For sju år sidan skulestreika ho for klimaet. No kan Frøya (19) bli tidenes yngste på Stortinget
– Ingenting gir meg meir frysingar på ryggen enn tanken på Sylvi Listhaug som statsminister, seier Frøya Skjold Sjursæther.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.
– Det største politiske sviket i vår tid er at politikarane ser klimakrisa vakse seg større utan å gjere noko med saka. Vi treng fleire grøne folk på Stortinget som kan bere den fana, seier Frøya Skjold Sjursæther.
Ho er MDG sin førstekandidat i Hordaland i haustens stortingsval. På dei fleste målingane har MDG ein hard kamp framfor seg for å nå over sperregrensa, men det har òg vore målingar i sommar der Sjursæther har fått plass på Stortinget.
– Det er nervepirrande, ja! Det blir avgjerande for livet mitt dei neste fire åra, men aller viktigast er det for norsk politikk, seier ho.
Streika for klimaet
Sjursæther har vore interessert i politikk lenge før ho visste at det handla om politikk. Heime rundt middagsbordet kunne dei snakke om regnskog og flyktningkrise. I 2018 fekk ho med seg at det var nokre ungdommar som dreiv og streika for klimaet, og snart slutta ho seg til dei. Ho melde seg inn i MDG, og når klimastreikane etter kvart veks og tusenvis møtte opp til protest, stod ho på scena på Torgallmenningen i Bergen og heldt appellar.
– Eg trur vi var mange som kjente på at vi hadde momentum. Det kjendest som om vi fekk utretta noko viktig. Og det gjorde vi! Vi fekk endra heile samfunnsdebatten og gjort klima til den store valkampsaka i 2019, seier ho.
Frå gata til kommentarfeltet
Klimastreikane står att som det Sjursæther er mest stolt over at ungdomsgenerasjonen hennar fekk til. Seks år seinare, derimot, har stemninga endra seg. Unge Høgre-leiar Ola Svenneby har erklært generasjon Thunberg for død. Både valforskarar og undersøkingar peiker på at klimasaka har vorte mindre viktig blant unge veljarar.
– Det er ingen tvil om at engasjementet har endra seg, seier Sjursæther.
Ho oppfattar at engasjerte ungdommar no tar til sosiale medium og kommentarfelt i staden for å ta til gatene. Og ho registrerer at høgresida vinn terreng på nettet.
– Men på same måte som at ikkje alle unge var opptekne av klima i 2019, så er det ikkje sånn at alle unge ikkje bryr seg om klima i 2025. Eg opplever at mange unge er opptekne av klima – men med ei rekke andre kriser som fyller mediebiletet, er det vanskeleg å halde fokus.
Ho har forståing for at mange opplever at klimasaka er ei utfordrande sak å engasjere seg i.
– Ho kjennest enno litt abstrakt og uhandterleg ut for mange, seier Sjursæther.
Kan bli tidenes yngste
Sjursæther, som fylte 19 tidlegare i år, vil sette rekord som tidenes yngste dersom ho vert valt inn på tinget. Ho poengterer at politikken ho står for er viktigare enn alderen hennar, men understrekar tydinga av å ha unge kandidatar på listene.
– Stortinget skal vere ein miniatyrversjon av befolkninga. Det er ikkje berre dei med lang utdanning og 30 års arbeidserfaring som fortener å få røysta si høyrd i demokratiet, slår ho fast.
Ho ser mange kommentarar i sosiale medium om at ein treng å bli tørr bak øyra eller skaffe seg arbeidserfaring før ein uttalar seg om politikk. Ho kjenner seg ikkje treft.
– Det vitnar om ei dårleg demokratiforståing blant kommentarfelt-gubbane. Eg er veldig glad for at det er ein del unge, også i andre parti, som har sjanse til å komme inn på Stortinget. Vi treng den representasjonen. Ikkje minst for at fleire unge skal sjå at det nyttar å engasjere seg, seier ho.
Om ho skulle komme inn, ser ho mest fram til å vere ein del av eit lag som er kompromisslaus i klima- og natursaka. Ho viser kva MDG oppnådde i byrådet i Oslo etter valet i 2015.
– Sjølv om vi får motstand frå andre parti som meiner vi er for radikale og urealistiske, så gjennomfører vi den politikken vi ser trengst. Eg ser fram til moglegheita for å gjere det same nasjonalt.
Samstundes er ho spent på kva som vil møte henne. Ho vil måtta flytte til Oslo og legge opp livet på nytt og får nye, lange arbeidsdagar. Ho gru-gler seg litt over tanken på det.
– Heldigvis har eg god kontakt med stortingsgruppa og partileiinga. Eg trur det vil gå fint, seier ho.
