– Eg kjempar for at «vi politikarar» skal få mindre makt, og folk der ute meir, seier den nye leiaren i FpU.
– Mitt politiske forbilde er Siv Jensen. Då eg skulle finne mitt politiske parti såg eg på alle moglege gamle partileiardebattar, og eg syntest Siv feia golvet med dei andre partileiarane.
Det skriv Lars Løvold (24), som vart vald som leiar av Framstegspartiets Ungdom (FpU) i april, på e-post til Framtida.no.
– Eg er utruleg stolt over at Framstegspartiet har hatt to sterke kvinnelege leiarar. Eg jobbar for å bli like god, tydeleg og samlande.
Den nye leiaren tok over kort tid etter Raud Ungdom valde sin eigen nye leiar, Alexandra Joy Øhrn Fredwall (19). Ho uttalte blant anna at ho ønsker å «knuse Frp».
– Kva synest du om den utsegna?
– Ho skal ha lykke til!
Lars Løvold
Alder: 24 år
Frå: Ålesund
Yrke/utdanning: Dataingeniør
Favorittfag på skulen: Fysikk
Ulike verv: Leiar i FpU og kommunestyrerepresentant i Ålesund
Medlem i: Framstegspartiet
Gøy å følgje etter Velle
24-åringen frå Ålesund var 1. nestleiar i partiet fram til han vart vald inn som leiar, med ansvar for politisk utvikling. Han studerer for å bli dataingeniør på NTNU i heimbyen. Det er helsepolitikk som fekk Løvold til å engasjere seg i ungdomspolitikken.
– Eg har sett kor uverdig eldreomsorg besteforeldra våre får som takk for å ha bygd det flotte landet vårt. Samstundes er det tallause som står i helsekø, berre fordi ideologi er viktigare for nokre enn at folk faktisk får hjelp.
No skal han fylle nokre ganske store sko, sidan Simen Velle er ferdig som leiar og er representant på Stortinget og ein del av utdanningskomiteen.
Ungdomspartiet fekk rekordvekst medan Velle var leiar, og styrte Frp inn til å bli størst i skulevalet i fjor.
– Korleis er det å skulle følgje opp etter Simen Velle som leiar?
– Det er berre gøy. Vi har samarbeidd godt i to år medan eg var nestleiar. Vi skal fortsetje å samarbeide godt no medan han er på Stortinget. Det er ein fantastisk bra jobb, så eg gler meg!
Sløsing med skattepengar
I 2026 fortel Løvold at det er bustad, skatt og arbeid som er dei tre viktigaste sakene for FpU.
– Generasjonen min har dei dårlegaste føresetnadene til å kome seg inn på bustadmarknaden nesten nokosinne. Det blir bygd altfor få bustader i Noreg, og det driv prisane opp.
Han meiner vi må gjere det lettare å bygge bustader ved å fjerne byråkrati og reguleringar som forseinkar prosessen.
I tillegg vil han redusere skattar og avgifter for alle.
– Spesielt for dei som har minst og som slit med å få kvardagen til å gå rundt. Det er ingen grunn til at skattenivået skal vere så høgt som det er no, når staten og politikarane på Stortinget uansett berre sløser det vekk på tull.
FpU-leiaren vil også gjere det lettare for unge å få sin første jobb ved å fjerne reguleringar som gjer det vanskeleg, og han vil gi eit løft til psykisk helsevesen.
– Arbeidsløyse blant unge har dobla seg på få år, og ekstremt mange unge står utanfor arbeidslivet på grunn av psykiske lidingar.
Meir makt til folket
På landsmøtet fekk FpU gjennomslag for å jobbe for skattekutt til familiar som får barn, noko Løvold meiner er ein spesielt viktig siger. Den neste store kampen blir å gi folk meir fridom i kvardagen.
– Eg kjempar for at «vi politikarar» skal få mindre makt, og folk der ute meir. Eg har ei grunnleggjande tru på at folk veit best sjølv korleis dei skal leve sine eigne liv.
Det inkluderer eigne pengar. Hjartesaka er at alle skal få behalde meir av pengane sine.
– I dag betalar vi skattar, avgifter og moms tilbake til staten uansett kva vi gjer. Det held ikkje at vi betalar ein høg skatt på arbeidsinntekta vår, men når ein skrur på straumen, fyller drivstoff eller handlar – så skal staten krevje endå meir. Det er feil.
Ingenting viktigare enn familie
Idealsamfunnet til Løvold tek utgangspunkt i den norske velferdsmodellen.
– Berre at vi faktisk skal prioritere dei viktige kjerneoppgåvene, i staden for alt anna. Det kan vi nå ved at fleire stemmer på Framstegspartiet!
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «FrP over 50 prosent oppslutning blant befolkninga!»

Å vere i leiinga av eit ungdomsparti som FpU tek ein del tid.
– Kva gjer du på fritida?
– Fritid?
Kva person, levande eller daud, han ville invitert på middag har derimot eit sikrare svar:
– Ingenting er viktigare enn familie, så bestefar! Eg hadde servert biff, med fløytegratinerte poteter, asparges og sjampinjong.
– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– Forbrytelse og straff av Dostojevskij. Utruleg god bok som ein aldri gløymer. Tung å lese i byrjinga, men det er verdt det.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Merlin (2008).

– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– We are the people av Empire Of The Sun.








