Ny leiar: Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre ville invitert Ursula von der Leyen på husmannskost

Klimakrisa, flyktningkrisa og skulepolitikk var noko av det som tente engasjementet for den nye leiaren i ungdomspartiet.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg ønsker å vere ein leiar som bygger opp menneska rundt meg og klarer å vere tydeleg i viktige spørsmål.

Det skriv Omar Svendsen-Yagci på e-post til Framtida. I slutten av oktober vart han valt av som ny leiar av Unge Venstre sitt landsmøte.

Han meiner at dei viktigaste sakene framover blir å nå klimamåla, melde Noreg inn i EU, og gjennomføre ein rusreform som gir hjelp, ikkje straff.

– Kva er den største sigeren på årets landsmøte?

– Vi vedtok mykje ny og liberal politikk på landsmøtet. Unge Venstre gjekk inn for å sjølvbestemt abort til veke 22, eit felles europeisk asylsystem og fleire valfag i skulen. Det er eg glad for.

Omar Svendsen-Yagci

Alder: 20 år

Personleg pronomen: Han

Frå: Gjøvik

Yrke/utdanning: Ungdomspartileiar og 60 studiepoeng i statsvitskap

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv: Leiar av Unge Venstre, kommunestyrerepresentant i Gjøvik og 3.-kandidat til Stortinget for Innlandet Venstre

Medlem i: Unge Venstre og Venstre

Klima som hjartesak

Svendsen-Yagci fortel at han ikkje er frå ein særleg politisk familie, men stortingsvalet i 2017 tente engasjementet hans.

– Vi stod overfor nokre viktige samfunnsspørsmål som klimakrisa, flyktningkrisa og ein rigid skule. Då fekk eg lyst til å engasjere meg og ta del i eit lag som ville gjere noko med alle desse utfordringane.

I dag er det klima som er hjartesaka hans. Han peikar på at vi ikkje er i nærleiken av å nå klimamåla.

– Vi treng politikarar som både vil gjere det enklare og billigare å velje klimavenleg, og som tek Noreg frå å vere ein oljenasjon til eit fornybarsamfunn.

I første omgang vil han arbeide opp mot valet i 2025.

– Det viktigaste for Unge Venstre det neste året er å få ei ny regjering som Venstre er ein del av og få politiske gjennomslag som kuttar utslepp og gir folk meir fridom i eige liv.

TikTok og radio

Når det ikkje går i politikk, likar han å henge med venar og drikke pils.

Draumeoverskrifta hans er «Noreg søker fullverdig EU-medlemskap».

Den største tidstjuven, som for mange andre, er TikTok.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg byrjar stort sett dagen med å høyre på NRK Nyhetsmorgen, elles går det i podkast og ulike nettaviser.

Anten - Eller Hund eller katt? Katt Hyttetur eller New York? Hyttetur Taco eller Pizza? Pizza

Husmannskost med EU-presidenten

Ursula von der Leyen då ho talte til EU i 2019. Forhåpentlegvis likar ho norsk husmannskost. Foto: European Parliament from EU, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Han fortel Framtida.no at han som liberalar ikkje trur på utopiar, når vi spør om idealsamfunnet og korleis vi kan nå det.

– Men eg drøymer om eit samfunn tufta på ein demokratisk verdsorden og liberale verdiar, der vi har nådd klimamåla og der folk har meir fridom i eige liv.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– På middag ville eg invitert EU-presidenten, Ursula von der Leyen. I høve av at vi skulle prata om korleis Noreg skal bli medlem av EU, skulle vi ete norsk husmannskost.

 

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

– Det er ikkje ei bok, men eg anbefaler alle å lese perspektivmeldinga. Den viser alvoret og behovet for at Noreg må ta store politiske grep for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn for min og framtidige generasjonar.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Hellerudsvingen på NRK. Der får ein sjå vår dyktige nestleiar i Hellerud Unge Venstre, Lazarus.

Omar Svendsen-Yagci følgjer med på Hellerudsvingen. Foto: NRK

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Ikkje alltid, men i samband med valkampen i USA må eg for augneblinken si «Freedom» av Beyoncé.