Desse bøkene lånte vi mest i fjor
Sjekk kva bøker som var mest populære å låne i Oslo-området i 2024.
Deichman har publisert kva bøker som vart mest lånt på biblioteka deira i perioden 1. januar–30. november 2024. Her kan du sjekke om du har fått med deg fjorårets mest populære bøker, eller notere deg kva som skal inn på leselista i 2025:
10: Jævla menn av Andrev Walden
Svenske Andrev Walden fekk i 2023 Sveriges gjævaste litteraturpris, Augustprisen, for Jævla menn. Då er det ikkje så rart at mange nordmenn strøymde til biblioteket for å låne boka.
Romanen er ei sjølvbiografisk oppvekstskildring. Vi møter Andrev som veks opp på åttitalet. Sju år gamal får han vite at det han trudde var far hans ikkje er det.
«En gang hadde jeg sju pappaer på sju år. Dette er fortellingen om de årene», skriv Walden om boka.
9: Fars rygg av Niels Fredrik Dahl
Niels Fredrik Dahl vart i 2024 tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for denne boka, så det er ikkje overraskande at Fars rygg hamnar på topp ti-lista til Deichman.
I boka freistar ein son å forstå far sin gjennom etterlatne brev, teikningar og bilete.
Ifølgje forlaget er Fars rygg skildringa av ein gut og ung manns forsøk på å leve i ei verd han ikkje forstår, men likevel prøver å bli ein del av. Det er også historia om fars mor, Ellen, som sit fast i eit ulukkeleg ekteskap.
8: Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten
Éi nynorskbok har kome med på lista over dei mest lånte bøkene hos Deichman i fjor. Frode Grytten vann i 2023 Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur for Den dagen Nils Vik døde.
Grytten har late seg inspirere av sin eigen morfar då han skreiv forteljinga om Nils Vik.
Juryen til Brageprisen meinte forfattaren hadde skrive «ei vakker, varm og rørande historie om det nære og enkle som livet består av, samstundes som den byr på store skildringar om venskap, kjærleik og død.»
● Les også: Nynorskforfattarar vann Brageprisen
7: En dag vil vi le av det av Thomas Korsgaard
Det danske stjerneskotet Thomas Korsgaards trilogi om Tue er komen på norsk, og det har freista lesarane. På sjuandeplass finn vi bok nummer to i serien, En dag vil vi le av det. Plottblottar: Førsteboka er òg med på topplista over bøker vi lånte i fjor.
I denne oppfølgaren er Tue i slutten av tenåra og går i andre klasse på vidaregåande. Tue prøver å finne seg sjølv i ein kvardag prega av einsemd i ein familie der dei vaksne ikkje alltid klarar å vere nettopp vaksne. Det er ein sterk roman om å vekse opp i fattigdom i utkanten av det danske velferdssamfunnet, men Korsgaard skriv på ein slik måte at vi kan le av det, skriv forlaget.
6: Jeg plystrer i den mørke vinden av Maria Navarro Skaranger
Maria Navarro Skaranger vart nominert til både Nordisk Råds Litteraturpris, Ungdommens kritikerpris og Kritikerprisen for denne romanen.
I boka følgjer lesaren godt vaksne Sidsel, som er mor til Emily i Skaranger sin førre roman Emily forever.
Etter at Sidsel hamnar i ei bilulukke, byrjar ho å oppføre seg rart. Men kva betyr rart? Og kven er Sidsel? Det veit ho ikkje sjølv, og det veit ikkje forteljaren heller.
5: Lungeflyteprøven av Tore Renberg
I 2023 gav Tore Renberg ut romanen Lungeflyteprøven – forsvar for en ung kvinne som var mistenkt for spedbarnsdrap.
Romanen er basert på verkelege hendingar, og handlar om den medisinske lungeflyteprøven som blei starten på moderne rettsmedisin.
I boka, som finn stad i Sachsen på 1600-talet, møter vi femten år gamle Anna Voigt som blir tiltalt for å ha drepe sitt nyfødde barn. Dersom ho blir kjent skuldig, vil straffa vere døden.
4: Hvis det skulle komme et menneske av Thomas Korsgaard
Dette er den andre boka av den populære danske forfattaren Thomas Korsgaard (29) som får plass på lista. Korsgaard fekk i 2021 De Gyldne Laurbær, Danmarks viktigaste bokpris.
Hvis det skulle komme et menneske er første bok i trilogien hans om Tue. Forfattaren var 21 år då han debuterte med boka.
Det er ein roman om å vekse opp i fattigdom og å vere barn i ein familie som manglar overskot av både pengar og kjensler. Men det er òg ei forteljing om ein oppfinnsam og nysgjerrig gut. Boka er inspirert av hans eigne erfaringar.
3: Skråpånatta av Lars Mytting
Det var mange som ville få med seg avsluttinga av den populære Hekne-trilogien til Lars Mytting.
Skråpånatta tar opp tråden i den fiktive bygda Butangen i Gudbrandsdalen etter hendingane i Hekneveven og Søsterklokkene.
Vi er komne til 1930- og 1940-talet, og ein ny generasjon på Hekne anar at skråpånatta, endetida som blir varsla i Hekneveven, nærmar seg.
2: Gjentakelsen av Vigdis Hjorth
På andreplass finn vi Vigdis Hjorths roman Gjentakelsen frå 2023. I boka ser ei vaksen kvinne tilbake på seg sjølv som 16-åring, og granskar ei sentral hending frå oppveksten.
Vigdis Hjorth fekk Ungdommens kritikerpris for denne romanen.
– Dette er ei bok det er lett å kjenne seg att i. Ein kjem tett på hovudpersonen i alle bøkene, men eg-et i vinnarboka er så sterk at vi fekk oppleve eit heilt nytt liv, skreiv juryen i grunngjevinga si.
1: Da vi var yngre av Oliver Lovrenski
Det spørst om du må smørje deg med tolmod om du vil låne boka som tronar øvst på lista, for i skrivande stund er det 470 på venteliste hos Deichman.
Det norske stjerneskotet Oliver Lovrenski (22) sin debutroman vart ein braksuksess, og han henta med seg Bokhandlerprisen for boka. Han var 19 år då boka kom ut i 2023.
Da vi var yngre er ein oppvekstroman om venskap, sorg, rus og å overleve i dagens Oslo. Forfattaren har òg fått mykje merksemd for måten han skriv, med slang og «gatespråk».