Utdanningsdirektoratet åtvarar regjeringa mot å flytte eksamen til før 17. mai

Utdanningsdirektoratet frårår planen om å flytte eksamen til før 17. mai for russen. Også KS, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet seier nei.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vår tilråding til Kunnskapsdepartementet er å ikkje endre eksamensgjennomføringa til før 17. mai i 2026, konkluderer Utdanningsdirektoratet i utgreiinga si av ei mogleg eksamensflytting, som NTB har fått innsyn i.

Direktoratet vart av regjeringa beden om å greie ut moglegheitene og konsekvensane av å flytte eksamen for russekullet på vidaregåande. I den første delrapporten sin peikar dei på at skulane allereie med dagens ordning har problem med å gi elevane nok undervisningstimar før eksamen.

– Å flytte eksamensperioden til før 17. mai vil forsterke problema ytterlegare, heiter det i rapporten.

Rapporten kom før nyttår, men har enno ikkje vorte publisert. Den slår også fast at det ikkje er rom for å kutte meir ned på skuleåret utan at det vil gå ut over arbeidstidsavtalen til lærarane.

Kari Nessa Nordtun

– Eg er ikkje kjent for å vere opptatt av å finne problema, men eg er kjent for å vere opptatt av å finne løysingane, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Kunnskapsministeren: – Oppteken av å finne løysingar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har sagt at målet hennar er at skriftleg eksamen allereie til neste år skal vere avvikla før 17. mai for russen.

Ho vil ikkje skrote planen, sjølv om fleire no er negative – inkludert hennar eige direktorat.

– Eg er ikkje kjend for å vere oppteken av å finne problema, men eg er kjend for å vere oppteken av å finne løysingane. Det skal eg ikkje slutte med i denne saka heller, seier ho til NTB.

Kunnskapsministeren seier at det viktigaste er at russefeiringa skjer etter eksamen. Ho vil halde fram dialogen med dei andre partane.

– Her har vi felles interesse i å finne ei ordning som varetek retten elevane har til opplæring, og samtidig også tonar ned den ekskluderingsmaskina som russetida har vorte – som også er med på å påverke skulemiljøet negativt, seier ho.

«Ikkje ønskjeleg»

I utgreiinga har Utdanningsdirektoratet drøfta saka med fleire aktørar på utdanningsfeltet.

– Tilbakemeldingane frå organisasjonane er eintydige på at å flytte eksamensperioden til før 17. mai ikkje er ønskjeleg, skriv dei.

Saka møter også motstand frå tunge aktørar som KS, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet. Dei har samla seg til felles front mot eksamensflyttinga.

– Vi kan ikkje lage eit opplegg som svekkjer læringa til elevane i ei tid der læringsresultata fell, og skulane jobbar hardt med å snu utviklinga. Det er også uheldig om eksamen må tilpassast russefesten, og ikkje omvend, seier avdelingsdirektør Kristin Holm Jensen i KS til NTB.

KS organiserer fylkeskommunane, som har ansvar for dei vidaregåande skulane.

Seier nei: Leiar Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet ønskjer ikkje å flytte eksamen til før 17. mai.

– Blir meir intensivt

Heller ikkje leiar Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet synest det er ein god idé.

– Skuleåret vil bli meir arbeidsintensivt for både elevar og lærarar. Det blir mindre tid til å førebu seg til eksamen og nå måla i læreplanen. Vi trur heller ikkje flytting av eksamen vil bidra til å redusere sosial ekskludering og gruppepress, seier han.

Skolelederforbundet meiner at ei flytting vil gjere det meir krevjande å levere eit godt tilbod.

– Forslaget om å flytte eksamen betyr eit komprimert skuleår og auka administrativ belastning for å «sy saman» eit heilskapleg og godt tilbod. Vi veit at mange unge i dag opplever ein krevjande skulekvardag, men det er ikkje eksamenstidspunktet som er nøkkelen for å løyse dette, slår leiaren i Skolelederforbundet, Stig Johannessen, fast.

Utdanningsforbundet, Skolelederforbundet og KS opplyser at partane i sektoren for tida samarbeider med Utdanningsdirektoratet om å utvikle ein meir framtidsretta eksamen.

– Då kan det på sikt vere aktuelt å gjere noko både med eksamensform og -tidspunkt. Men dette krev eit grundig arbeid først, seier dei i ein felles uttale.