10 ord og uttrykk å kunne når du reiser til Wales

1. mars er nasjonaldagen til Wales, og vi har samla inn nokre ord og uttrykk som kan vere fine å vite om du vil besøke landet.

Åshild Slåen
Publisert

St. David er skytshelgenen til landet Wales. Dagen hans, 1. mars, er nasjonaldagen deira.

I det høvet har Framtida.no høyrd med det walisiske språkrådet om ord og uttrykk nysgjerrige folk burde vite når dei besøker landet, saman med litt turisttips:

1. Cymru – Wales

Det er alltid greitt å vite namnet på landet du vil besøke, for Wales er ikkje det walisiske namnet deira, det er Cymru.

Relaterte ord er Cymry, walisarar, og Cymraeg, det walisiske språket. Vil du derimot ha adjektivet walisisk, er det Cymreig som gjeld. Altså, skal du kjøpe ei skikkeleg god walisisk kake, omtalar du ho som Cymreig, ikkje Cymraeg, sidan kaka ikkje kan prate.

Tips! Ein enkelt c blir uttala med k-lyd, ikkje s-lyd.

2. Croeso – velkommen

Når du køyrer inn i landet frå England, vil eit skilt med orda «Croeso i Gymru» møte deg. Det er altså «Velkomen til Wales». Croeso er også ordet du brukar når nokon takkar deg, som i «you’re welcome» eller «ver så god».

Tips! Vokalana oe her blir ein oi-lyd.

3. Diolch – Tusen takk

Sidan vi er inne på takk er «Diolch» neste ord. Mange som ikkje pratar walisisk i Wales kan ganske sikkert dette ordet, sidan landslaget deira i fotball hadde ordet på draktene sine i europameisterskapet i 2016, og laga ein eigen video der spelarane sa ordet.

Om du treng ein uttaleguide kan du altså ta ein titt her:

4. Os gwelwch yn dda – ver så snill

I nabolandet England legg dei til «please» på dei fleste førespurnader, men i Wales kan du prøve deg på Os gwelwch yn dda.

Bokstavleg talt betyr det «Om du ser godt». Kanskje ikkje så langt frå «Er du snill» eller «Ver så snill»?

Tips! Nei, walisisk har ikkje for mange konsonantar, dei uttaler w som ein vokal. Nærare bestemt som ein u-lyd. Ch-lyden liknar “loch” på skotsk, berre legg på litt meir skarring.

5. Shwmae / Su’mae – hallo

Strengt tatt tyder Shwmae eller Su’mae eigentleg «Korleis har du det?», men det er inga forventing om at du faktisk svarer på spørsmålet. Det er heller ei vanleg helsing. I sørlege Wales brukar dei Shwmae, medan dei med ei nordleg dialekt brukar Su’mae. Er du i landet 15. oktober, er du nesten garantert at nokon helsar deg på den måten, for då er alle oppmoda gjennom kampanjen Shwmae Su’mai day å opne samtalar slik.

6. Castell – slott

Caernarfon slott ligg nordvest i Wales. Foto: Nilfanion – Wikimedia UK (CC BY-SA 4.0)

Det er mange slott, eller «Castell», i Wales som er verdt å sjå, både dei bygde av engelske og walisiske adelsfamiliar. Til saman har dei 427 slott.

CADW er organisasjonen som beskyttar historiske minnesmerke i landet, og har ansvaret for 44 av slotta. Dei har nyleg bestemt seg for å berre bruke walisiske namn for slott i område der dei nærliggande byane berre har walisiske namn. Då kan det vere greitt å hugse ordet «Castell».

7. Caerdydd – Cardiff

Cardiff har vore hovudstaden i Wales sidan 1955, og om du vil bruke det walisiske namnet på byen, er det Caerdydd. Som Caer er eit lite hint til, er det eit slott i sentrum av byen. Der blir det arrangert store sportsarrangement og konsertar. Er du ein swiftie, fekk du kanskje med deg Taylor Swift-konserten der i fjor.

I byen har du også den walisiske nasjonalforsamlinga, Senedd, altså walisisk for senat.

Tips! Ein dobbel-d er det same som ein stemt th-lyd på engelsk, eller ein ð på islandsk.

8. Yr Wyddfa, også kjent som fjellet Snowdon

Yr Wyddfa, på sine 1085 meter, er det høgaste fjellet i Wales. Det er ikkje like høgt som Galdhøpiggen, men det er det mest populære fjellet i Eryri Nasjonalpark, med 600 000 besøkande kvart år.

Det engelske namnet på fjellet er Snowdon, men nasjonalparken har sidan 2022 berre brukt Yr Wyddfa i offisielle samanhengar.

Tips! Bokstaven f blir uttala som ein v-lyd.

9. Cacennau cri / Pice ar y maen / Pice bach – Walisiske kaker

Walisiske kaker er populære i heile landet, sjølv om det har litt forskjellige namn. Foto: zingyyellow via Wikimedia commons (CC BY 2.0)

Walisiske kaker er populære på St. Davids dag, men du kan også få det resten av året i Wales. Namnet varierer rundt om i landet avhengig av dialekta. I det nordlege Wales er det cacennau cri, som tyder ugjæra kake. Sørlege Wales seier pice ar y maen, steinbakte kaker, eller pice bach, små kaker stekt på takke.

Kakene er laga av mjøl, mjølk, sukker, smør, egg og tørka frukt og blir tradisjonelt steikte på ein bakestein, men du kan også steike dei i ei steikepanne.

10. Araf – sakte / sakk ned

Om du vågar deg til å køyre bil på «feil» side av vegen, vil du i Wales leggje merke til at skilt vil stå fyrst på walisisk, så på engelsk. Det er nemleg lova i landet. Då kan «Araf», ordet for sakte, vere fint å lære seg, om du ikkje rekk å lese heile skiltet. Etter 2023, då styresmaktene senka fartsgrensa på mange vegar frå 30 til 20 miles i timen (frå like over 48 til like over 32 kilometer i timen, for dei som ikkje har den engelske mila heilt inne), vart det eit ganske naudsynt skilt.

Vil du lære meir walisisk?

WALES: – Eit bilete inne i telefonkiosken skjer kvar einaste gong eg er i Wales, fortel Arian. Eit anna Wales-minne Arian har, er dette då ho blei måla med Wales sitt flagg i fjeset før ein rugbykamp. Foto: privat / kollasj Framtida.no