Brasil innfører nasjonalt mobilforbod i skulen
Forbodet gjeld i både grunnskule og vidaregåande skule.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/09/Andrea-Rygg-Nottveit-svartkvitt-e1695973892347-160x160.jpg)
Onsdag denne veka måtte grunnskuleelevar i Brasil levera frå seg mobiltelefonane sine etter at eit nytt nasjonalt forbod tredde i kraft.
13. januar i år signerte president Luiz Inácio Lula da Silva forbodet, som gjeld både private og offentlege grunnskular og vidaregåande skular, ifølgje The Washington Post.
Elevane får berre bruka telefonane i naudssituasjonar, om undervisninga krev det, eller om dei har behov for mobiltelefon for tilrettelegging i kvardagen.
Fleire brasilianske statar har allereie innført lokale mobilforbod. Ifølgje ei undersøking frå 2023 hadde 28 prosent av skulane i landet eit totalforbod mot mobilar i skulen, ifølgje CNN.
Lova har fått brei politisk støtte, inkludert frå da Silva sin politiske motstandar og forgjengar Jair Bolsonaro.
Utdanningsminister Camilo Santana sa i januar at Brasil til liks med mange andre land berre vil at mobiltelefonar skal brukast i klasserom til læring.
Her heime har Utdanningsdirektoratet tilrådd mobilforbod i både timar og friminutt i barne- og ungdomsskulen. På vidaregåande tilrår dei restriksjonar på bruk i undervisninga.