Regjeringa lanserer klimamelding hjå oljeaktør: – Urovekkande
– Dette valet sender eit veldig urovekkande signal, seier Spire.

Saka vart oppdatert 11: med kommentar frå AUF.
Torsdag denne veka lanserer regjeringa si nye klimamelding. Det skjer hjå Worley Rosenberg i Stavanger, ein sentral aktør i leverandørindustrien til norsk olje og gass.
– Dette valet sender eit veldig urovekkande signal. Når meldinga lanserast i lokala til ein aktør som jobbar tett med fossilnæringa, er det vanskeleg å tru at regjeringa verkeleg er klar for å ta den naudsynte omstillinga på alvor.
Det skriv Elise Åsnes, leiar i Spire, i ei pressemelding.
Byggjer fellesskap
– Worley Rosenberg har kompetanse, tyngd og vilje til å vere med på den omstillinga vi står overfor, og eg er glad for at eg kan presentere klimameldinga nettopp her.
Det skriv klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga til Framtida.no. Han vektlegg at Noreg treng konkurransekraft, tryggleik og trygge jobbar i heile landet for å lukkast med omstillinga til lågutsleppssamfunnet.
– Vi skal skape jobbar, kutte utslepp og byggja sterkare fellesskap. Alle sektorar må kutte utslepp i tråd med Noregs klimamål, også dei som jobbar i eller med oljenæringa.
Bjelland Eriksen avslørte noko av innhaldet i klimameldinga på Arbeidarpartiet sitt landsmøte førre veke. Ifølgje klima- og miljøministeren skal vi kutte utsleppa med 70 til 75 prosent innan 2035, samanlikna med nivåa i 1990.
Håpar på omstilling
Elise Åsnes seier på telefon til Framtida.no at ho håpar at lanseringsstaden vil seie at regjeringa vil kome med tydelegare planar for oljeindustrien, og korleis dei skal omstille seg.
– Eg ønsker meg spesielt ein omstillingsplan for næringslivet, slik at dei kan trygge arbeidsplassar i klimapolitikken.
Det har ho likevel lite tru på.
– Ein klimapolitikk som i så stor grad baserer seg på kvotar, kombinert med at dei lekkasjane som har kome om klimameldinga er så svake, gir ikkje tryggleik til omstilling næringslivet.
Spire meiner Noreg må ha eit mål om å kutte utslepp med 80 prosent innan 2035 for å vere i tråd med Parisavtalen, og at dette må vere eit nasjonalt mål som ikkje blir nådd gjennom klimakvotar.
– Vi er veldig bekymra av at regjeringa lempar over ansvaret på andre land gjennom kvotar, det er ein urettferdig måte å kjøpe seg unna ansvaret i klimakrisa.
Tida løper frå oss
Sigrid Døving Bjerke, som er ansvarleg for klima og natur i sentralstyret til AUF, synest ikkje det er rart å lansere klimameldinga hjå Worley Rosenberg, sidan fossilnæringa må vere med på endringane som skal skje.
Samstundes saknar også ho høgare klimamål og eigne mål for nasjonale utslepp i det som har kome så langt om klimameldinga.
– Det er likevel bra at regjeringa seier dei vil ha ein ambisiøs politikk. Det aller viktigaste er at vi kuttar utslepp og omstiller samfunnet vårt på ein rettferdig målte, klimamåla åleine vil ikkje gjere det for oss, vi treng meir tiltak i klimapolitikken, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
Tida løper frå oss
Regjeringa har også varsla at kommunane skal få sette lokale klimakrav til bygg, og anleggsplassar, som kan føre til at fleire brukar maskinar utan utslepp.
Bjerke håpar at regjeringa vil ta behovet for ei rettferdig omstilling og utsleppskutt på alvor i morgon.
– Tida løper frå oss no, og vi må gjere det vi kan for at ting skal skje på ein rettferdig måte og gå mykje raskare enn no.