Den nye leiaren av Solidaritetsungdommen ønsker seg framleis fred på jord i bursdagsgåve.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Antirasisme er noko som står meg veldig nært. Det handlar om å stå opp for rettferd, same kven det gjeld – å vera ein alliert.

Maria Louise Hundeide Godoy er ny leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Etter at ho vart introdusert for omgrepet interseksjonalitet, har ho blitt endå meir klar over korleis ulike former for diskriminering heng saman og forsterkar kvarandre.

Maria Louise Hundeide Godoy

Alder: 22

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Slettheia i Kristiansand

Yrke/utdanning: Siste året på bachelor i utviklingsstudium på Oslomet

Favorittfag på skulen: På vidaregåande var det historie og religion, men på universitetet var det global historie

Ulike verv: Var leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Krsitiania, no leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom nasjonalt

Medlem i: Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, NeiTilAtomvåpen

 

22-åringen har mellom anna eit sterkt engasjement for Palestina.

– Eg meiner det er ein av vår tids viktigaste rettferdskampar. Det handlar om å stå på riktig side av historia! skriv Godoy i ein e-post til Framtida.no.

I tillegg er likestilling og rettar for alle, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet eller seksuell orientering, heilt grunnleggjande for den nye leiaren.

Sidan ho var lita har Godoy hatt eit enkelt, men stort ønske: fred på jord.

– Når folk spør kva eg ønskjer meg til bursdag, så er det framleis det eg svarer. Eg meiner framleis det er mogleg. Slik som Audun Lysbakken seier i podkasten sin: «Me lever i ei lagnadstid, og det er ikkje gitt kva utfallet blir endå». Det gir meg motivasjon i alle fall!

Vil leia med kjærleik

22-åringen frå Kristiansand vil vera ein leiar som er rettferdig, open og tilgjengeleg, og som lyttar aktivt, inkluderer og står stødig i verdiane til Solidaritetsungdommen.

– Eg trur det er viktig å kunna ta ansvar og setja retning, men minst like viktig å gi plass til andre, og leggja til rette for at fleire kan blomstra. Eg vil vera ein leiar som snakkar med folk. Leiing handlar om fellesskap, ikkje kontroll. Og så vil eg leia med noko som kanskje ikkje alltid blir sagt høgt, nemleg kjærleik. For det er der alt byrjar.

Maria Godoy held appell utanfor Stortinget. | Foto: Privat

Førebiletet hennar er først og fremst mora, som alltid har vore der for ho og som ho skildrar som sin aller beste ven.

– Ho har lært meg å stå for det eg trur på, møta menneske med openheit og kjærleik, og aldri gløyma kven eg er.

Godoy trekker òg fram den tidlegare leiaren av Solidaritetsungdommen Amanda Hylland Spjeldnæs.

– Ho er eit stort førebilete for meg, både på grunn av det ho har fått til og måten ho har gjort det på. Ho er ein GIRLBOSS. Ho viser styrke, klarleik og ein varme som inspirerer.

Snill, ærleg og kjærleg

Det er mange faktorar som har gjort Godoy engasjert for samfunnet. Far hennar kom som politisk flyktning frå Chile, og har snakka om rettferd, motstand og solidaritet sidan ho var barn. Mora har òg fremja ein leveregel den nye leiaren av Solidaritetsungdommen brukar kvar dag: At ein skal vera snill, ærleg og kjærleg.

Mor og far til Maria Godoy på ein Palestina-demonstrasjon i Kristiansand. | Foto: Privat

– Eg hugsar eg syntest det var rart at så få rundt meg reagerte på all urettferda – både i min eigen by, i Noreg og i resten av verda. Hadde ikkje fleire det same mottoet? Eg kjem frå Slettheia, ein kulturrik plass eg er skikkeleg stolt av, men eg merka tidleg at det var mykje stigma knytt til staden. Alle kommentarane eller blikka som kom då eg sa stolt at eg var derfrå. Det gjorde meg tidleg oppteken av antirasisme, kultur og viktigheita av å seia frå når noko ikkje er rett.

