Etienne (23) gøymde seg i fleire dagar då opprørarar tok Goma
Ei veke etter at den militære gruppa M23 tok over byen Goma i Aust-Kongo erklærer dei einsidig våpenkvile. Etienne Byeka Mazambi (23) er usikker på om det blir fred.
– Heile natta spurde eg meg sjølv kva eg skulle gjere om dei kom inn i huset mitt. Korleis skulle eg forsvare meg sjølv? fortel Etienne Byeka Mazambi (23) frå Kongo på Whatsapp.
Natt til måndag 27. januar blir det meldt om eksplosjonar og skot i Goma, ein millionby aust i Den Demokratiske Republikken Kongo (DR Kongo), på grensa til Rwanda.
Det er den militære gruppa M23 som har teke over byen. FN har slått fast at gruppa er støtta av Rwanda, noko Rwanda nektar for.
● Les også: Krigen i Kongo – kort forklart
Utan straum og dekning
Etienne Byeka Mazambi (23) studerer engelsk og afrikansk kultur ved universitetet i Goma.
Etter fleire dagar utan straum og dekning kan han endeleg ringe på Whatsapp og fortelje om situasjonen:
– I dagane før krigen brot ut var det styrker frå mange land i her, frå Sør-Afrika, Uganda, USA og andre.
Allereie sundag kveld, den 26. januar, høyrde Etienne skot og bomber i byen.
– Marknaden var stengt, folk var heime, og vi lukka alle dørene, fortel han.
Sjølv om Etienne var glad for å vakne opp i live på måndag, hadde det vore ei uroleg natt.
FN fordømmer
Måndag 27. januar erklærte M23 at dei hadde teke kontroll over Goma. FN fordømmer åtaket.
– Eg høyrde skot frå alle hjørne av byen. Eg ville fortelje familien min om situasjonen, men det var umogeleg, fortel Etienne.
Han bur saman med ein kamerat i Goma. Familien bur i ein provins lengre sør, og er ikkje er råka. Fordi både internett og straum forsvann etter angrepet kunne han ikkje kontakte familien, medan kompisane heldt fram å gøyme heime.
– Frå huset vårt kunne vi sjå over hjå naboen. To hus bortanfor var to menneske drepne, fortel Etienne.
- Les også: Kva skjer i Sudan?
Uroleg område
Krigen i Aust-Kongo er ein komplisert og langvarig konflikt. Det rwandiske regimet tener pengar på mineral frå området. Samstundes er konflikten ei forlenging av den etniske konflikten som resulterte i folkemordet i Rwanda. M23 ynskjer å beskytte tutsiar i Kongo mot hutu-militsen FDLR.
Morten Bøås, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) kan fortelje at det har vore uro i området rundt Goma i lang tid.
– I dei rurale områda er det eit mylder av ulike opprørsgrupper, i tillegg til den kongolesiske hæren, fortel Bøås.
Han peiker på tiår med rapportar om overgrep mot sivile, kor også den kongolesiske hæren gjer seg skuldig i brot på menneskerettane.
År med konflikt har brote ned helsetenester og infrastruktur, noko som gjer den humanitære situasjonen prekær. FNs koordinator for naudhjelp i Kongo har åtvara om ein ekstremt bekymringsfull humanitær situasjon.
Folk har levd i redsel
Sjølv om området har vore fylt av konflikt i lang tid har det sjeldan har vore kamphandlingar i sjølve byen:
– Folk har levd i spenning og redsel i minst i ei veke før M23 kom inn i byen.
Bøås fortel av M23 angreip frå to retningar, slik at det var vanskeleg for folk å rømme.
Ettersom få ynskjer å rømme inn i Rwanda er den einaste vegen over Kivusjøen. Her er det få båtar som kan frakte mange menneske, fortel Bøås.
– Ei geriljagruppe som evnar å omdanne seg til ein hær
Også i 2012 tok M23 over Goma, men trakk seg ut etter internasjonalt press. FN har hatt fredsbevarande styrkar i området, med namn MONUSCO.
