Lærarstudentane vil kutta undervisningstida til nyutdanna

Medan Utdanningsforbundet vil ha 11 prosent mindre undervisningstid for nyutdanna vil Lærarstudentane ha enno mindre.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I slutten av november starta forhandlingane mellom KS og lærarane sine organisasjonar om lærarane si arbeidstid.

KS har ifølgje Utdanningsnytt signalisert at dei vil forlenga arbeidsåret til lærarane og ha meir tid til samarbeid.

Fire krav

Utdanningsforbundet har på si side fire hovudkrav til KS:

  • Meir tid til kontaktlærarar som har ansvar for 20 elevar og fleire
  • Styrka livsfasetiltak for nyutdanna og eldre lærarar – nyutdanna skal få 11 prosent redusert undervisningstid første året
  • Arbeidstida skal brukast til kjerneoppgåver
  • Tydelegare og betre tidsressursar i alle skuleslag

Nyutdanna i fem år

Lærarstudentane i Utdanningsforbundet vil gå enno lenger for å sikra nyutdanna. Dei tek til orde for 20 prosent mindre undervisningstid første året.

– Me ser at noko av det som tek mest tid når ein er nyutdanna er å planleggja å setja seg inn korleis ein skal løysa både undervisningsoppgåvene, men òg dei oppgåvene rundt som går på å følgja opp eleven. Det tek litt lenger tid for nyutdanna, så ved å frigjera litt tid kan ein forhåpentlegvis gjera overgangen litt betre og sikra at fleire blir i yrket, seier leiar Joanna Melby Myhre på telefon til Framtida.no.

Dei definerer nyutdanna som dei første fem åra, men ser at behovet for redusert undervisningstid er størst det første året

Ho understrekar at dette er eit tiltak som må sjåast i samanheng med god fagleg rettleiing.

I budsjettforhandlingane med Senterpartiet og Raudt fjerna Arbeidarpartiet øyremerkinga av 226 millionar som skulle gå til rettleiing av lærarar.

Det er Myhre lite begeistra for:

– I regjeringas eigen strategi for å få fleire lærarar trekk dei fram rettleiing som eit av hovudpunkta, no går pengane ned i sluket, seier ho til Utdanningsnytt.

Éin av fem utanfor skulen

Éin av fem lærarar utdanna jobbar ikkje i skulen sju år etter fullført utdanning, viser nye tal frå SSB.

Myhre fortel at lærarstudentar gler seg til å koma ut i jobb, men at dei òg førebur seg på ein tøff start på yrkeslivet.

– Det er arbeidsmengda ein høyrer som grunn til at folk forlèt yrket eller at ein blir utbrent og ikkje orkar meir. Og då er det gjerne arbeidsmengda rundt undervisninga og ikkje sjølve undervisninga, understrekar ho.

– Vil de tilrå eller rå nyutdanna lærarar frå å ta på seg kontaktlæraransvar?

– Realiteten er at det kan ein ofte ikkje velja. Særleg på små skular, så er ein kontaktlærar når ein byrjar. Men det er jo ei anna belastning, så om ein kan velja så trur nok me det er lurt å vera faglærar første året, så ein får ein litt mjukare start, svarar Myhre.