Førstegongsveljaren:
Sol (18) skulle ønske norske parti torde å snakke om kjernekraft
Sol Isak Schackt etterlyser snar og kraftig handling i klimapolitikken når dei i år skal røyste for første gong. – Vi har ikkje lenger tid til å tenke oss om, seier dei.

Fyrstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval.
– No når eg skal røyste, føler eg at eg må oppdatere meg ordentleg på ting. Eg har alltid hatt sterke meiningar rundt politikk, men no må eg vere litt meir nøye på kvifor eg har dei meiningane, seier Sol Isak Schackt.
Framtida.no møter dei i Tromsø, der dei bur og går på skule. Dei har byrja å sjå på Debatten på NRK og å lese nyheiter på nettet om morgonen, for å sette seg betre inn kva som skjer i samfunnet.
Fakta
Namn: Sol Isak Schackt
Pronomen: Dei/dei
Frå: Tromsø
Skule: VG3, dramalina på Kongsbakken VGS
Hobbyar: Step, scenekamp, personlege prosjekt innanfor teater (kostyme, scenografi, rekvisittar), sying
Organisasjonar: Medlem av Skeiv Ungdom
Vanskeleg å drøfte politikk
Schackt har mange meiningar om politiske tema, men dei opplever at andre på deira alder kvir seg for å diskutere politikk. Nokre er ikkje oppdaterte på nyheitene. Andre vert såra og kjenner seg angripne når ein er ueinige i saker.
– Det er så hårsårt å vere ueinig. Det gjer det vanskeleg å diskutere politikk, seier Schackt.
Dessutan opplever dei at mange som er engasjerte i politikk, er lojale til einskildparti. Då vert kritikk i ei sak tolka som angrep på partiet.
– Ein må kunne vere einige om å vere ueinige. Og så treng ein ikkje alltid gå inn i ein diskusjon for å overtyde andre, ein må også vere open for å rette på sitt eige synspunkt.
Samstundes seier dei at nokre tema kan vere vanskelegare å vere ueinige i.
– Når det handlar om rettar for einskildgrupper, skjønar eg at det er ei sårbar sak. Men når det er noko som ikkje er så nøye, må det gå an å ha ulike syn, seier Schackt.
Endra meining
I tillegg til å lese nyheiter og sjå debattar, får Schackt opp politisk innhald i sosiale medium. Hovudsakleg gjennom nyheitssider dei følger, som VG og NRK.
– Eg får av og til opp influensarar eller andre som snakkar om politikk. Éin gong fekk eg opp ein som snakka om formuesskatt. Eg har vore imot å auke formuesskatten, og meinte at norsk industri har vorte råka av skatten, men eg syntest at han hadde gode argument. Så då tenkte eg at eg skulle søke opp det han sa. Då endra eg litt meining, fortel dei.
– Tapt sak
Hjartesakene til Schackt er klima og miljø, skule og kultur. Dei er også oppteken av støtte til Ukraina og Palestina. Når Schackt har teke stilling til kva parti dei vil stemme på, har dei måtta vege dei ulike sakene opp mot kvarandre.
– Eg plar seie at eg mislikar alle partia. Eg må berre gå gjennom og sjå kven eg er minst ueinig med, seier dei.
Schackt opplever at ingen av partia snakkar om det dei bryr seg mest om. Men dei er likevel ikkje i tvil om at fokuset på klimasaka må aukast, og kjem difor truleg til å røyste på MDG i år.
– Personleg synest eg det er ei tapt sak. Men vi må likevel fokusere på klimaet, så ein kan forskyve dei verste konsekvensane. Det er ei vond kjensle å vakse opp medan du ser at det regnar meir i Tromsø, det er uvanleg varme somrar, det er heitebølger. Det gjer vondt på eit vis, seier Schackt.
Dei meiner at klimasaka har vorte gløymd i dei andre store sakene.
– Folk har sine eigne ting dei slit med. Økonomi har vorte ei utfordring for mange. Då må ein fokusere på seg sjølv, og då blir klima sekundært, seier dei.
Kraftfullt tiltak
Schackt er fortvila over at det ikkje er gjort nok for å hindre klimakrisa tidlegare. Dei meiner Noreg burde ha stoppa oljeleitinga for lenge sidan.
– Det mest idiotiske argumentet eg høyrer, er at det vil forsvinne arbeidsplassar. No har vi venta så lenge! Vi hadde tid til å gjere noko med det, for å skape nye arbeidsplassar på ulike måtar. Men no synest eg ikkje lenger vi har tid til å tenke oss om! Det er så bortkasta. Det tar så lang tid å handle, og no har vi komme så tett på dei åra då vi skal oppnå klimamåla våre. Vi har ikkje lenger tid til å gjere det på ein etisk måte, seier dei.