Blir forbanna
Som ung, kvinneleg klimaaktivist representerer Sjursæther kommentarfelt-gubbane sitt verste mareritt. Ho har fått brev i posten, blitt ringt opp av framande og fått innboksen sin rent ned av negative kommentarar. Det er noko ein diverre vert van med som MDG-politikar, særleg viss ein er ung og kvinneleg, seier Sjursæther.
– Eg blir forbanna av hets og sjikane i kommentarfeltet. Ikkje fordi det går inn på meg, men det skremmer andre unge kvinner frå å delta i samfunnsdebatten. Det er eit stort tap for demokratiet. Det er noko vi må ta på alvor, seier ho.
Likevel oppmodar ho alle til å engasjere seg for saker dei bryr seg om. Noko av det som har overraska henne mest, er kor mykje ein toler når ein trur på prosjektet ein jobbar for.
– Og det er verdt det. Kvar dag i veka.
– Ansvarsfråskriving
Som MDG-politikar er det naturlegvis miljøsaka som ligg nærast hjartet til Sjursæther. Ho meiner det viktigaste einskildtiltaket Noreg kan gjere, er å stenge ned dei oljefelta på norsk sokkel som er både dei mest ureinande og dei minst lønsame.
Vidare meiner ho at styresmaktene må ta ansvaret for å gjere det lettare for folk å ta klimavenlege val. Ho meiner det ikkje kan vere sånn at berre dei med aller best råd kan delta i klimakampen.
– Når ein ikkje torer å gjere klimavenlege alternativ billigare og klimafiendtlege alternativ dyrare, vert klimakampen redusert til om dama i gata kan ta seg råd til å kjøpe økologiske gulrøter på butikken, seier ho.
Ho politikarane unnlèt å gjennomføre den politikken som trengst for å nå klimamåla, i frykt for å tape ansikt.
– Det er ei ansvarsfråskriving. Det går ut over alle oss andre som prøver å ta medvitne val i kvardagen, seier ho.
Ho er difor stolt over MDG som torer å snakke om å auke bompengane, kutte prisen på kollektivtransport, gjere kjøt dyrare og vegetarmat billigare.
– Vi kan ikkje behandle klimatiltak som ein meny der vi berre vel dei grepa vi likar best, og vel vekk alt anna.
Einsaksparti?
Tar ho blikket vekk frå klimasaka, trekker ho fram to saker som er viktige for henne: auke barnetrygda og ta Oljefondet ut av Israel.
I dei siste stortingsvala har MDG profilert seg som eit blokkuavhengig parti, som kan samarbeide i begge retningar, som ikkje på førehand vil peike på ein statsminister frå Ap eller Høgre. Men Sjursæther er ikkje i tvil om kva hennar føretrekte alternativ er.
Trass i at ho er skuffa over kva Støre-regjeringane har gjort – eller ikkje gjort – for klimaet, ser Sjursæther til Støre som den statsministeren som MDG kan få mest gjennomslag med.
– Mange kallar MDG eit einsaksparti. Det kan hende, men i så fall er den eine saka solidaritet. Klimasaka handlar i botn og grunn om solidaritet med menneske som bur på andre sida av verda, med dyr og natur, seier ho.
Ho viser til at venstresida har større potensial for gjennomslag i andre viktige saker for MDG, som fattigdomsbekjemping og å stille opp for menneske i nød, krig og konflikt.
Og alternativet på høgresida får henne til å grøsse.
– Ingenting gir meg meir frysingar på ryggen enn tanken på Sylvi Listhaug som statsminister, Dag Inge Ulstein som ein barne- og familieminister som vil fjerne alle pride-flagga frå skulane, ein energiminister frå Frp som opnar for oljeboring i Lofoten og ein finansminister frå Høgre som gir skattelettar til dei som har mest i staden for å ta fleire familiar ut av fattigdom, seier ho.
Elskar shopping
– Fem kjappe til slutt. Kva vil du seie er mest typisk MDG-ar ved deg?
– At eg er veganar.
– Kva er minst typisk MDG?
– Eg elskar å kjøpe klede.
– Om du skulle dratt på ein politisk sommarleir for eit anna parti, kor ville du dratt?
– FpU. Eg trur det ville vore eit spennande kultursjokk. Tenk å vere floge på veggen der! Eg ser for meg det ville vore fyll og fest, og eg har høyrt rykte om at dei har kostymefestar. Det hadde vore artig.
– Om du kjem inn på Stortinget, kva vil du sakne mest ved Bergen?
– Mamma. Og hunden min, Olivia.
– Du har sett skulen på pause for å drive med politikk på fulltid. Kva fag er du mest glad for å sleppe unna?
– Matte. Men eg merkar, når eg snakkar med andre folk, at det er ein del allmennkunnskap eg har gått glipp av! Eg har mista ein del geografi, historie. Eg føler meg litt utanfor. Så eg gler meg til å få ta opp dei faga!