Godoy hugsar at ho såg Ammal Ahmed Haj Mohamed, ein tidlegare leiar av Solidaritetsungdommen, på demonstrasjonen «We can’t breathe» 5. juni 2020, på TV heime i Kristiansand.

– Det gjorde sterkt inntrykk, men eg kopla det ikkje til Norsk Folkehjelp der og då – eg trudde dei berre dreiv med sanitet og førstehjelp. Det var først hausten 2022, då eg møtte ein koseleg og engasjert gjeng på stand på Oslomet, at eg oppdaga Solidaritetsungdommen. Det trefte noko i meg. Sidan då har eg vore med – og eg har aldri angra eit sekund.

Ungdomsmakt

Ei av dei viktigaste sakene for Solidaritetsungdommen i år, er å setja fokus på ungdomsmakt. På årsmøtet vedtok dei at årets hovudkampanje er «Demokrati under press».

Godoy understrekar at det handlar om rettar, verdiar og kven som skal vera med å forma morgondagen. Når demokratiet blir svekt, meiner ho dei unge må reisa seg og ta plass.

– Alle seier at det er ungdom som er framtida, men då er det lett å gløyma at me også er her NO, i dag, og me har kraft til å forandra ting allereie i dag.

Solidaritetsungdommen vil ha ein debattkultur der folk kan vera usamde utan å bli fiendar, og der polarisering møtest med mot, kunnskap og fellesskap.

– Ungdomsmakt er ikkje berre eit slagord, det er eit tydeleg svar på ei tid der me må velja kva veg samfunnet skal gå. Me er jo trass alt framtida.

Maria Godoy på Solidaritetskonferansen på Utøya i 2023. | Foto: Privat

Palestina og asylpolitikk

Palestina er viktig for Solidaritetsungdommen. Dei krev at Noreg tek tydeleg politisk ansvar gjennom sanksjonar, boikott og aktiv støtte.

– Kvar einaste dag i både Gaza og på Vestbreidda blir palestinarar fråteke grunnleggjande rettar: Dei mistar land, fridom og framtid til fordel for ein ulovleg okkupasjon som bryt med all internasjonal rett. Dette er ikkje berre ein lokal konflikt, det er vilja politikk, ein menneskeskapt katastrofe.

Under årsmøtet vedtok dei å gjera boikott til ein meir aktiv del av solidaritetsarbeidet.

Maria Godoy på Machu Picchu hausten 2024 i «Free Palestine»-t-skjorte. | Foto: Privat

– Boikott er eit prakteksemplar på solidaritet i praksis, meiner leiaren.

Solidaritetsungdommen meiner alle har ansvar for å reagera på den globale uretten.

– Når Trump og andre leiarar kuttar bistand og svekkjer FN-organisasjonar som UNRWA og andre organisasjonar, blir det så sjukt tydeleg korleis verdssamfunnet sviktar. Me lever i ei verd som ikkje er fattig, men urettferdig, og forskjellsbehandlinga av kven som får støtte, og kven som blir gløymde, seier ALT. Å støtta Palestina handlar ikkje om velgjerd, men om rettferd og solidaritet.

Godoy vil òg trekkja fram human asylpolitikk som ei viktig sak for organisasjonen no. Ho peikar på at det aldri har vore fleire menneske på flukt, og at dei flyktar på grunn av krig, forfølging, klimaendringar, vald og menneskerettsbrot.

Solidaritetsungdommen meiner Noreg fører ein streng og ekskluderande asylpolitikk som gjer det unødvendig vanskeleg for menneske på flukt.

– Folk lever som papirlause i Noreg i årevis, utan rettar, utan tryggleik og med eit system som i praksis nektar for at dei finst. Og som om ikkje det er heilt forferdeleg, så toppar norske politikarar det heile med å senda eit tydeleg signal om at nokre flyktningar er meir verd enn andre. Kva seier det om oss som samfunn? Jo, at me har begynt å rangera menneskeliv.

