For ti år sidan jubla verda for Parisavtalen – korleis går det no?

Verda er samla til nytt klimatoppmøte ti år etter Parisavtalen. Kva hugsar aktørane og kva betyr avtalen i dag?

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Kvar var du då Brå brakk staven? spør vi ofte i Noreg. Men hugsar du kvar du var då Parisavtalen vart vedteken i 2015?

I samband med FNs klimatoppmøte i Belém, har Framtida.no har snakka med ei rekke personar som engasjerer seg for klimafeltet om kva dei hugsar frå det historiske augeblikket for ti år sidan.

Om det faktisk var det kjem vi tilbake til, men dei hugsar kjensla av eit stort gjennombrot i klimakampen.

Første demonstrasjon

– Eg hugsar ein sånn euforisk følelse av at «shit, hæ, har eg misforstått, fekk vi vedtatt dette?», seier Matilde Angeltveit.

26-åringen representerer i desse dagar Kirkens Nødhjelp på klimatoppmøtet i Brasil. Ho har tidlegare vore norsk ungdomsdelegat til klimaforhandlingane.

I 2015, då Parisavtalen blei vedtatt, hadde Angeltveit vore med i Natur og Ungdom i litt over eitt år, og var lokallagsleiar.

– Eg hadde aldri vore på ein stor demonstrasjon før, men eg arrangerte ein i samband med den. Vi hadde fakkeltog i Sandefjord, så eg hugsar det veldig godt.

Ho jobba med demonstrasjonen i forkant av COP 21 i Paris i eit halvt år. Det vart òg inngangen hennar til det internasjonale sivilsamfunnet.

– Eg syntest det var heilt enormt motiverande å sjå kor mange som var med i desse fakkeltoga. Viss eg hugsar rett var det fleire millionar menneske som gjekk i fakkeltog til støtte for Parisavtalen.

Fakkeltog for Parisavtalen var Matilde Angeltveit sin første demonstrasjon. Foto: Privat

Finn håp i avtalen

Angeltveit var førebudd på at det ikkje kom til å bli noka semje under Paris-toppmøtet.

– Sånn som eg hugsar det, var det ingen som trudde vi skulle få det til då.

Matilde Angeltveit seier ein som aktivist er vand med å bli skuffa, men minner om at det faktisk innimellom skjer gode ting. Her jublar ho over gjennomslag etter ein kampanje mot ei fosfatgruve i Kodal i Vestfold i 2016. Foto: Privat

Difor finn klimaaktivisten mykje håp i Parisavtalen, sjølv om det er mange ting ho meiner burde vore betre.

– Shit, tenk at vi faktisk fekk det inn! Og no blir han òg brukt rettsleg, som vi ser i domstolane. Så for min del er ikkje Parisavtalen ein trist ting. Det viser at vi har fått til ting vi ikkje trudde at vi skulle få til før. Og det kan vi gjere igjen.

Ho trekker fram vedtaket frå klimatoppmøtet i Dubai, COP 28, der det vart semje om ei omstilling bort frå fossil energi.

– Som aktivistar er vi så vande med å bli skuffa og trur ikkje at det kjemt il å gå, men det gjer det nokre gongar. Kanskje ikkje ofte, men nokre gonger.

København-fiasko

Angeltveit hadde ikkje trudd at avtalen skulle gå igjennom, og det er kanskje ikkje så rart. Toppmøtet i Paris var nemleg ikkje det første forsøket på å få til ein forpliktande internasjonal klimaavtale på det nivået.

Under COP 15 i København i 2009, vart det lagt stor prestisje i å lykkast med nye klimaavtalar, men partane vart ikkje samde. Store land som USA, Kina, India, Brasil og Sør-Afrika ønskte ikkje ein juridisk bindande avtale, forklarar SNL. «The Copenhagen Accord» hadde mål om å avgrense den globale oppvarminga til to grader celsius, at rike land skulle gi minst 100 milliardar dollar årleg til klimatiltak i fattige land, og frivillige nasjonale mål for utsleppskutt.

Erklæringa blei ikkje vedtatt, men tatt til etterretning, då det ikkje vart full semje.

Det året var noverande klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (33) 17 år, og hadde allereie vore medlem i AUF i fem år.

– Eg hadde følgt politikk akkurat lenge nok til at eg hadde skikkeleg høge forventingar til København-møtet, og blei skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg skuffa då København-møtet ikkje gjekk slik ein hadde drøymt om, seier Eriksen til Framtida.no etter eit møte med elevar på Teknisk museum i Oslo.

