Orkidee (17) opplevde at adressa påverka karakterane: – Store forskjellar i byen vår
Gjennom ungdomsrådet har ho engasjert seg for å jamne ut forskjellane.

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Eg såg at det var store forskjellar i byen vår. Eg gjekk på offentleg nærskule i bydelen min, som er bydel Alna. Eg merka at sekundet eg slutta på den skulen og bytte skule til ein anna stad i ein annan bydel, så vart plutseleg utdanninga mi og resultata mine mykje, mykje betre.
Framtida.no møter Orkidee Farzehsaeid (17) på Rådhuset i Oslo. Den nyvalde leiaren av Sentralt ungdomsråd i Oslo (SUR) fortel om vekkjaren ho fekk.
– Då skjønte eg at det var noko gale, for adressa mi i Oslo skulle jo ikkje vere med på å bestemme utdanninga mi og kor flink eg er på skulen.
Farzehsaeid understrekar at ho elskar å bu i bydelen sin, sjølv om ho opplever at skuleresultata hennar har blitt betre i ein annan bydel.
Sentralt ungdomsråd
I dag går 17-åringen på IB-linja (International Baccaelaureate) på Blindern vidaregåande skule. Ho starta i ungdomsrådet til Alna i 2023, og var i fjor medlem av arbeidsutvalet til Sentralt ungdomsråd. No er ho leiar for rådet.
Sentralt ungdomsråd er eit rådgjevande organ for byrådet og bystyret i saker som angår unge. Dei representerer ungdomsråda i dei ulike bydelane i Oslo.
– Det som gjer oss annleis enn til dømes ungdomsparti og partipolitikken, er at vi faktisk har fått ein lovfesta rett til å løfte unges meiningar og synspunkt til kommunane og fylkeskommunane, forklarar Farzehsaeid.
Alle kommunar har sidan 2019 vore lovpålagde å ha ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom.
Har ikkje stemmerett
Farzehsaeid synest ungdomsråd er viktig fordi barn ikkje har stemmerett.
– Det gjer det mykje lettare for oss unge å faktisk kunne vere med på å forme Noreg.
Om ikkje unge sine stemmer blir høyrde, endar ein med å lage politikk som ikkje er universell utforma, meiner ungdomsleiaren.
– Universell utforming er ikkje nødvendigvis berre for folk med funksjonsnedsetjingar. Det er for heile byen og for alle i Noreg, og då er det for unge òg. Når ein ikkje veit korleis ein skal lage ein by, eller eit land, som faktisk er skapt for unge, endar ein med å lage politikk som unge må slite seg gjennom, at fleire fell ut, fleire ikkje veit kva dei skal, og då endar vi opp med eit Noreg vi ikkje vil ha.
Gjennom ungdomsråd har ho og andre ungdommar moglegheit til å svare på kva politikarar trur er rett om unge.
Ungdommens bystyremøte
Dagen etter intervjuet presenterer Farzehsaeid sakene som er viktige for unge i Oslo for bystyret. Kvart år arrangerer dei Ungdommens bystyremøte (UBM) saman med UngOrg. Der blir unge frå heile Oslo samde om fem saker dei skal spele inn til politikarane.
Sakene som blei stemde fram på Ungdomens bystyremøte i fjor haust, og som er årets prioritet for ungdomsrådet, er:
- Betre barnevern i Oslo
- Beskytt Oslomarka
- Betre jobbtilbod for unge i Oslo
- Førebygge ungdomskriminalitet
- Styrk bydelane
– For meg så er nok det å førebyggje ungdomskriminalitet og styrkje bydelane dei to viktigaste sakene i år, seier Farzehsaeid.
Ho kjem sjølv frå ein bydel på austkanten med mange låginntektsfamiliar.
– Mange av ungdomskriminalitetssakene kjem jo frå der eg kjem frå. Ikkje at det nødvendigvis betyr at det har blitt så mange fleire av dei, men no har dei bestemt seg for at det skal bli mykje meir merksemd rundt dei.
Ho er glad i bydelen sin, og synest det er dumt at biletet av bydelen blir svekt i media.
17-åringen frå Alna synest det er motstridande at ein snakkar om å førebyggje ungdomskriminalitet, samstundes som det blir gitt mindre pengar til bydelane. Ho trekker fram ungdomsklubbar som ikkje har pengar til å drive og musikkutstyr på fritidsklubbar som støvar bort fordi ein ikkje har pengar til undervising.
– Vi snakkar heile tida om laget rundt den unge, eller laget rundt eleven. Då må vi skape eit lag, då.
Ordføraren: – Imponert
Ordførar i Oslo Anne Lindboe (H) meiner Sentralt ungdomsråd og Ungdommens bystyremøte gir dei som styrer byen verdifulle innspel om kva unge i Oslo er opptekne av.

Anne Lindboe er ordførar i Oslo. Foto: Sturlason/Oslo kommune
– Eg blir stadig imponert over det sterke engasjementet og dei gjennomarbeidde forslaga som kjem frå ungdomsrådet. Vi treng at ungdom engasjerer seg, det gjer byen vår betre for alle, uttalar ho i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga.
Sakene fra Ungdommens bystyremøte blei fordelt til relevante utval i forretningsutvalet, og presentert ved førre bystyremøte. Saksbehandlinga følgjer den ordinære politiske prosessen, der utvala vurderer og gir sine anbefalingar før endeleg avgjerd blir tatt i bystyret, opplyser dei.