Nye tal frå politiet: Kraftig auke i ungdomskriminaliteten

Det har vore ein auke i ungdomskriminaliteten på 19 prosent dei siste fem åra. Auken er størst blant dei yngste ungdommane, ifølgje tal Høgre har henta ut.

NPK-NTB
Publisert

– Det er ein eksplosiv vekst i vald, ran og våpenbruk. Dette har skjedd på vakta til regjeringa, og det er deira ansvar, seier justispolitisk talsperson Peter Frølich i Høgre til NTB.

Høgre har fått innsyn i dei nasjonal kriminalitetstala til Politidirektoratet for 2024 og sett spesielt på dei yngste gruppene lovbrytarar.

Medan det var ein nedgang i ungdomskriminalitet frå 2023 til 2024 på 4,2 prosent, var det i femårsperioden frå 2019 til 2024 ein auke i omfanget på 18,7 prosent.

– Alle veit at førebyggjande arbeid er det smartaste politiet kan gjera. Men nokre kriminelle lèt seg ikkje stoppa før ein set hardt mot hardt. Dei som gjer byane utrygge, må rett og slett bort frå gata, seier Frølich.

Dette er tala:

  • Kriminaliteten gjort av dei mellom 10 og 14 har auka med 44,3 prosent sidan 2019.
  • Blant ungdom mellom 15 og 17 var auken 9,5 prosent i same periode.
  • Mykje av nedgangen frå 2023 til 2024 kjem av ein reduksjon i mindre tjuveri.
  • Ran har auka med over 50 prosent frå 2023 til 2024. 896 ran gjort av unge i fjor.
  • Sidan 2019 har omfanget av ungdomsran auka med 77,8 prosent.

Frølich meiner utviklinga delvis har samanheng med at regjeringa har prioritert «enorme summar til å gjenopna lensmannskontor i område utan kriminalitet». Han viser også til politiet sine eigne bemanningstal som viser ein nedgang på 309 politifolk i distrikta sidan tiltredinga til regjeringa i oktober 2021 til utgangen av 2024.

– Me må ta tak

Justis og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) seier til VG at ho gler seg over at ungdomskriminaliteten totalt sett har gått ned.

– Samtidig som me må ta tak for å unngå at auken i ran og grove ran held fram. Dei seinare åra har me sett ei urovekkjande utvikling der ei lita gruppe barn gjer seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet, seier ho i ein skriftleg uttale avisa.

Aas-Hansen viser mellom anna til at dei har auka politibudsjettet med 10 prosent frå i fjor. Og at dei i år har sett av 405 millionar kroner til førebygging, inkludert 100 millionar til beredskapsteam og andre skuletiltak i kommunane.

– Politimeistrane kjenner distrikta sine best, og er dei som gjer dei konkrete prioriteringane for distriktet sitt, seier ho.

Følbare konsekvensar

– Me treng raske og følbare konsekvensar for unge som bryt lova. Dette kan oppnåast gjennom hurtigdomstolar. For dei verste gjengongkriminelle må me ha eigne institusjonar med låste dører, slik at samfunnet kan vernast, seier Frølich.

Tidlegare har Høgre henta ut tal som viser ein kraftig auke i unge, kriminelle gjengangarar:

  • Fire eller fleire lovbrot: 43 prosent auke frå 2021 til 2024, frå 724 til 1035
  • Ti eller fleire lovbrot: 80 prosent auke frå 2021 til 2024, frå 128 til 230

– Høgre støttar også visitasjonssoner i byane, éin-til-éin-fotfølging av unge i risikosona og eit såkalla «veslebrorprogram» for å redda søsken av gjengmedlemmer. Mykje av dette er vedteke, og hastar å få på plass, seier Frølich.

Sigrun Refsnes (t.v.) og Alma Tokle framføre Politihuset på Grønland i Oslo.