folk kan vere seg sjølv. Vi må nok halde fram i kampen for å oppnå dette, og fokusere på likestilling og vise ekte solidaritet med dei som blir marginaliserte i samfunnet. Det er eit ideal eg håpar vi på eit eller anna punkt oppnår.
Middag med Gro
Om ho kunne velje nokon – levande eller død – å invitere på middag, ville SNU-leiaren vald Gro Harlem Brundtland.
– Tilbake til dette med sterke kvinnelege førebilete. Det er ei kvinne som både mormora mi, mamma og eg har heia på i alle år og sett opp til. Ho har gått framfor som ei veldig tydeleg røyst i eit veldig mannsdominert felt.
Til middag hadde ho servert indisk mat.
– Det er ein av mine favorittar. Eg veit ikkje om Gro hadde vore like glad i det som meg, men det hadde eg servert.
SNU-leiaren sine beste tips
– Kva for ei bok burde alle lese?
– For å halde oss inne på den anti-rettar-tematikken, så trur eg boka Who’s Afraid of Gender av Judith Butler. Den kom ut i fjor, og det er ei bok eg meiner alle burde lese. Den viser korleis autoritære leiarar nyttar motstand mot kjønnsmangfald som eit politisk verktøy for å avleie merksemda frå andre reelle samfunnsproblem.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Det er nok Paradise, på Disney+. Eg vil ikkje seie for mykje om den, for då spoilar eg veldig, men det er ein skikkeleg, skikkeleg bra serie, som eg trur mange vil like.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Ein gammal diskolåt som heiter Only You, av Steve Monite. Han diggar eg.










