Ungdomsrådet i Molde: – Må stå på utsida og banka på
Molde kommune meiner det er ulovleg å gje ungdomsrådet fast møte- og talerett kommunestyre, utval og formannsskap. Ungdomsråda i Noreg vil lovfesta ordninga.
– Du mistar litt den tryggleiken med at du veit at du får vera med å påverka. Det blir på ein måte at du må stå på utsida og banka på og spørja veldig fint, seier leiar i ungdomsrådet i Molde Anders Krogset (16) til Framtida.no.
Han har engasjert seg for å sikra ungdomsrådet møte- og talerett i kommunestyret i Molde.
Lite direkte demokrati
– Når saka skal opp til hovudutvalet eller kommunestyret, må me spørja hovudutvalsleiar eller ordførar om møte og talerett. Så er det berre leiar eller nestleiar som får møte, forklarar Krogset.
Det synest leiaren i ungdomsrådet i Molde er dumt.
– Då er det berre leiar eller nestleiar som får lov å delta i det direkte demokratiet, kritiserer 16-åringen.
Høyrselsgaranti
I 2019 vart alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg lovpålagt å ha eit ungdomsråd eller eit tilsvarande organ som sikrar medverknad frå unge i kommunen.
Forskrifta gjev ungdomsråda rett til å uttala seg i saker som er viktig for unge. Korleis dette vert praktisert er ulikt frå kommune til kommune.
Det finst ikkje noko fullstendig oversikt over kor mange ungdomsråd som har møte- og talerett i bystyre, kommunestyre og fylkesting.
Ungdomsråda sine forslag
Trym Mathisen Guldvog er leiar for Moss ungdomsråd og Østfold ungdomsråd.
Måndag 17. november var han og dei andre leiarane for dei fylkeskommunale ungdomsråda i eit møte med kultur -og likestillingsminister Lubna Jaffery, og statssekretærar frå justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet og helse- og omsorgsdepartementet.
– Kan ein garantera at dei unge blir høyrt, dersom dei ikkje slepper inn på hovudbanen til dei vaksne? spør Guldvog retorisk.
Fylkesleiarnettverket hadde mellom anna med seg fleire forslag for å sikra betre ungdomsmedverknad.
Dei føreslår:
- at ungdomsråd skal få talerett i kommunestyre, hovudutval og i formannskap, og at dei skal få delta i debatten
- at rolla som ungdomskoordinator skal vera ei søkbar stilling i kommunen
- faste rutinar for opplæring som kan brukast over heile landet
Sleppa inn på debattarena
– Det å sleppa inn på same debattarena som dei vaksne vil i alle fall syta for at ein får igjennom argumenta sine, og syta for at dei vaksne politikarane ikkje kan ignorera dei argumenta som kjem frå ungdomsråda, seier Guldvog til Framtida.no i dag.
Han understrekar at det er mange politikarar som er flinke til å lesa saksdokumenta godt og ta med ungdomsrådas innspel på ein god måte,
– Men er ein eit uheldig ungdomsråd og har politikarar som i liten grad tek i bruk dei skriftlege innspela, vil ein slita veldig med medverknad.
Ungdomsråda vil òg sikra at unge i større grad enn i dag får delta i debatten med politikarane, framfor å berre koma med ei utgreiing.
Positive signal
Guldvog opplevde statssekretærane og kulturministeren anerkjente og forstod bakgrunnen for forslaga.
– Dette har eg veldig tru på at det skal bli noko ut av. Sjølv om ikkje Kommunaldepartementet er einige med oss, så vert det i alle fall ein prosess og det er veldig spanande. Særleg når det skjer på eit slikt nivå at ein har moglegheit til å innføra det i stor skala, seier han.
Kommunikasjonsrådgjevar i Kommunaldepartementet Hilde Greve Mo stadfestar i ein e-post til Framtida.no at dei er i dialog med Barne- og familiedepartementet om møtet som blei halde på måndag.
