SSB: Fleire under 25 år jobbar

Dei siste ti åra har det blitt fleire unge i jobb, særleg etter pandemien. I 2024 var 58 prosent i alderen 15–24 år sysselsette. I 2014 var det 52 prosent.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I den norske arbeidsstyrken har det også blitt langt fleire unge.

Andelen i alderen 15–24 år som er i arbeidsstyrken i 2024, er 5,5 prosentpoeng høgare enn snittet for åra 2009 til 2024.

Det viser nye årstal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

– Den auka andelen unge i arbeidsstyrken heng saman med auka sysselsetjing. I denne aldersgruppa er det mange som jobbar ved sida av skule eller studium, seier Erik Herstad Horgen, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ekstrajobb

Til NTB seier han at det ikkje handlar om at fleire unge vel bort studium for å jobbe. Det er studentane og elevane som får seg ekstrajobb.

– Det har alltid vore mange som jobbar ved sida av studia, men andelen er høgare no enn på lenge, seier Horgen.

Mange av dei sysselsette i denne alderen har ofte yrke der heimekontor ikkje er mogleg. Blant sysselsette under 25 år hadde berre 10 prosent moglegheit for heimekontor i 2024.

Tala seier ikkje noko om kvifor fleire unge jobbar, om det fordi det er jobbar tilgjengeleg eller fordi dei ser seg nøydde til å arbeide for å få endane til å møtast.