Ingen internasjonal plastavtale: – Utruleg skuffa
Spire-leiar Elise Åsnes synest det er demotiverande at plastmøtet er det tredje FN-toppmøtet på rad som ikkje går som dei ønskte.
Frå 25. november til 1. desember var representantar for 190 av verdas land samla i Busan i Sør-Korea for å prøve å få på plass ein internasjonal plastavtale.
Etter ei veke med intense forhandlingar, greidde ikkje landa å bli samde om innhaldet i avtalen.
– Eg er utruleg skuffa. Eg hadde store håp for dette møtet her, og kjenner på stor frustrasjon og skuffelse akkurat no, seier Spire-leiar Elise Åsnes på telefon til Framtida.no.
Plastkrise
Ifølgje OECD vart det i 2019 produsert 460 millionar tonn plast. Berre 9 prosent av plasten blir resirkulert på verdsbasis.
– Det er eit enormt globalt problem. Det veit vi òg at det er mange som får auga opp for. Vi ser veldig mange enkeltpersonar som tar saka i eigne hender og startar ulike initiativ rundt omkring for å redusere nokre av symptoma på plastkrisa, men det er enormt frustrerande, for desse tiltaka er symptomlindrande. Dei vil aldri gjere noko med dei grunnleggjande årsakene til kvifor vi er i denne krisa, seier Åsnes.
Spire meiner verda treng ein plastavtale som er juridisk bindande, som går både på produksjon og bruk, og med høgast mogleg ambisjonar.
Krevjande forhandlingar
Noregs utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) er òg skuffa over at det ikkje vart semje på møtet i Sør-Korea.
– Forhandlingane har vore krevjande. Eg skal ikkje leggje skjul på at vi har møtt svært harde frontar, seier Tvinnereim i ei pressemelding.
Ho skulle i utgangspunktet vere med på møtet, men reiste ikkje på grunn av sjukemelding.
Noreg har saman med Rwanda tatt initiativ til ei gruppe, Høgambisjonskoalisjonen (HAC), med 68 medlemsland, som mellom anna jobbar for forbod mot somme forsøplande plastprodukt og farlege stoff i plast.
Utanriksdepartementet trekker fram tre punkt det har vore særs vanskeleg å einast om på plasttoppmøtet:
- å avgrense plastproduksjon og forbruk
- å fase ut spesielt problematiske plastprodukt og farlege stoff i plast
- bistand til utviklingsland for å gjennomføre avtalen
Ifølgje VG, har oljeland som Russland, Saudi-Arabia og Iran blitt skulda for å ha ansvaret for at forhandlingane har stoppa opp. Avisa skriv at dei ikkje vil ha avgrensingar knytt til plastproduksjon, men heller at ein internasjonal plastavtale skal regulere avfallshandtering. Dei tre landa har avvist skuldingane, skriv VG.
Plastavtalen
- I 2022 vedtok FNs miljøforsamling eit mandat for å utvikle eit rettsleg bindande internasjonalt instrument mot plastforureining.
- Det har vore gjennomført fire forhandlingsmøte og forhandlingane skulle etter planen blir ferdigstilte 25. november–1. desember på INC-5 i Busan i Sør-Korea.
- På grunn av stor avstand mellom partane på fleire punkt, blir møtet avslutta utan resultat. Forhandlingane vil bli tekne opp att i 2025.
- Ifølge ein rapport frå Nordisk ministerråd vil mengda plast på avveie auke frå 110 millionar tonn per år i 2019 til 205 millionar tonn per år i 2040, viss det ikkje kjem globale reglar på plass.
Kjelde: regjeringa og WWF Verdas naturfond
Fossillobbyen veks
Spire-leiar Elise Åsnes var ikkje til stades i Busan, men meiner på generelt grunnlag at Noreg burde gjort meir for plastkrisa, spesielt på heimebane.
Ho stiller seg vidare sterkt kritisk til at det er stadig fleire frå fossillobbyen og -industrien på store FN-møte. Åsnes meiner dette nærværet er eit stort demokratisk problem som Noreg må ta eit oppgjer med.
På klimatoppmøtet i Aserbajdsjan var det over 1700, og på plasttoppmøtet var 220 fossillobbyistar og representantar for den kjemiske industrien påmeldt.
– Som gruppe var dei den aller største delegasjonen på møtet. Det synest vi er veldig kritikkverdig, at industrien er såpass til stades, og etterpå så er det eit møte som fell igjennom.
Føyer seg inn i rekka
Spire-leiaren synest det er demotiverande at plastmøtet er det tredje FN-toppmøtet på rad som ikkje går som dei ønskte.
– For berre nokre veker sidan var det FNs naturtoppmøte. Der reiste heile verda heim før dei greidde å kome til einigheit, så der var det masse som blei utsett til eit nytt møte. På klimaforhandlingane for berre to veker sidan, blei ikkje einigheita i nærleiken av det vi forventa. Det var fleire ulike forhandlingsspor som rett og slett vart utsette til neste gong.
Plastforhandlingane vil halde fram i eit nytt møte i 2025.