Ei sak Schackt skulle ønske fleire parti torde å snakke om, er kjernekraft. Dei meiner det ville vore eit enormt skritt i klimapolitikken.
– Vi veit at vi ikkje kan stanse oljeindustrien over natta, på grunn av energibehov og arbeidsplassar. Kor kunne vi ha fått den energien og dei pengane frå i staden? Kanskje kjernekraft, som brukar mykje mindre areal og ikkje har nokon utslepp. Vi har funne måtar å resirkulere materiala ein brukar, og eg trur ikkje folk skjønar at tryggleiken har kome mykje lenger. Det er ikkje ei endeleg løysing, men det vil hjelpe oss her og no med å stanse utslepp, seier dei.
I tillegg meiner dei at å kjernekraft kan dempe trykket på vindkraft, og dermed unngå arealkonfliktar med samiske beiteområde.
Vaksne sine prioriteringar
– Synest du skulen har førebudd deg på å røyste?
– Nei, ikkje eigentleg. Det eg synest har vore nyttig, var å lære om systemet, om dei ulike vala og korleis regjeringa er forma. Vi har hatt skuledebattar, men dei har teke opp dei same sakene opp att, eller saker som var veldig store i valkampen. Då har eg allereie gjort meg opp ei meining frå før. Eg trur ikkje eg har sett éin skuledebatt kor eg har endra meining. Men dei kan nok vere nyttige for andre – det er mange ungdommar som ikkje er så oppdaterte, seier Schackt.
Dei har inntrykk av at unge i stor grad er opptekne av det same som dei vaksne. Kanskje litt mindre av eldreomsorg.
– For unge som vert forsørga av foreldra, er det lettare å bry seg mindre om økonomi. Men eg ser også mange unge som er opptekne av økonomi, på lik line med vaksne. Eg ser mange vaksne som meiner det ikkje er nok prat om klimapolitikk, og mange unge som meiner det same. Vi har nok ulike meiningar og hjartesaker, men etter kvart blir ein jo å bry seg om det same som dei vaksne bryr seg om, seier Schackt.
Forma av familien
Schackt fortel at det er mykje snakk om politikk i heimen og at deira synspunkt er veldig prega av familien.
Schackt har ei mor frå Guatemala, og vert difor særleg engasjert i saker som dreier seg om integrering, immigrantar, flyktningar og urfolk. Dei har òg familie som jobbar med kultur, i barnehage og skule, eller som mottek sosialhjelp. Det har forma meiningane deira i saker som råkar ved desse temaa.
– Mora og søskena mine er veldig glade i å diskutere politikk. Eg føler at eg har forma mange av meiningane mine rundt deira meiningar. Men gjennom åra har eg også vorte meir ueinig med dei, seier Schackt.
Dei trur at folk flest vert påverka av dei politiske meiningane til familien sin.
– Dei fleste eg kjenner som er tilhengar av eit spesielt parti, har også foreldre som er tilhengarar av det same partiet. Eg vil seie at eg er så heldig som har to foreldre som er ueinige og røyster forskjellig.
– Like viktig som skule
Ei anna av hjartesakene til Schackt er kultur. Tromsø kommune har hatt ordninga Ung kulturrabatt, som har gitt alle mellom 13 og 19 år gode rabattar på kulturtilbod i byen. Ordninga vart kutta i fjor for å spare pengar.
– Med ein gong vi mister tilgang på kultur, så vert dei politiske meiningane våre svekka. Vi får meir tunnelsyn. Du mistar innsikt i andre sine synspunkt og opplevingar, seier Schackt, som sjølv driv sitt eige ungdomsteater.
– Det beste med teater er når folk kjem ut frå framsyninga og seier «Eg har ikkje tenkt på det før,» «Eg visste ikkje at det var sånn». Film, teater og bøker er ein like viktig del av utdanninga som skule, sjølv om det ikkje er obligatorisk, seier dei.
Schackt meiner at ei teaterførestilling kan gi innsikt i nyansar av andre folk sine liv på ein måte du ikkje får gjennom nyheiter.
– Det gir eit meir personleg innblikk i kva vanlege folk meiner. Og du må ikkje bygge deg opp ei karriere som politikar for å seie meiningane dine, og passe på at meiningane er fine nok til at nok folk stemmer på deg. Det blir ikkje så filtrert som i politikken. Det er meir direkte, litt meir rått. Det må ikkje vere pent, det kan vere groteskt og ekstremt – for folk må ikkje vere einig med deg, men folk må sjå det, seier Schackt.