Framtida Junior søkjer journalist

Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i sju månader.

Framtida
Publisert

Framtida Junior tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø — der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.

Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, har ei god forståing av rolla som journalist for barn og er god til å formidla til målgruppa 7-13 år.

Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar og frivillig arbeid er òg positivt.

Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling frå etter påske og fram til november. Dersom du er interessert i å jobba deltid i delar av perioden, til dømes i kombinasjon med studium, så er me opne for det!

Om stillinga:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidsstad: Oslo/Stord

Søknadsfrist: 4. februar 2025

Kontaktinformasjon:

  • Svein Olav Langåker, redaktør, tlf: 948 75 365 / e-post: svein@framtida.no
  • Birgitte Bakken, klubbleiar, tlf: 452 79 435

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no

— og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.