Iran og USA blei natt til onsdag einige om ei vilkårsbunden våpenkvile i to veker skriv BBC. I dei to vekene kan skip reise gjennom Hormuzsundet. Sundet er viktig for verdas oljetransport.
Israel og USA har angripe Iran og Libanon i fleire veker. Våpenkvila blei annonsert berre timar etter president Donald Trump trua med at «ein heil sivilisasjon vil døy i natt» om Iran ikkje opna sundet.
Som svar har libanesiske Hizbollah sendt rakettar mot Israel. Hizbollah har tette band til Iran.
Ei kvinne i Iran gret på ei markering for den tidlegare leiaren Ayatollah Ali Khamenei, som vart drepen i byrjinga av krigen. | Foto: AP Photo/Vahid Salemi
Historisk romferd
Romferja Artemis II har sirkla rundt månen, og er på veg mot jorda igjen. I banen rundt månen var dei lenger unna planeten vår enn noko menneske har vore før, heile 406 772,9 kilometer frå jorda.
Oppdraget varar i rundt ti dagar, og målet er å teste system ein treng før ei faktisk månelanding. Mellom anna testar dei system for å halde mannskapet i live, navigasjon og kommunikasjon.
Ingen menneske har vore utanfor jordas bane sidan Apollo 17 i 1972.
Astronautane gjorde eit intervju i rommet. | Foto: NASA via AP
Raudt-politikar sende truande meldingar
Raudt-politikar Mímir Kristjánsson blei førre veke meld for å sende truande meldingar til ein mann i 60-åra, skriv Aftenposten.
Kristjánsson seier han sende meldingane medan han var full på ferie i Spania. Dei skal ha blitt sende etter at personen mellom anna hadde kalla han «ynkeleg» i eit kommentarfelt. Kristjánsson trua med å banke personen.
Kristjánsson har fått ein reprimande av Raudt. Partisekretær Reidar Strisland seier til VG at meldingane var heilt uakseptable, men partiet vil ikkje ekskludere stortingspolitikaren.
Politiet har no lagt bort saka. Det gjer dei mellom anna fordi den fornærma ikkje ønskte at dei skulle gå vidare med saka.
– Sjølv om saka er lagt bort, betyr det ikkje at eg ikkje har gjort noko gale. Eg kjem framleis til å ta tak i meg sjølv og mi eiga åtferd framover, og er framleis djupt skamfull over det eg har gjort, seier Kristjánsson til Dagbladet.
Mímir Kristjánsson, her frå budsjettforhandlingane tidlegare i år. | Foto: Heiko Junge / NTB
Stor rettssak mot terrormistenkte i Nigeria
Tysdag denne veka starta det ei rettssak i Nigeria, der meir enn 500 menneske er skulda for å vere involverte i militante angrep, skriv BBC.
Dei mistenkte er skulda for å medverke til terror, særleg nordaust i landet, der gruppa Boko Haram starta eit opprør for 17 år sidan.
Så langt i år har fleire hundre menneske i Nigeria mista livet under angrep frå militante grupper.
Internasjonale observatørar er til stades i retten.
Ei gate i Nigeria etter eit bombeåtak. | Illustrasjonsfoto: AP Photo/Jossy Ola
Russiske ubåtar i norske havområde
Noreg og Storbritannia har stoppa russiske ubåtar i norske havområde i ein aksjon i Nordsjøen, skriv VG. Tre russiske ubåtar blei tvinga til å avbryte kartlegging av undersjøiske kablar og røyrleidningar.
Dei russiske tokta har gått føre seg i fleire veker.
– Vi ser at Russland vidareutviklar evna si til å kartlegge og sabotere kritisk infrastruktur på store havdjup, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til avisa.
Aktiviteten skjedde medan mange hadde merksemda retta mot Midtausten, påpeiker den britiske forsvarsministeren.
Aksjonen er no avslutta, og dei russiske ubåtane skal ha forlate områda. Det er ikkje funne bevis for skade på leidningar eller kablar.
Illustrasjonsfoto av ein russisk ubåt | Foto: Russian Defense Ministry Press Service via AP
Lyspunkt: «Baby-korallar» kan gi håp til Great Barrier Reef
Forskarar har samarbeidd med fleire selskap for å gro 40 000 baby-korallar, som har blitt sette ut i korallrevet Great Barrier Reef i Australia. Det skriv australske ABC.
Korallane blei grodd på land, eller samla frå ville korallegg og larvar, og blei monterte på spesiallaga verktøy for å plante korallane.
Arbeidet er ein del av eit tre år langt program som skal forsøke å gjenreise korallbestanden i Great Barrier Reef.
Great Barrier Reef | Foto: Jumbo Aerial Photography/Great Barrier Reef Marine Park Authority via AP
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.