Iben (17) vann skrivekonkurransen: – Sosiale medium kan ha ein skummel effekt
Iben Indrevær si fortelling om korleis BBC-serien Sherlock fekk henne til å plukke opp fiolinen, gjekk heilt til topps i skrivekonkurransen til Framtida.
– Eg viste det til venene mine med ein gong! Dei syntest også det var veldig stas.
Det seier Iben Indrevær (17) om reaksjonen hennar då ho fekk vite at ho hadde vunne skrivekonkurransen «Kven er eg når eg loggar av». Framtida arrangerte konkurransen saman med Magasinett og Foreningen! les.
Indrevær skreiv ein tekst om korleis ho som 11-åring vart heilt opphengd i tv-serien Sherlock på BBC, og korleis det påverka livet hennar. Juryen meiner teksten skil seg ut i mengda, og har ein personlegdom som skin gjennom.
Grunngjeving frå juryen
Juryen synest teksten skil seg ut i mengda, frå den morosame tittelen til sirkelkomposisjonen. Teksten svarar godt på oppgåva og skildrar korleis eit kulturuttrykk har forma skribenten, samstundes som ho reflekterer over marknadsføringskrefter og kor stor rolle fankultur kan spele for ungdom. Juryen synest teksten er herleg å lese med godt språk, god oppbygging og personlegdom som skin igjennom.
Indrevær fortel at ho skreiv teksten som ei oppgåve i sidemålsfaget på skulen. Etter innlevering fekk ho ei melding frå norsklæraren hennar, som rådde henne til å sende teksten inn til konkurransen.
– Eg tenkte ikkje så mykje over det, men tenkte at eg hadde ingenting å tape. Eg hadde nesten gløymt konkurransen og vart veldig sjokkert då eg vann! Det var veldig stas, seier ho.
Indrevær fortel at ho er glad i å skrive, og at ho skreiv mykje på fritida medan ho gjekk på ungdomsskulen. Men når ho no går musikklina på vidaregåande, vert det mindre tid til overs.
– Eg held meg til éi kunstform om gongen. Men når eg først skriv, går eg veldig inn i ei sone og blir vanskeleg å få kontakt med, seier ho.
Deilig, men slitsamt å skrive nynorsk
Indrevær, som er oppvaksen på Grünerløkka i Oslo, fortel at ho, som dei fleste andre i Oslo-skulen, ikkje brukar mykje nynorsk til vanleg. Men ho synest det er kjekt med ei ekstra utfordring.
– Med nynorsk må eg velje orda mine litt meir. Eg synest det er fint å ha slike rammer når eg skriv, når språket set avgrensingar. Det er deilig, men også litt slitsamt, fortel ho.
Det finst likevel litt engasjement for nynorsk i heimen.
– Mamma er veldig interessert i nynorsk. På ungdomsskulen, då eg stolt tok med heim ein nynorsk-tentamen som eg fekk 5 på, sa mamma «Å, så hyggeleg», og så retta ho resten av feila som læraren min ikkje hadde fanga, fortel ho.
Skummel effekt
I innlegget sitt tek Indrevær opp tematikk rundt fan-kultur på internett. Ho slår fast at unge jenter kan vere lett påverkelege og sårbare på nett.
– Eg synest det er litt skummelt. Gjennom oppveksten har eg merka tydeleg at det er lite ei jente kan gjere utan å bli mobba for det på internett, seier ho.
Samstundes fortel Indrevær at ho sjølv opplevde fan-kulturen rundt tv-serien Sherlock som ei trygg boble, som ho også kunne dele med venene sine i det verkelege livet.
Men ho opplever ei forandring mot eit meir kynisk internett.
– Då eg var yngre, var livet mitt på nett og det ekte livet to ulike ting. No merkar eg at internett-livet har slukt det ekte livet. Det kjenst veldig som noko som følger folk ut i den verkelege verda. Til dømes ideen om at ingenting jenter gjer er rett. Spesielt unge jenter kan kjenne det på den måten. Som ung jente er alt du vil å vere likt, og vere lik alle andre. Det kan gjere at du blir skikkeleg oppslukt av ein serie, men det kan også føre til andre ting, seier ho.
– I sosiale medium ser eg fleire og fleire små jenter som vaskar fjeset sitt på sju ulike måtar før dei legg seg. Eg synest det er skikkeleg skummelt at sosiale medium kan ha den effekten det har.
Skikkeleg hobby
Sherlock-serien viste henne veg mot det som skulle verte hennar nye, «ekte» hobby: fiolinen. Ho går i dag på musikklina på Foss videregående skole i Oslo.
– Då eg byrja på musikklina, var eg 100 prosent sikker på at eg skulle bli fiolinist. No synest eg det er veldig gøy, men eg trur eg må tenke litt kritisk før eg tek eit stort val om ein så utruleg vanskeleg karriereveg, seier ho.
Ho vedgår at det å vere sjukt interessert i ein tv-serie også kan vere ein hobby, men ho byrja gjennom tenåra å kjenne ein trong for å lære seg noko nytt.
– Eg såg at folk rundt meg gjorde store ting, medan eg berre sat på nettet. Det er kjekt og fint og flott, men ein har lyst å ha noko ein kan også, seier ho.
– Å spele fiolin gir litt meir credz.