Seks veker etter at landa signerte ein fredsavtale, var det måndag igjen åtak på grensa mellom Thailand og Kambodsja.
NRK skriv at Thailand gjennomførte luftåtak langs grensa, og fleire hundre tusen har dei siste dagane blitt evakuerte på begge sider av grensa. Dei to landa skuldar kvarandre for å ha brote avtalen om våpenkvile, som vart framforhandla av USA og signert i oktober. Grensestriden har vart i over hundre år.
Thailands statsminister Anutin Charnvirakul seier det ikkje blir nye forhandlingar og at Kambodsja må lyde dei for å få slutt på kampane.
Kambodsja ber FNs sikkerheitsråd om å gripe inn, melder NTB.
Flyktningar frå konflikten mellom Kambodsja og Thailand i Oddar Meanchey-provinsen. | Foto: AP Photo/Heng Sinith
Over hundre personar drepne i barnehageåtak i Sudan
Ifølgje NRK vart barnehagen først angripen med missil frå dronar. Då foreldre og helsearbeidarar kom til staden, blei dei også angripne.
BBC skriv at at den paramilitære gruppa The Rapid Support Forces (RSF) blir skulda for å stå bak åtaket, men dei har førebels ikkje tatt på seg ansvaret.
Barnehagen ligg i byen Kalogi i regionen Kordofan, som no er sentrum for kampane i krigen. RSF melder denne veka at dei har tatt kontroll over landets største oljefelt, som ligg sør i Kordofan.
Kart frå Datawrapper.
María Corina Machado tildelt Nobels fredspris
María Corina Machado er denne veka i Noreg for å ta imot Nobels fredspris. Det var lenge usikkert om ho kom til å dukke opp, og ho fekk verken med seg prisutdelinga eller fakkeltoget. Ho har levd i skjul i Venezuela sidan i januar, skriv NRK. Machado vann prisen for arbeidet hennar for demokrati i landet.
Fredsprisvinnaren kom til Oslo natt til torsdag. Ho fortel at ho fekk hjelp frå folk i Venezuela og USA for å kome seg til Noreg.
– Eg vil takke alle dei som har risikert livet sitt for at eg kan vere her i dag, sa Machado.
Machado har blitt kritisert for forholdet sitt til Trump og USA. På spørsmål om ho støttar ein amerikansk militær invasjon i Venezuela, svarar ho at Venezuela allereie er invadert.
Maria Corina Machado ved Grand Hotel i Oslo natt til torsdag. | Foto: Lise Åserud / NTB
Smuglarballongar frå Belarus i Litauen
Litauen erklærer unntakstilstand på grunn av smuglarballongar frå Belarus.
Ballongane blir brukte til å smugle sigarettar. Regjeringa meiner ballongane trugar den offentlege sikkerheita og at det er gjort for å forstyrre, skriv NRK.
Trafikken ved landets to største flyplassar har ved fleire høve blitt stoppa på grunn av ballongane.
Presidenten i Belarus, Aleksandr Lukasjenko, meiner Litauen overdriv hendingane, og skriv på Telegram at dei ikkje ønsker krig med nabolanda.
Ei grensevakt inspiserer ein ballong brukt til å frakte sigarettar inn i Litauen. | Foto: State Border Guard Service via AP, File
Noreg opnar for asylmottak i utlandet
Noreg opnar for å vurdere asylmottak i utlandet, opplyser justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) til NRK i samband med eit møte i Europarådet i Strasbourg.
Det gjeld både søknader om opphald og retursenter.
Måndag godkjende eit fleirtal av EU-landa eit forslag om at det kan opprettast mottakssenter for asylsøkarar utanfor EU. Det skal behandlast vidare i EU-parlamentet.
Noreg støttar òg eit initiativ frå Danmark om å gi eit politisk signal til Menneskerettsdomstolen om at for mange kriminelle utlendingar blir verna, seier Aas-Hansen.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen kunne fortelje at regjeringa opnar for asylmottak i utlandet. | Foto: Heiko Junge / NTB
Lyspunkt: Mobbetala går ned
Færre elevar opplever mobbing i skulen, og fleire er motiverte. Det kjem fram i Elevundersøkinga.
– Dette er utruleg gode nyheiter. Etter fleire år med aukande mobbetal, ser vi no ein tydeleg nedgang på alle trinn, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa.
Ho understrekar at det framleis er altfor mange som blir mobba, og at vi må halde fram arbeidet for betre, trygge og gode skulemiljø.
Ifølgje Elevundersøkinga opplever elevar litt mindre mobbing. | Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.