I 2015 var han student, og hugsar augeblikket godt etter nederlaget frå København.

– Derfor blei eg jo tilsvarande glad då Parisavtalen kom på plass og vi såg bileta som veldig mange hugsar av at dei stod med hendene høgt heva.

– Uunngåeleg

Parisavtalen forpliktar verda til å avgrense den globale oppvarminga til under 2 gradar celsius, og helst 1,5 gradar, samanlikna med førindustriell tid. Ifølgje FNs miljøprogram (UNEP) har vi gått frå ein estimert temperaturauke på i underkant av 4 gradar på tidspunktet Parisavtalen vart vedtatt, til rett under 3 gradar i dag.

UNEP lanserte tidlegare i november sin årlege rapport over utsleppsgapet. Der skriv dei at Parisavtalen har vore avgjerande for å redusere anslåtte globale klimagassutslepp og drive fram fornybar teknologi.

I år skal landa i Parisavtalen levere nye nasjonale klimamål (NDC-ar), men innan 30. september hadde berre om lag ein tredel av landa i Parisavtalen gjort dette.

Prognosane basert på dei nye nasjonale klimamåla, syner ein temperaturauke på 2,3–2,5 °C innan 2100. Det er ein liten nedgang samanlikna med 2,6–2,8 °C i fjorårets rapport. Å berre implementere dagens politikk vil føre til opptil 2,8 °C oppvarming, samanlikna med 3,1 °C i fjor, skriv UNEP.

Men UNEP peikar på at det i praksis er stillstand, på grunn av endring i metode og USAs komande utmelding av Parisavtalen. Rapporten slår fast at vi er langt unna å nå målet i Parisavtalen.

– Forskarar fortel oss at ei mellombels overskriding av 1,5 gradar no er uunngåeleg – og at det vil starte, seinast, tidleg på 2030-talet. Og vegen til ei leveleg framtid blir brattare for kvar dag, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei uttale om rapporten.

Han understrekar likevel at det ikkje er nokon grunn til å gi opp, tvert om:

– 1,5 gradar innan slutten av hundreåret er framleis vår Nordstjerne. Og vitskapen er klar: Dette målet er framleis innan rekkevidd. Men berre viss vi aukar ambisjonane våre betydeleg.»

Guterres under opninga av Belém-toppmøtet. Foto: UN Climate Change/Kiara Worth

I riktig retning

Ti år etter Parisavtalen erkjenner klimaminister Eriksen at det framleis er mykje som er vanskeleg i verda og at ting på klimafeltet ikkje går raskt nok.

– Samstundes tenker eg jo at Parisavtalen har fungert. For viss du ser kor den globale oppvarminga er på veg ti år seinare, så har vi flytta verda store steg i riktig retning.

Han trekker fram at vi har kome langt når det kjem til fornybarinvesteringar og elbil-måla.

– Så sjølv om det er mange ting som er vanskeleg og som vi må kjempe for skal gå raskare, er det mykje betre å ha eit system for å jobbe med klimapolitikk internasjonalt enn å ikkje ha det, konkluderer Ap-statsråden, som i desse dagar representerer Noreg i Brasil.

Andreas Bjelland Eriksen på klimatoppmøtet i Belém. Foto: UN Climate Change/Zô Guimarães

Natt og dag

Kollega i Klima- og miljødepartementet Astrid Hoem er derimot heime i Noreg under klimatoppmøtet.

Før ho starta i jobben som statssekretær tidlegare i år, hadde 30-åringen fleire år som AUF-leiar bak seg. I 2015, då Parisavtalen blei vedtatt, trur ho at ho var på kontoret til AUF og at dei følgde med på pressemeldingar som kom frå Paris-forhandlingane.

– Men det føltest framleis litt fjernt, for å vere ærleg.

Ho var 20 år og hugsar at dei arbeidde mykje med klima i AUF på den tida, og at det generelt var sterkt klimaengasjement i samfunnet. Hoem skildrar før og etter Parisavtalen som «natt og dag».

– Det var jo ei anna type verd i måten ein snakka om klimapolitikk. No snakkar dei fleste store, seriøse landa om Parisavtalen og forpliktingane ein har gjort seg der, og set mål sånn som Noreg gjorde før sommaren og fleire land gjer no inn mot klimatoppmøtet. Det er eit heilt anna rammeverk rundt klimapolitikken enn det var før.

