Tidlegare KrFU-topp Joel (21) er KrFs førstekandidat i Bergen: – Vil ha større rom for å tru

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 20:09

– Det er ei stor ære, og noko eg ikkje tar lett på, seier Joel Ystebø (21) om toppvervet i Noregs nest største by, på telefon til Framtida.

– Det er på mange måtar draumejobben å få leie KrF sitt team i verdas vakraste by, seier han.

Ystebø har tidlegare vore nestleiar i KrFU, fram til han i fjor melde exit frå partiet med eit ønske om å bygge opp ein ny kristen-konservativ aktør i norsk samfunnsdebatt. Men då nominasjonsnemnda i Bergen KrF ringde han med ein førespurnad om å stå på lista, syntest han det var ei spanande moglegheit. Etter ein liten prosess, sa han ja.

Møtte abort-motbør

Ystebø skapte furore i fjor då han tok til orde for abortforbod i Noreg, med unntak av tilfelle med vald, incest eller fare for mors liv. Han høyrer til den verdikonservative, høgrevende fløya i partiet, og vil utfordre narrativet om at unge truande er meir liberale enn dei eldre.

– Eg, som mange i landet og byen vår, har ei tru som pregar verdiane eg har. Det gjer at mange oppfattar meg som verdikonservativ. Men det er også snakk om klassiske verdiar: å tenke seg nøye om før ein gjer store endringar i samfunnet. Det er ein konservativ tankegang som også har hatt stor påverknad på høgresida, seier han og held fram:

– Det kan gjelde når ein formidlar til born og unge at ein kan skifte kjønn. Eller ei lokal sak i Bergen: når ein opnar for skjenking på Torgalmenningen. Når ein gjer store endringar i samfunnet, må vi ha nokon som stoppar opp og tenker: Er dette riktig? seier han.

Etterlyser ein betre offentleg samtale

Ystebø fortel at han fekk mange tilbakemeldingar under abort-debatten i fjor. Både positive og negative. I tidlegare tilfelle har han vorte oppmoda om å ta sitt eige liv, og fått bilete av eit blodig foster på melding. Han seier at det kan vere krevjande å stå i debatten når ein uttalar seg om den type spørsmål.

– Eg håpar og trur at det at eg har sagt ein del ting om dette temaet, bidreg til ein offentleg samtale som vil vere betre. Om folk er stille fordi det ikkje er «lov» å meine slikt, er ikkje det positivt. Det er legitime syn på abort, uavhengig av kva ein sjølv meiner. Då er det viktig å ha ein god og open debatt med innestemme, og bidra til ein god debatt som heilt rettmessig er vanskeleg og krevjande, seier han.

Ystebø fortel at han sjølv står godt i eit tøft ordskifte, men han undrar seg over at ein er nøydd til å vere såpass hardhuda for å dele meiningar som er meir motstraums.

Joel Ystebø er toppkandidat for KrF i Bergen. Foto: Sharon Berg

 

Tenker meir lokalt

Ystebø seier at han framleis står inne for det same synet, sjølv om han ifølge Bergens Tidende uttalar seg meir forsiktig. Sjølv seier Ystebø til Framtida at han ikkje prøver å skjule kva han står for, men at han i dette valet er meir fokusert på lokale saker.

– Då er korkje likekjønna ekteskap eller abortlov relevant for bergenspolitikken. Kva eg meiner om nasjonale spørsmål er ikkje relevant no, seier han.

Eitt av årets bodskap i valkampen er ein nullvisjon mot abort i Bergen – at velferdstenestene skal vere så gode at det ikkje er «naudsynt» å ta abort. Varaordførar i Bergen, Eira Martinsen Garrido (SV), kalla forslaget ekstremt og skadeleg.

Ystebø meiner at ein av grunnane til at han er ein god toppkandidat i Bergen, er for å bidra til at KrF kan verte tydelegare og spisse profilen for å nå fram med partibodskapen.

For Ystebø er det viktig at Bergen er ein god by å vekse opp i, bli gammal i, og å tru i – uavhengig av religion. I praksis betyr det ein «streng og rettferdig» rus- og alkoholpolitikk, kommunal kontantstøtte for barnefamiliar, og å bevare kristne friskular.

– Eg håpar å hamne i ein posisjon der eg kan bidra til gjennomslag for KrF sin politikk, i eller utanfor byråd. Posisjonar og den slags får vi sjå på når resultatet er klart, seier han.

Han slår fast at det er usannsynleg at KrF får byråden i Bergen. Og der KrF i byen tradisjonelt sett har vore open for å samarbeide med både høgre- og venstresida, har partiet no valt ei tydelegare retning:

– Vi ønsker å peike på Christine Meyer og Høgre.

Andre saker KrF går til val på i Bergen, er å sikre skulegudstenester i jula, tillate bibelutdeling i skulen og å hindre at skulen vert ein arena for «ideologisk kamp om verdispørsmål».

Vil appellere til yngre

Ystebø har vore aktiv i politikken sidan dei tidlege tenåra. Engasjementet hans vart prega av å vakse opp i ein samfunnsengasjert familie. Mellom anna har faren hans, Bjarte Ystebø, vore assisterande redaktør i den kristenkonservative avisa Norge IDAG, og starta den konservative konferansen Oslo Symposium.

– Den politiske oppvakninga mi var då eg gjekk på ein kristen friskule, og opplevde at statsråden for utdanning uttala seg ufordelaktig om friskular. Eg oppfatta det som ganske urimeleg, fortel han.

Som 21-åring har han ei viktig rolle i eit parti som ved valet i 2021 sleit med å appellere til dei yngste veljarane. Han meiner at han tar med seg eit viktig perspektiv.

– Alderen min påverkar korleis eg ser på ting og opplever andre problemstillingar. Men eg opplever ikkje nokon skilnad på korleis eg vert behandla i partiet. Der er vi på likefot. Men eg er blant dei som absolutt trur at unge politikarar har med seg andre perspektiv, erfaringar og opplevingar. Ein kombinasjon av yngre og eldre røyster er heilt naudsynt og viktig, meiner han.

Han trur yngre veljarar verdset å sjå politikarar på deira alder, som dei kan kjenne seg att i.

Samstundes har Ystebø, trass den unge alderen, allereie lagt bak seg ein periode i bystyret i Bergen. Han reknar dei fire åra som viktig erfaring.

– Må tolke kvarandre i beste meining

Ystebø synest rommet for å tru og vere verdikonservativ burde vere større. Han opplever at det er smalt.

– Fleire unge som eg snakkar med, som er kristne eller andre truande, opplever at det er vanskelegare å ta val ut frå trua si. Eg trur nok mange av oss opplever det som meir krevjande, seier han.

– Kva meiner du må til for å opne det rommet meir?

– Det å ha eit offentleg debattklima der ein tolkar kvarandre i beste meining, der media ikkje karikerer det nokon tenker om eit tema, er viktig for å ikkje skape unaudsynte misforståingar. Vi politikarar som uttalar oss i offentlege debattar, bør bruke innestemme i møte med krevjande tema, uavhengig av kva ein meiner. Det bør også andre som deltek i debatten gjere. Desse grepa meiner eg har betyding for korleis rommet for å tru opplevest, seier han.


Gamle menn, og nokre veldig få kvinner, sit saman i eit stort rom. Dei held kvite papirark opp og deltek i ei avstemming.

Det finst òg lokalpolitikk utanfor Noreg. Dette biletet er frå Tyskland. (Foto: Claus Ableiter / CC BY-SA 3.0)