Krig er forakt for liv er eit uryddig og svakt argument for fred og mot krig. Men mellom mykje gråstein finst det litt gull. 

Magnus Rotevatn
Publisert

Den nyaste boka til Linn Stalsberg – Krig er forakt for liv – er ei formaning om å velja andre alternativ enn krig.

Det høyrest kanskje heilt sjølvsagt og ukontroversielt ut. Men det er det absolutt ikkje.

Norma er militære løysingar og vald, også i «fredsnasjonen» Noreg. I dag er det tverrpolitisk semje om opprusting. Og norske styrkar har drive krigføring i utlandet nesten heile levetida mi.

Kvifor får krigismen fossa fram? Finst det ikkje betre alternativ?

Krig er forakt for liv. Et essay om fred

Forfattar: Linn Stalsberg

Forlag: Res Publica

Utgjeve: 2024

Sjanger: Sakprosa/Debattbok

 

Uklår argumentasjon

Stalsberg meiner at me bør jobba for fred og alternativ til krig. Dessverre fomlar ho med argumentasjonen. Dei som ynskjer ammunisjon til å forsvara pasifisme og ikkjevald vil bli skuffa.

Boka borar seg aldri djupt nok ned i materien. Dei klassiske argumenta for krig og militarisme blir i stor grad verande urørte. Dette er altså ikkje ei bok som klarar å overtyda skeptikarar.

Krig er forakt for liv er òg ufokusert. Boka minner om ein slags «best of» av kva forfattaren tilfeldigvis har tenkt og lese. Sjølv om Stalsberg kjem med mange gode poeng, klarar ho difor ikkje å veva dei saman til eit solid og samanhengande forsvar for freden.

Eg saknar eit heilskapleg argument.

Diffus

Analysane boka presenterer er ikkje særleg skarpe. Til dømes manglar ho eit godt grep om kva krig er – og korleis det er ulikt fred. Desse omgrepa blir verande diffuse.

Stalsberg sin argumentasjon går ut frå at krig og fred er alternativ til kvarandre. Dette er ei grov overforenkling.

Krig og fred flyt inn i kvarandre. Militarisme og styresmakter som brukar vald finn ein båe stader. I tillegg hoppar skiljet mellom krig og fred bukk over det faktum at me ikkje lever «under selvvalgte forhold, men under forhold som er umiddelbart gitt og overlevert».

Resultatet av ei uklår forståing av krig er at boka manglar gode svar på korleis me kan jobba for ei fredelegare verd.

Lyftar fram skjult historie

På eitt punkt er boka verkeleg god. Rett og slett heilt fenomenal! På briljant vis syner Stalsberg fram noko me har tapt: Den norske fredsrørsla har forvitra og blitt gløymd.

Kor mange kjende norske militærnektarar kan du namnet på?

Dei som ynskjer å ha krig og vald som ein del av repertoaret har hegemoni i Noreg. Det er flust av institusjonar der ein kan diskutera militært forsvar, tryggleikspolitikk og krig. Men idear om ikkjevald manglar ein stad å bloma. Heilt sånn har det ikkje alltid vore.

Krig er forakt for liv lyftar fram ein skjult del av historia. Tidlegare fanst ei solid og aktiv fredsrørsle i Noreg. Mykje av dette har forsvunne og blitt gløymd, særleg i samband med at siviltenesta blei avskaffa.

Mogleg å tenkja annleis

Krig er forakt for liv har openberre veikskapar. Lesaren vil nok ikkje endra synet sitt på krig og fred.

Likevel er boka kjærkomen på sitt vis. Den norske debatten om tryggleik og forsvar er einspora og full av vedtatte sanningar. Me treng alt som kan røska opp og forstyrra ein søvnig offentleg samtale.

Stalsberg gjer dette best ved å syna at det er mogleg å tenkja annleis – og at det i den norske historia finst ei fredsrørsle og mange modige militærnektarar.

Men eg skulle eigentleg ynskja at boka var sterkare og slo hardare.

Terningkast: 2