Då Gisken Armand var 20 kom ho nesten inn på teaterhøgskulen og hang på Club 7.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg vart kjærast med Ole Lillo Stenberg, som eg no har vore gift med i over 40 år.

Det er det sterkaste minnet for Gisken Armand (63) frå 1982, skriv ho på e-post til Framtida.no. Ho skildrar hendinga som livsagjerande, og fortel at ho var sinnsjukt forelska.

Ho gjekk frå ein sosialradikal oppvekst, til 80-talsstemning på vestkanten med kjærasten sin, og eit persongalleri som minte om kavaleren på Ekeby i Gøsta Berlings saga, ein nyromantisk svensk roman frå slutten av 1800-talet av Selma Lagerløf.

– Veldig morosamt. Eg vart utfordra på alle måtar. Landa etter kvart godt i meg sjølv. Han òg.

Visste kva ho ville

Sommaren ho var 20 spelte Gisken Armand i Marispelet. | Foto: Privat

I dag er Armand tilsett som skodespelar ved Nationaltheatret, og er frå slutten av januar aktuell med framsyninga Sykdom og Sosial Nød på Torshovteatret. Ho har vore på kinolerretet i Kristin Lavransdatter og på TV-skjermen i Julekongen.

Då ho var 20, i 1982, var det mykje forskjellig som føregjekk i livet hennar.

– Eg kom heim frå Frankrike etter eit opphald der då eg var 19 år. Vart 20. Det vart slutt mellom meg og kjærasten min etter kvart. Eg lærte mykje og hadde det gøy på eit par turnear som sufflør og teknikar på Riksteatret.

På sommaren spelte ho i Marispelet i Telemark med Stein Winge som regissør, og kom nesten inn på det som då heitte Statens teaterskole, og som i dag er kjent som Teaterhøgskolen.

– Eg hadde ikkje førebudd meg bra nok, men eg kom inn året etter.

Det var inga tvil om kva ho ville. Målet var å bli skodespelar.

Popmusikk og litteraturklassikarar

På fritida skreiv ho i dagboka si, og ho las. Heile tida.

– Dostovskjevskijs Idioten. Og Kjell Askildsens Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten. Jon Fosse debuterte med Raudt, svart. Dag Solstad med Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land, ramsar ho opp.

Alle desse bøkene var viktige for Armand.

Samstundes gjekk 80-talsklassikarar som «Sweet Dreams (Are Made of This)» av Eurythmics og «Lets Dance» av David Bowie i bakgrunnen.

– Elles høyrde eg alltid på Crosby Stills & Nash, Young, Supertramp, Bob Dylan, Fred Åkerstrøm og Cornelis Wreeswjiik.

Lange brev og utestader

Medan ho levde turnélivet som skodespelar, fekk ho ikkje budd skikkeleg i leilegheita ho leigde i Elisenberveien på Frogner. 

Lange brev var måten Gisken Armand heldt kontakten med venar andre stader. | Foto: Privat

Det var derimot tid til å henge på utestadene Jazz Alive, Casino, Theatercaféen, og ikoniske Club 7.

Samstundes heldt ho kontakt med venar på gamlemåten.

– Eg skreiv brev til venar som var spreidde rund omkring i samband med utdanning. Sånn heldt vi kontakten: Ærlege, fine og lange brev.

Ville lytta til seg sjølv

Ho minnest den stadig trugande kalde krigen, men at ho ikkje var redd.

Verda byrja også å vere trøytt av modernisme, og nye retningar braut seg fram.

– Det var noko snakk om postmodernisme og Derrida trur eg, allereie då. Han braut ned heilskap og framheva fragment.

Det same skjedde på teaterscena.

– Cecilie Løveids Vinteren revner var ein ny type dramatikk. Ja til alt som er nytt. Nei til slapp kopi av gammal genial dramatikk.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville vel ikkje fortald 20-åringen Gisken noko, men eg ville lytta og late ho snakke av seg nokre forsvarsverk.

Postmodernismen sneik seg inn i verda til Gisken Armand. | Foto: Privat