– Det som skil dette frå 2012 er at FN nedskalerer. Det var nesten berre dei sørafrikanske styrkane som forsøkte å yte motstand, fortel Bøås.
Ifølge Bøås fall forsvaret av Goma som eit korthus. Den kongolesiske hæren gjekk i oppløysing i løpet av kort tid, og leigesoldatar frå Romania og Bulgaria slåst heller ikkje.
– Når M23 får støtte av Rwanda er det ei geriljagruppe som evnar å omdanne seg til ein hær. Dei som skulle forsvare Goma hadde ingen ting å stille opp med.
– Gret over alt dei hadde mista
Fire dagar etter at M23 har teke over Goma vågar Etienne seg endeleg ut av huset. Byen som møter han er annleis enn han hugsar den. FN melder om 900 døde og mange er skadde.
– Det var døde kroppar. Vegane var fylt av murstein og kartong. Dei som eigde butikkar gret over alt dei hadde mista, fortel han.
Etienne fortel at mange plukka med seg det dei fann av mat på bakken, etter fleire dagar med lite mat. Dei kongolesiske soldatane hadde etterlate både bilar, helikopter og våpen.
Mange er gått i skjul, og ifølge Etienne har M23 gitt beskjed om at alle som skjuler soldatar og politi heime må angi dei for å ikkje sjølv å hamne i trøbbel.
– Haugane med uniformer var alt som låg igjen etter soldatane, fortel Etienne.
Usikker våpenkvile
Etter å ha teke over Goma marsjerte M23 sørover mot den neste provinshovudstaden, Bukavu. Dei erklærte at dei ynskja å ta hovudstaden Kinshasa.
– Eg trur dei planla å ta Bukavu, men dei møtte nok ganske hard motstand på den militære flyplassen nord for Bukavu, fortel Bøås.
Han peiker også på at Rwanda er under hardt internasjonalt press. Måndag 3. februar erklærer M23 ei einsidig våpenkvile.
Bøås er likevel usikker på framtida.
– M23 har ikkje lagt ned våpena, og dei har sagt dei vil forsvare posisjonen sin, fortel Bøås.
Trur ikkje på ny storkrig
Eksperten trur våpenkvila avheng av kva den kongolesiske hæren og andre militsar gjer. Dersom dei angrip M23 reknar han med at krigen er i gang igjen.
– Førre gang blei Rwanda pressa til å avgrensa støtta si til M23, men nå er den rwandiske økonomien sterkare, fortel Bøås.
Han fortel at FN er forsiktige med å leggje for hardt press på Rwanda, ettersom dei yter hjelp til FN-operasjonar andre stader, slik som i Sør-Sudan.
Dei har også hjelpt Frankrike å overvinne ei jihadisk-gruppe i Mosambik. Presset har ikkje resultert i sanksjonar mot Rwanda.
Regionalt arbeider Kenya for å få på plass ei diplomatisk løysing mellom Kongo og Rwanda.
– Eg trur ikkje det blir nokon ny storkrig, slik som vi har sett i Kongo tidlegare. Men dersom M23 held fram mot Bukavu kan dei støyte på troppar frå Burundi, og trekke dei inn i konflikten, seier Bøås.
Han har likevel tru på at dei framleis kan finne ei politisk løysing.
– Kenya planlegg eit møte mellom presidentane denne veka, så vi får sjå om det gir resultat, avsluttar han.
Ingen vanleg fred
Etienne er også usikker på kva framtida vil bringe. Han bekymrar seg for prisane som aukar i byen, og maten som blir dyrare.
– Det er ingen fred slik vi kjenner han. Det er ingen administrasjon og ingen skule, fortel Etienne.
Han er usikker på kva løysinga er. Presidenten i DR Kongo har nekta å forhandle med M23 så lenge det framleis er krig. Håpet er at møtet i Kenya vil bringe fram, og løyse situasjonen i Goma.
– Men korleis vil dei fjerne styrkane i Goma? Om dei gjer det med tvang vil det bli mange offer.