Vigdis Hjorth får Ungdommens kritikerpris

Det kjem kort tid etter ho vann Kritikerprisen for same bok.

Åshild Slåen
Publisert

Boka Gjentakelsen av Vigdis Hjorth vart i dag tildelt Ungdommens kritikerpris, melder Cappelen Damm i ei pressemelding.

Dei nominerte bøkene  er dei same som er nominert til kritikerprisen.

Dei nominerke inkluderer Chiqichita av Pedro Carmona-Alvarez, Jeg plystrer i den mørke vinden av Maria Navarro Skaranger og Olav Nygards seng av Erlend O. Nødtvedt.

Hjorth fortalte i takketala at ho er glad for at Ungdommens kritikerpris eksisterer.

– For ungdom som har bruk for litteraturen utan heilt å vite det sjølv. Eg hadde vore ein annan viss eg hadde fått vore med på dette då eg var på deira alder.

Ungdomsjuryen har vektlagt kor godt bøkene har treft dei.

– Dette er ei bok det er lette å kjenne seg att i. Ein kjem tett på hovudpersonen i alle bøkene, men eg-et i vinnarboka er så sterk at vi fekk oppleve eit heilt nytt liv, skriv juryen i grunngjevinga si.

Juryen i Ungdommens kritikerpris består av sju vidaregåande klassar frå heile landet. Hjorth har tidlegare vunne Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok for Jørgen + Anne = sant, og har vore nominert for bøkene Er mor død og Arv og miljø.

Merk: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Vigdis Hjorth tidlegare vann Ungdommens kritikerpris for Jørgen + Anne = sant. Det er no retta til at ho tidlegare vann Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok.