Åtte bykommunar får pengar til å ta tak i ungdomskriminalitet på skulane
Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Drammen, Sarpsborg og Skien får 70 millionar kroner til team som skal ta tak i kriminalitet på skulane

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier at det er utfordringar med ungdomskriminalitet i fleire større norske byar, og at det derfor trengst konkrete og målretta tiltak der problema er størst.
– Sjølv om det er auke fleire stader, har desse bykommunane størst utfordringar akkurat no, seier ho.
Ungdomskriminalitet på skular
Teama skal ta tak i kriminalitet blant barn og unge på skular i utsette område i dei største byane.
Kommunane kan sjølv foreslå korleis organiseringa av beredskapsteama best blir gjort. Dersom ordninga fungerer bra, kan det bli aktuelt å utvide henne, opplyser Nordtun.
– Skulane skal ikkje vere arenaer for kriminalitet eller rekruttering til kriminelle miljø. Barne- og ungdomskriminaliteten skaper store utfordringar for skulemiljøa fleire stader, seier ho.
Så mykje får dei ulike bykommunane:
- Oslo kommune: 24,5 millionar kroner
- Bergen kommune: 10,5 millionar kroner
- Kristiansand: 10,5 millionar kroner
- Trondheim: 7 millionar kroner
- Stavanger: 7 millionar kroner
- Drammen: 3,5 millionar kroner
- Sarpsborg: 3,5 millionar kroner
- Skien: 3,5 millionar kroner