KI-utval slår alarm: Vil skrote heimeeksamen
Ekspertutval åtvarar mot heimeeksamen og andre vurderingsformer der det er vanskeleg å kontrollere kven som faktisk har skrive oppgåva.
Utvalet tilrår at universitet og høgskular sluttar å bruke heimeeksamen, mappeoppgåver og andre ikkje-kontrollerte innleveringar som einaste vurderingsform.
Bør kombinerast med utspørjing
– Institusjonane skal gå gode for kva ein student har lært. Dersom dei berre bruker heimeeksamen, kan dei ikkje det, seier Malthe-Sørensen.
Ifølgje utvalet bruker rundt halvparten av studieprogramma slike vurderingsformer i dag.
– Viss heimeeksamen skal førast vidare, bør han kombinerast med til dømes munnleg utspørjing, seier han.
Stor fare for feil
Utvalet frårår også bruk av KI-detektorar for å avsløre juks.
– Faren for feil er så stor at vi meiner det ikkje er forsvarleg å bruke dei. Det er ein fare for rettstryggleiken til studentane, seier Malthe-Sørensen.
I fjor vart 116 studentar felte for KI-juks, ifølgje Khrono. Fleire saker har seinare vorte omgjorde etter klage.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) ventar at råda får konsekvensar.
– Dette er ein svært viktig rapport. Eg vil sterkt oppmode institusjonane til å følgje tilrådingane, seier ho.







