Frøya (19) og Hashim (20) skal på tinget: – Den viktigaste oppgåva i livet mitt

Frøya Skjold Sjursæther (MDG) og Hashim Abdi (Ap) vert dei yngste på Stortinget i kommande periode.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Å sitte på Stortinget vert den stoltaste og viktigaste oppgåva i livet mitt, som eg tar på djupt alvor.

Ei nervepirrande valvake enda med jubel for Frøya Skjold Sjursæther (19) frå Bergen. Partiet hennar, Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), hamna akkurat over sperregrensa, og ho er dermed sikra plass på Stortinget dei neste fire åra, som tidenes yngste.

– Det er kult å vere 19 år og representere ein ungdomsgenerasjon på Stortinget, som er underrepresentert i folkevalde organ, seier ho på telefon til Framtida.no.

8 under 26:

Dei yngste representantane på Stortinget etter valet:

Frøya Skjold Sjursæther (19) – MDG – Hordaland

Hashim Abdi (20) – Ap – Østfold

Joakim Myklebost Tangen (23) – Frp – Møre og Romsdal

Joel Ystebø (23) – KrF – Hordaland

Maren Grøthe (24) – Sp – Sør-Trøndelag

Simen Velle (24) – Frp – Oslo

Martin Virkesdal Jonsterhaug (25) – Frp – Hordaland

Julia Eikeland (25) – Ap – Rogaland

– Ny kurs i klimapolitikken

Sjursæther er letta over at MDG hamna over sperregrensa, og gler seg over at partiet kan levere på valløftet om å halde Sylvi Listhaug unna Statsministerens kontor i det beste valet til Frp nokosinne. Ho har trua på gode gjennomslag hos Støre-regjeringa.

– Ap og MDG har hatt gode samarbeid i fleire byar i Noreg, mellom anna i Oslo, der vi revolusjonerte norsk klimapolitikk.

– Vi treng ein ny kurs i politikken, der vi sluttar å forhandle bort klimasaka til fordel for alt anna. Klimakrisa krev handling i dag, og eg er gira på å vere med og kjempe for å imøtegå henne med konkret politikk, seier ho.

Samstundes er ho spent på korleis den nye arbeidsdagen hennar på Stortinget kjem til å bli.

– Eg må sette meg inn i ein heilt ny politisk arena. Eg har aldri vore folkevald på Stortinget. Men eg trur komitéarbeid vil gå fint med den støtta eg har i ryggen frå gode kollegaer, både i og utanfor partiet. Det blir ei spennande utfordring å ta fatt på, seier ho.

Frøya Skjold Sjursæther har sete skulegangen på pause for å verte fulltidspolitikar. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Bustad, skule og psykisk helse

I alt åtte representantar som er 25 år eller yngre får fast plass på Stortinget dei neste fire åra. Mellom dei finn vi også FpU-leiar Simen Velle og tidlegare KrFU-leiar Joel Ystebø.

Sjursæther understrekar tydinga av ung representasjon på Stortinget.

– Vi treng unge representantar som forstår problema vi unge står overfor: psykisk helse, bustadmarknaden, skulepolitikken og ei klimakrise som vil påverke ungdomsgenerasjonar framover, seier ho.

– Surrealistisk

Også arbeidarpartipolitikar Hashim Abdi (20) frå Fredrikstad kunne juble då valresultatet var klart måndag kveld. Han vert den nest yngste på Stortinget.

– Det er heilt surrealistisk! Det har ikkje gått heilt inn på meg, seier han på telefon til Framtida.no dagen etter valet.

– Dette er eksamen i demokrati, og eg er utruleg takksam for å få lov til å vere med.

– Om valet er eksamen, må vel stortingsplass reknast som toppkarakter?

– Ja, det kjennest sånn. Eg er son av ein taxisjåfør og ei vaskehjelp. Det er noko supervakkert med at ein 20 år gammal gut frå Fredrikstad kan komme inn på Stortinget. Det er historia om eit Noreg med moglegheiter for alle. Det er det vakraste med det heile, seier han.

Abdi har sete i bystyret i Fredrikstad sidan kommunevalet i 2023. Dei siste åra har han dessutan studert økonomi i Oslo. Han spår ei bratt læringskurve som fersk på Stortinget.

– Det er ei rekke med yrkespolitikarar som sit der, medan eg kjem rett frå studiet. Men kanskje det er litt fint at vi ikkje berre har drivne politikarar, men også folk som er plukka opp frå gata, for å seie det litt populistisk.

Som ein fersking i toppolitikken meiner han at hans største fordel er at han ikkje har nokon stor posisjon i partiet.

– Mitt utgangspunkt er at eg er valt inn for fire år, og oppgåva mi er å gjere livet betre for dei som eg stilte til val for: unge i Østfold som lever i utanforskap. Eg har ein veldig spesifikk jobb å gjere, seier han.

Betre kommuneøkonomi

Det er nettopp kampen mot forskjells-Noreg som er hjartesaka til Abdi. Han meiner den beste reiskapen staten har i den kampen, er kommuneøkonomien.

Hashim Abdi (t.h.) og samferdsleminister Jon-Ivar Nygård jubla over valresultatet på valvaka. | Foto: Privat

– Det er i kommune-Noreg forskjellane møtest og vert utfordra. Kommunane er førstelina mot utanforskap. Skal vi klare den kampen, må vi styrke rammene til kommunane, seier han.

Også Abdi understrekar tydinga av unge representantar på Stortinget. Han viser til at hans generasjon lever i ei heilt anna verkelegheit enn mange av dei andre på Stortinget.

– Erna Solberg vart vald inn på Stortinget det året Berlinmuren fall!

Han trur den beste politikken vert skapt i generasjonsmøta mellom gammal og ung, der ein kan utveksle erfaringar og perspektiv. Og i nokre saker meiner han at unges perspektiv er særleg viktig:

– Omfordeling, ikkje berre av pengar, men også av makt, har aldri vore viktigare i samfunnet vårt. Vi er den første generasjonen på veldig mange år som ikkje får like gode moglegheiter som foreldregenerasjonen vår, seier han.