Draumeoverskrift

Om Maria Louise Hundeide Godoy vakna opp til draumeoverskrifta si, hadde ho sett slik ut: «Oljefondet droppar alle investeringar i okkupasjonen – Noreg trassar verda og går føre for eit fritt Palestina!»

Idealsamfunnet hennar er eit samfunn der solidaritet og rettferd står i sentrum: Eit samfunn der alle har like moglegheiter, og der ingen blir haldne utanfor.

– Eit slikt samfunn oppnår me gjennom aktiv kamp mot rasisme og diskriminering, gjennom rettferdig fordeling av makt og ressursar, og ved å alltid velja fellesskap framfor egoisme. Kort sagt er idealsamfunnet eit samfunn der me viser solidaritet i praksis – kvar einaste dag.

Hummusdate med «The double J»

Om leiaren av Solidaritetsungdommen kunne invitera kven som helst på middag, hadde invitasjonen gått til dei ho kallar «The double J»: Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg. Ho ville teke dei to politikarane med på ein skikkeleg festkveld hos Gaza Kjøkken i Oslo. Der skulle dei fått smaka på det ho meiner er den beste hummusen i byen, og dessutan crispy falafelar, baba ganoush og tabbouleh så god at dei ville bede om oppskrifta med éin gong.

– Dei skulle fått heile opplevinga: Autentisk palestinsk streetfood, god stemning og så klart ein GENOCIDE FREE Palestina-cola. Hallo, berre tenk kor fint det hadde vore å sjå Jonas og Jens leggja vekk politikken eller skiturane i marka, mot å småprata med hyggelege folk, le, eta god mat og bli kjent med palestinsk kultur på ein heilt ny måte.

Ho trur dei har godt av å læra kor mykje kjærleik og historie som ligg i maten.

– Dette meiner eg er Noregs viktigaste hummusdate, med to menn som treng ein kveld med både smaksopplevingar og ekte kulturutveksling!

Leiaren av Solidaritetsungdommen synest hundar er fine, men likar at kattar er litt meir sjølvstendige. Ho vel New York over hyttetur, trass i at ho ikkje likar USA. Illustrasjon: Canva

Bachelorskriving

På fritida likar 22-åringen å henga med venner, dra på ulike aksjonar og arrangement og kanskje best av alt å besøkja grandtanta Mia.

– Ho har så mange fine og gode historier.

Akkurat no sit Godoy på universitetet for å skriva på bacheloroppgåva i utviklingsstudium ved Oslomet.

– Det er til tider krevjande, kjedeleg, irriterande, men også veldig spennande.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Per dags dato så stiller bachelorskrivinga og sosiale medium ganske likt. Men eg må også innrømma at seriar også tek litt av tida mi. Roomien og eg diggar å sjå på håplause seriar og berre kopla heilt ut nokre gonger. Det meiner eg er viktig.

For å halde seg oppdatert brukar 22-åringen NRK nyheiter, vennar og sosiale medium.

– Spesielt TikTok kanskje, haha. Men Debatten på NRK er også ganske god på å oppdatera meg. Dei tek av og til opp tema eg faktisk ikkje kan nokon ting om, og det synest eg er veldig spennande.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lesa?

Bokomslag: Res Publica

Krig er forakt for liv. Et essay om fred av Linn Stalsberg. Her tek ho opp narrativet rundt militarisme. Det høyrest tørt ut, men fy søren så spennande ho er. Tenk at me alle meiner at trua på tryggleik kviler i det militære, heilt sjukt.

– Me gjer jo aldri oppgjer mot natur, som naturkatastrofar, men me gjer oppgjer mot kultur, som fattigdom. Krig er faktisk ikkje natur, det er kultur, men likevel tek me krig som sjølvsagt, noko uunngåeleg. Stalsberg utfordrar dette tankesettet og får deg verkeleg til å tenkja på kvifor me godtek noko som er så øydeleggjande. Alle burde lesa denne boka for å få eit heilt nytt syn på kva fred og tryggleik eigentleg handlar om.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Team Pølsa, 10/10 serie! Så utruleg viktig og god serie.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Bohemian Rhapsody av Queen.