Astrid Hoem signerer Barnas klimapanel sin fotball med FNs berekraftsmål. Desse vart òg vedtatt i 2015, og er ei rekke mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Dei siste dagane har det kome nedslåande klimanyheiter, som at klimakatastrofar har fordrive 250 millionar menneske dei siste ti åra og at 2025 blir endå eit år der vi slepper ut meir CO₂ enn nokon gong.

Men Hoem meiner dei siste ti åra har vist kor viktig Parisavtalen er.

– Utan Parisavtalen styrte vi vel mot nærmare fire gradar oppvarming i 2100. No styrer vi mot 2,6 gradar, om eg hugsar rett. Det er framleis altfor høgt, men han har tatt ned mange tidelar. Og kvar einaste tidel betyr mindre ekstremvêr, mindre flaum, mindre av dei verste konsekvensane av klimaendringane.

For unge til å hugse

Angeltveit, Eriksen og Hoem hugsar Paris-augeblikket godt, men for andre er avtalen nesten ei sjølvfølgje, eller noko som «alltid» har vore der.

– Eg var fire år, han var tre år, ler Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14), som saman med Jonah Paalssønn Sandanger (13) fortel om Barnas klimapanel sine krav før klimatoppmøtet i Brasil.

Ho lærte om Parisavtalen då ho blei eldre. Det gav ho håp om at vi faktisk greier å samarbeide i verda. I dag er ho derimot litt meir pessimistisk.

– Eg var i Verdens Beste Nyheter for nokre månader sidan, og då blei eg sånn «Nei, dette funkar ikkje. Alle trekker seg, og eg trur ikkje dette kjem til å gå».

Barnas klimapanel er bekymra for konsekvensane av at Donald Trump trekker USA ut av Parisavtalen.

– Eg tenker at det er ganske viktig at alle land held seg til avtalen, at ingen trekker seg, og at dei som har trekt seg forhåpentlegvis kjem inn att. Og at vi klarar å snu alle måla til å bli betre, seier Sandanger.

Rosalind og Jonah har levd med Parisavtalen nesten heile livet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Vaks opp i Parisavtalen

Liva Nordhus i KFUK-KFUM Global (22) hugsar godt at lærarane på skulen fortalde at det hadde kome ein avtale i Paris, at han skulle hjelpe jordkloden å kome på ein betre stad.

Ho trur det er derfor generasjonen hennar engasjerte seg sånn i klimastreikane, som var spesielt store i 2019.

– Fordi vi vaks opp i Parisavtalen. Eg fryktar litt at dei barna som veks opp i dag veit mindre om Parisavtalen og om dei globale prosessane som vi prøver å få til. Det synest eg er litt urovekkande.

Ho håper undervising om klimaendringar og internasjonale klimaavtalar for barn og unge kan bli eit tema framover.

Nordhus har inntrykk av det er mange som tenker at det er togradarsmålet i Parisavtalen som gjeld, og gløymer litt 1,5-gradarsmålet.

Denne gjengen skal representere norske ungdommar på klimatoppmøtet i Brasil. Framme frå venstre: Thea Birgitte Erfjord (Spire), Mikkel Inchley (Natur og Ungdom) og Matilde Angeltveit (Kirkens Nødhjelp). Bak frå venstre: Liva Nordhus og Helene Bakken Middelthon (KFUK-KFUM Global).

Må oppretthalde trua

Nordhus er i Belém for å representere sivilsamfunnet på klimatoppmøtet. Det er også Thea Birgitte Erfjord i Spire og Mikkel Inchley i Natur og Ungdom.

– Eg er 21, eg, så eg hugsar ikkje eigentleg, ler Inchley når Framtida.no i forkant av avreisa spør om han hugsar då Parisavtalen blei vedtatt.

Avtalen har vore der sidan han blei aktiv i miljørørsla.

Erfjord meiner trua på Parisavtalen var på topp i 2019.

– Eg føler at han kom, og så bygga han meir og meir tru på at ein kan faktisk løyse dette, eller i alle fall gå i riktig retning. Men så stoppa det på ein måte i 2019, det peaka i 2019. Det er vanskeleg å ha framtidstru no, eigentleg, synest ho.

Inchley er ikkje heilt samd i det siste.

– Det er ein sånn offentleg konsensus, i alle fall i Noreg, om at Parisavtalen ikkje funkar, at det ikkje er nokon vits. Og det er jo ikkje sant. Før vi vedtok Parisavtalen var vi på veg mot ekstrem oppvarming av kloden. No er vi på veg mot mykje, mykje lågare. Eg trur det er veldig viktig at vi opprettheld trua på multilateral klimahandling, for det er den einaste måten vi kan gjere dette på.