Milliardærane i verda har meir enn dobla rikdommen sin på ti år
Rikdommen til milliardærane i verda har auka med 121 prosent dei siste ti åra. Det har også vorte fleire, ifølgje ein studie frå sveitsiske UBS.
I april 2024 var det 2682 milliardærar globalt, rundt 50 prosent fleire enn i mars 2015, ifølgje studien frå banken.
Den samla formuen til milliardærane steig med 121 prosent til 14 000 milliardar amerikanske dollar (tilsvarande nesten 155 000 milliardar norske kroner). Det er ein markant auke samanlikna med indeksen for globale aksjar, som steig med 73 prosent i same periode.
I USA har rikdommen til milliardærane vakse jamt og trutt, og det same gjeld i Europa, om enn i litt mindre grad. I Kina var det ein kraftig vekst fram mot 2020 og ein nedgang sidan.
Særleg teknologimilliardærar har fått auka rikdommen sin dei siste ti åra, med ei tredobling som følgje av ny teknologi som kunstig intelligens, cybertryggleik og 3D-utskriving.