Regjeringa vil senka talet på kvoteflyktningar til 200: – Det er nesten ingenting

I ei verd der millionar treng vern, er dette eit pinleg lågt tal, meiner leiaren av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me står overfor ei global krise med over 117 millionar menneske på flukt. Aldri før har det vore fleire menneske på flukt, og korleis svarar regjeringa? Jo, dei føreslår å redusera antalet kvoteflyktningar til berre 200 i 2025.

Leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs, reagerer kraftig på forslaget i ei pressemelding sendt på e-post til Framtida.no.

– Uakseptabelt

Ho viser til at regjeringa i Hurdalsplattforma skildrar FNs kvoteflyktningssystem som den tryggaste og mest rettferdige ordninga og meiner at det er på høg tid at Noreg lyttar til FNs høgkommisær for flyktningar og tek imot 5000 kvoteflyktningar i året.

Kvoteflyktningar eller overføringsflyktningar er flyktningar Noreg tek imot gjennom FN sitt flyktningsystem. Desse slepper å ta ut på farefulle reiser for å få opphald, og kjem ofte som heile familiar.

I 2022 tok Noreg i mot 3000 kvoteflyktningar. Dette talet vart kutta til 2000 i 2023, og 1000 i 2024. I forslaget til neste års statsbudsjett legg regjeringa opp til å ta imot endå færre.

– Berre 200, det er nesten ingenting – det svarar til knapt eit passasjerfly fullt av menneske. Dette er rett og slett uakseptabelt. Me kan ikkje stå og sjå på medan millionar av menneske lir. Å ta imot berre 200 kvoteflyktningar er nærmast symbolsk – det er så lite at det nesten ikkje ein gong monnar. I ei verd der millionar treng vern, er dette eit pinleg lågt tal. Noreg må ta sin del av ansvaret – og me må gjera det no!

– Kommunane nærmar seg brestepunktet

I ei pressemelding frå regjeringa forklarar justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) at regjeringa er oppteken av ei berekraftig innvandring.

– Kapasiteten ute i kommunane nærmar seg brestepunktet. Difor er vi nøydde til å redusera antal overføringsflyktningar nok ein gong for å sikra ei god integrering av flyktningar som kjem hit. Kvoten var på 3 000 då eg overtok som statsråd. I lys av innkomsttala til Noreg, meiner eg no at 200 er eit riktig nivå for 2025, seier ho i pressemeldinga.