Nye karakterkrav gav rekordmange sjukepleiarstudentar
Til saman møtte 5493 studentar opp til studiestart på sjukepleiestudiet denne hausten. Det er det høgaste talet sjukepleiarstudentar som er målt i databasen.
I år opna åtte universitet og høgskular opp for lokale opptak utan karakterkrav til plassar på sjukepleiestudiet som stod ledige etter det ordinære opptaket.
På sjukepleie har det tidlegare vore krav om minst karakteren 3 i norsk og matematikk.
Av dei 5493 sjukepleiarstudentane som møtte opp til studiestart, vart minst 983 av desse tekne opp utan karakterkrav. Utan slike lokale opptak utan karakterkrav, ville talet på møtte studentar vore det lågaste i haust sidan 2010, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
– Årets oppmøtetal viser at grepa vi tok for opptak til sjukepleiar- og lærarutdanningane, både var nødvendig og har hatt stor effekt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i pressemeldinga.
Frå opptaket hausten 2025 blir nivåkrava tekne bort på alle sjukepleieutdanningane.
Det samla talet studentar som møte til studiestart, har lege stabilt dei siste ti åra, sjølv om stadig fleire har fått tilbod om studieplass. Unntaket var under pandemien.
– Saman med stabile og etter kvart fallande ungdomskull kan det tyde på at vi truleg ikkje kan forvente ytterlegare vekst i talet på studentar ved ordinære grunnutdanningar framover, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.