Bli med på skrivekonkurransen til Magasinett, Framtida.no og Foreningen !les. Du kan vinne 1500 kroner og ei bokpakke.
Finalistane og vinnarteksta vil bli publiserte på Framtida.no og Magasinett sine nettsider, og i bladet Faktafyk frå Foreningen !les.
Er det vanskeleg å leggje frå seg mobilen når du skal sjå ein serie, lese ei bok eller vere med vener? Får du frysningar kvar gong mobilen fortel kor mykje skjermtid du hadde førre veke? Vi brukar store delar av kvardagen vår på sosiale medium, men kven er du når du loggar av?
Svar på éi av oppgåvene under og send inn innan 28. oktober 2024.
Skrivekonkurransebidrag kan sendast som Word- eller PDF-fil til skrivekonkurranse@framtida.no eller sendast inn via Framtida.no sin meiningsportal og kryssa av for SKRIVEKONKURRANSE her.
Konkurransereglar
Premie: 1500 kroner, bokpakke, publisering på Framtida.no og trykking i bladet Faktafyk.
Aldersgrense: 13–19 år
Målform: Nynorsk
Frist: 28. oktober 2024
Innsending: Word- eller PDF-fil til skrivekonkurranse (a) framtida.no eller via innsendingsskjema i Framtida.no sin meiningsportal der du kryssar av for SKRIVEKONKURRANSE
Foreningen !Les sine tilsette, og Framtida.no og Magasinett sine tilsette og skribentar kan ikkje delta i skrivekonkurransen.
Vinnaren vil verte kontakta av Framtida.no, saman med eventuelle bidrag som juryen gir heiderleg omtale og vil publisera. Dei bidraga juryen løftar fram vil få ein premie i posten.