Andrew Mountbatten-Windsor er sikta for å ha misbrukt stillinga si då han var ein offentleg tenesteperson. Politiet arresterte han torsdag på Sandringham, der han skulle feire 66-årsdagen sin, skriv TV 2.
Den tidlegare prinsen er mistenkt for å ha delt informasjon med overgrepsdømde Jeffrey Epstein då han var handelsrepresentant for Storbritannia.
I tillegg har han dukka opp fleire stader i Epstein-dokumenta knytt til seksualbrotsverk. Den tidlegare prinsen mista tittelen sin i fjor på grunn av desse koplingane, og skuldingar om overgrep mot då mindreårige Virginia Guiffre.
Politiet står vakt utanfor Sandringham etter å ha arrestert den tidlegare prinsen. | Foto: AP Photo/Alastair Grant
Ekspresidenten i Sør-Korea er dømt for kuppforsøk
Yoon Suk-yeol, den tidlegare presidenten i Sør-Korea, er dømt til livstid i fengsel for kuppet han prøvde å gjennomføre i 2024, ifølgje BBC.
Påtalemakta bad i utgangspunktet om dødsstraff for den tidlegare leiaren.
Tidlegare forsvarsminister Kim Yong-hyun vart òg dømt til 30 år i fengsel.
I 2024 prøvde Yoon å etablere militær unntakstilstand, men vedtaket vart oppheva av nasjonalforsamlinga nokre timar seinare, då representantane fekk kjempa seg inn i bygningen.
Den tidlegare presidenten og dei andre som er dømte, kan anke avgjerda.
Støttespelarar til den tidlegare sørkoreanske presidenten Yoon Suk Yeol i ein demonstrasjon utanfor retten. | Foto: AP Photo/Ahn Young-joon
Skyting i Bergen
Onsdag forskansa ein mann seg i eit hus nord i Bergen og fyrte av fleire skot mot politiet, skriv VG. Politiet fekk beskjed om dei første skota rundt klokka 9.
Folk i området vart bedne om å halde seg inne, inkludert ein skule. Politiet forsøkte å kome i dialog med mannen gjennom dagen, men fleire skot vart fyrte av.
Då mannen på nytt skaut mot politiet i 20-tida, gjekk dei inn med sprengvåpen og gass for å pågripe han. Huset han forskansa seg i tok fyr, og er no brent ned.
Mannen vart køyrd til sjukehuset etter at han vart arrestert. Han er sikta for grove trugslar med våpen. Det er ikkje rapportert nokon skadde frå hendinga.
Politiet på aksjon i Åsane i Bergen. | Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Ny studie viser høgare dødstal på Gaza
I løpet av dei 16 første månadane etter 7. oktober, mista over 75 000 personar på Gaza livet, ifølgje ein ny studie i det medisinske tidsskriftet The Lancet, skriv The Guardian.
Det er 25 000 fleire dødsfall enn det som tidlegare vart meldt om frå lokale styresmakter. Studien slår fast at andelen kvinner, barn og eldre blant dødsfalla rapporterte av styresmaktene, var rett, på 56 prosent.
Sidan Hamas gjekk til åtak på Israel 7. oktober 2023, og Israel invaderte Gazastripa etter det, har dødstala vore omstridde. Det endra seg førre veke, då det israelske militæret anerkjente at dei lokale helsestyresmaktene i det store og heile har rapportert korrekte tal.
Eit tre i ruinane til Khan Younis, ein by sør på Gazastripa. | Foto: AP Photo/Abdel Kareem Hana
Peru får sin åttande president i løpet av åtte år
Den fungerande presidenten av Peru, José Jerí, vart avsett etter berre fire månader i vervet, ifølgje BBC.
Jerí måtte gå på grunn av ein skandale knytt til fleire møte med ein kinesisk handelsmann utanom jobbtida.
José Balcázar er vald inn som president av nasjonalforsamlinga og blir den åttande presidenten på like mange år, ifølgje NTB. Seks av dei tidlegare presidentane har gått av eller blitt avsette på grunn av korrupsjon, kuppforsøk eller demonstrasjonar.
José María Balcázar kort tid etter han vart vald inn som president av dei folkevalde i Peru. | Foto: AP Photo/Gerardo Marin
Lyspunkt: Klæbo er tidenes vinterolympiar
Johannes Høsflot Klæbo tok sitt tiande OL-gull, og sitt femte gull i OL i Cortina og Milano denne veka.
Han er også utøvaren som har vunne nest mest i OL, under symjaren Michael Phelps, med sine 23 gullmedaljar. Klæbo har også ein sjanse til å ta endå eit gull søndag, på femmila.
Johannes Høsflot Klæbo under lagsprinten under vinter-OL. | Foto: Terje Pedersen / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.