Mange er redde for å gje feil førstehjelp

Dei fleste av oss kan litt om førstehjelp, men mange er redde for å gjere feil som kan føre til at det går frå vondt til verre for pasienten.

NPK – Bent Tandstad
Publisert

Røde Kors hjelpekorps har kvart år sidan 2012 målt kor mykje nordmenn kan om førstehjelp. Her kjem det fram at 56 prosent av oss nøler med å hjelpe i ein krisesituasjon. Det er ikkje på grunn av manglande kunnskap, men fordi vi er redde for å gjere feil.

Einar Irjan Ananiassen, seniorrådgivar førstehjelp i Røde Kors, oppmodar alle om å ta eit førstehjelpskurs. | Foto: Røde Kors

– Den einaste feilen er å ikkje gjere noko. Førstehjelp er per definisjon enkelt. Du skal gjere stabiliserande tiltak, og det er ikkje så vanskeleg. Og dersom du har gløymt alt du tidlegare kunne, så klarer alle å ringe AMK-sentralen 113, seier Einar Irjan Ananiassen, seniorrådgivar førstehjelp i Røde Kors til Nynorsk pressekontor.

Nedgang frå 2020

Ananiassen er uroa over at såpass mange er så redde for å gjere feil, at dei ikkje grip inn i ein krisesituasjon.

– I 2019 visste 87 prosent av dei spurde når det er rett å starte livreddande hjarte/lunge-redning. I år er dette talet nede på 80 prosent, og nedgangen starta i 2020. Det kan ha med pandemien å gjere, då det ikkje var mogleg å halde førstehjelpskurs, seier Røde Kors-rådgivaren.

Han meiner det er viktig at alle oppdaterer seg på førstehjelp, og helst tek eit oppfriskingskurs annakvart år. Han oppmodar dei som kjenner seg usikre til å ta eit digitalt førstehjelpskurs, som Røde Kors har med jamne mellomrom.

Kursa er gratis, og brukarundersøkingane viser at 90 prosent av dei som har vore med på slike kurs, kjenner seg mykje tryggare på kva dei skal gjere når nokon har behov for hjelp.

Dersom du ser dette symbolet er du i nærleiken av ein hjartestarter.

Røde Kors har halde 19 slike digitale kurs med over 5000 deltakarar, og i snitt har det vore 280 personar med kvar gong.

– Dei digitale kursa er sjølvsagt eit supplement til dei vanlege kursa med fysisk frammøte, men det er eit veldig bra tilbod, slår Ananiassen fast.

Det er også mange andre aktørar enn Røde Kors som held førstehjelpskurs rundt om i landet.

Plikt til å hjelpe

Einar Irjan Ananiassen har registrert at det i kommentarfelt i media har vorte åtvara mot å hjelpe til i naudstilfelle, dersom ein er usikker. Dette fordi det blir hevda at ein kan bli saksøkt dersom pasienten blir verre og i verste fall døyr etter at nokon har prøvd å hjelpe.

– Dette er ei misforståing. Det er ingen rettspresedens for at nokon er dømde for å ha gitt feil førstehjelp her i landet. Det einaste lova seier er at vi ikkje har lov å gå frå nokon som er i ein hjelpelaus tilstand. Vi har ei hjelpeplikt. I vegtrafikklova står det klart at vi har ei plikt til å hjelpe, seier han.

Han minner om at frykt for å gjere feil er ei av hovudårsakene til at ein del vegrar seg for å gripe inn, og at den beste måten å hindre dette på er å gå gjennom ei enkel opplæring i førstehjelp.

Dette bør alle kunne:

  • Ringe medisinsk naudtelefon 113 og gi tydeleg informasjon om situasjonen.
  • Sikre frie luftvegar om nokon er medvitslaus, og leggje vedkommande i stabilt sideleie.
  • Gjere basal hjarte-lungeredning (HLR) ved hjartestans. Trykk hardt og raskt midt på brystet til personen. 30 kompresjonar og tre innblåsingar.
  • Opne hjartestartaren. Følg instruksjonane på startaren.
  • Stoppe store blødingar ved å trykkje direkte på såret.
  • Førebyggje nedkjøling og følgje råd om førstehjelp i akutte situasjonar.
  • Kommunisere med AMK-sentralen for instruksjon og oppfølging.
  • Alle bør oppdatere kunnskapen sin jamleg. Opplæringa bør fokusere på enkle tiltak som ein hugsar også i stressande situasjonar.

Kjelde: Røde Kors

Låg risiko

Ei undersøking frå Landslaget for hjarte, lunge og hjerneslag (LHL) viser det LHL meiner er urovekkjande funn om hjarteberedskapen blant nordmenn. Funna viser at mange er utrygge på hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartar. LHL meiner at dette er manglar som kan bety forskjellen på liv og død dei første kritiske minutta før ambulansen kjem.

Forsking viser at risikoen for alvorleg skade ved feil førstehjelp er låg samanlikna med å ikkje å gjere noko. Moderne opplæring understrekar at det er lov å gjere feil, og at det viktigaste er å prøve.

Men det finst unntak: Ved komplekse skadar, som rygg og nakkeskadar, kan feil handtering forverre tilstanden. Derfor er det viktig å følgje instruksjonen frå 113 om du er usikker.