Svenske Ellen vil ha same lov som Noreg

Ellen Åberg meiner at ungdom i Sverige har for lite makt. Ho vil ha eit ungdomsråd i kvar einaste kommune.

Magnus Rotevatn
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

– Me trur på idéen om at ungdommar skal ha den same retten som vaksne til å påverka kvardagen sin. Og det gjer ein best med å ha eit ungdomsråd i kvar kommune og kvar region.

Dette seier Ellen Åberg. Ho er leiar i Sveriges ungdomsråd, ein paraplyorganisasjon for omlag 30 ungdomsråd i Sverige. Framtida.no møter Åberg under Almedalsveckan på Gotland i slutten av juni.

– Eit ungdomsråd er ei rådsgruppe i ein kommune eller region som jobbar for interessene til ungdommar.

Åberg fortel at det mykje variasjon blant kva dei svenske ungdomsråda driv med.

– Det er eit breitt spekter frå ting som fritidklubbar, festivalar og diskotek til å sitja i kommunestyremøte og kjempa for fleire gatelykter.

Vil gjera som Noreg

– I motsetnad til Noreg, så har ikkje me ein lov om ungdomsråd. Dokker har ein lov som seier at det skal vera eit ungdomsråd i kvar kommune. Det har ikkje me.

Åberg seier at etter dei vitja Noreg, så har Sveriges ungdomsråd programfesta at dei ynskjer det same lovkravet som i Noreg.

– Me meiner at det må finnast rammer og strukturer i kvar kommune, sånn at det ikkje kun er ungdommane så må ta jobben, men også dei vaksne sitt ansvar å inkludera oss.

Det finst ingen oversikt over kor mange oversikt over kor mange ungdomsråd som finst i Sverige, mellom anna fordi ulike kommunar brukar ulike namn.

Vil senka røysterettsalderen

Synest du at ungdommar i Sverige har reell makt og politisk påverknad?

– Nei, ikkje om ein samanliknar med vaksne.

Åberg seier at det at ein ikkje får lov til å røysta før ein fyller 18 år gir ungdom mindre makt. Ho trur også at haldningar retta mot ungdom er eit problem.

– Me jobbar for å senka røysterettsalderen til 16 år. Det vil vera eit jättebra steg for at unge skal bli meir engasjerte, men også for at vaksne skal sjå på ungdom som ei målgruppe som bør bli inkluderte i politikken.

Oppmodar til å organisera seg

– Unge må tru på seg sjølve og våga å engasjera seg. Då trur eg at me kan gjera samfunnet litt betre, seier Åberg.

Ho meiner at ungdommar får mest påverkingskraft gjennom å delta i organisasjonar.

– Me har veldig mange organisasjonar i Sverige som gir massevis av moglegheiter til unge. Så ein bør finna sin organisasjon og våga å engasjera seg.

 Framtida.no har freista å få ein kommentar frå Sosialdepartementet i Sverige, men har ikkje fått svar.