– Ungdomsråd er regulert i kommunelova og forskrift om medverknadsordningar, som er regelverk Kommunaldepartementet har ansvar for. Bufdir har gitt ut ein rettleiar om ungdomsråd, skriv ho i e-posten.
Moe understrekar at fylkesleiarnettverket òg er velkommen til å sende dei innspel om regelverket for medverknadsråda.
– Kommunaldepartementet har sett ut eit oppdrag om evaluering av kommunelova, der også reglane om medverknadsråda (inkludert ungdomsråd) skal evaluerast. Vi tek med oss innspela i det vidare arbeidet, skriv ho.
Stemte ned forslag
I Molde kjempar Anders Krogset for det same som Moss ungdomsråd har fått igjennom.
– Du føler ikkje det er direkte demokrati når du må spørja om å få behandla saka, og så er det berre leiar eller nestleiar som får uttala seg. Det er ikkje sikkert det er leiaren som har høgast kompetanse på akkurat den saka og brenn mest for den saka, seier Krogset frå Molde ungdomsråd.
Denne våren stemte kommunestyret i Molde ned forslaget om å gje ungdomsrådet møte- og talerett.
Kommunen argumenterer med at ungdomsrådet ikkje er folkevalde, og difor etter lova ikkje kan ha fast møte- og talerett i kommunestyremøte og utval, noko leiaren i ungdomsrådet er sterkt ueinig i.
Krogset viser til at fire av dei fem kommunar i Romsdal har møte- og talerett.
– Me synest det er rart om fire av fem kommunar i Romsdalen bryt lova. At fire av fem kommuneadvokatar har gjort den vurderinga om at dette er lov, seier Krogset.
Ordførar peikar på manglande lovfesting
Ordførar i Molde Trygve Grydeland forklarar til Framtida.no at ungdomsrådet ikkje har møte- og talerett på bakgrunn av at kommuneadvokaten har vurdert det slik at dei ikkje kan gje generell møte- og talerett til kormannsskap, utval og kommunestyre.
Han peikar på at ungdomsrådet i dag ber om å få ordet til saker dei har behandla, og då i praksis alltid vil få det.
– Me ser ikkje føre oss ein situasjon der me seier nei. Så har me sagt at om dei ynskjer ein større grad av automatikk i forhold til kva saker dei kan få uttala seg om, så kunne me laga ei oversikt som seier at relevante planar som budsjett og økonomi, oppvekstplan, skulebruksplan og ein del slike styrande dokument, at då har dei automatisk møte- og talerett, seier ordføraren på telefon.
Han meiner at argumentet om at ungdomsråd i andre kommunar har møte- og talerett ikkje er godt nok, når deira eigen kommuneadvokat ikkje meiner dette er grunnlag for.
– Eg veit at fylkeskommunen her hadde generell møte- og talerett i fylkesrådet for unge før, men at dei òg konkluderte med at det var lovstridig og endra det tilbake til at dei hadde det i utvalde saker, seier ordføraren.
Han peikar på at ungdomsrådet ikkje er folkevalde på lik linje med kommunestyret og at kommunen har lagt seg på ei prinsipiell linje.
– Om det hadde vore lovgjevars intensjon, altså Stortingets intensjon, at ein skulle ha medlemmar frå ungdomsrådet med ein generell møte- og talerett, så hadde det vore lovfesta, meiner ordføraren.
Faste møtepunkt
Ungdomsrådsleiar i Molde, Anders Krogset, ynskjer seg ei løysing der anten to medlemmar får delta på kvart møte, eller at medlemmane har fordelt utval, kommunestyre og formannsskap mellom seg.
– Det trur eg kan vera utruleg nyttig, for då får du som ungdom sett deg ned og jobba med eit fagfelt. Du kan utvida kompetansen din på akkurat det feltet, avsluttar han.











