LEVE lanserer norsk versjon av appen Stay Alive

Appen skal fungera som eit sjølvhjelpsverktøy for både personar med sjølvmordsrisiko og pårørande.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

10. september er verdsdagen for førebygging av sjølvmord.

I den samanheng lanserer LEVE – Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord appen Stay Alive, som er ein norsk versjon av ein britisk app.

720 000 nedlastingar på verdsbasis

Appen Stay Alive er utvikla med tanke på personar med sjølvmordsrisiko og deira pårørande. I appen kan ein laga sin eigen tryggingsplan og finna informasjon, anten du er pårørande eller utsett.

– Menneske med tunge tankar har ein tendens til å få det av og til, ikkje kontinuerleg. Dei ønskjer å kopla på den delen av seg som ønskjer å leva. Her kan dei minna seg sjølv på årsaker til å leva, seier Nina Danielsen, leiar i LEVE sjølvmordsførebygging på telefon til Framtida.no.

Appen er omsett med frivillige ressursar og fekk rundt 400 000 kroner i støtte frå Helsedirektoratet i 2023.

Sjølvhjelpsverktøy

Tidlegare i år jubla Grassroots Suicide Prevention for at den engelskspråklege appen deira var lasta ned 720 000 gonger sidan lanseringa i 2014.

Nina Danielsen er leiar for LEVE sjølvmordsførebyggjing. | Foto: LEVE

Ifølgje ein rapport frå 2020 var rundt halvparten av brukarane under 34 år, og fleirtalet kvinner.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon døyr over 726 000 menneske som følgje av sjølvmord kvart einaste år. Mange fleire enn dette freistar å ta sitt eige liv.

I 2023 vart det registrert 693 sjølvmord i Noreg, noko som er 70 fleire enn i 2022, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Berre i 1988 er det registrert eit høgare tal sjølvmord i Noreg.

Appen er eit sjølvhjelpsverktøy for folk i alle aldrar som kan fungera som eit tilskot til behandling, eller for dei som ikkje er kome i kontakt med hjelpeapparatet enno.

– Me håpar han skal bli lasta ned 100 gongar i år og brukt av så mange som mogleg, seier Danielsen.

Lett tilgjengeleg

Sjølvmord kan råka alle aldersgrupper, kjønn og sosiale lag frå alle verdsdelar. Både i Noreg og resten av verda er det likevel slik at vaksne menn er overrepresentert på sjølvmordsstatistikkane.

Men sjølvmord råkar òg yngre og er den tredje vanlegaste dødsårsaka for dei mellom 15 og 29 år i Noreg.

Det er ein pågåande diskusjon om kor nyttig appar er i arbeidet med å førebyggja sjølvmord, og ekspertane understrekar at det er eit supplement til behandling i helsevesenet.

– Menneske som har det vanskeleg kan synast det er vanskeleg å søkja hjelp, be om hjelp, lesa ting og konsentrera seg, og då tenkjer me at det må gjerast lettast mogleg, forklarar leiar i LEVE Nina Danielsen.

Forskingsprosjekt ved Oslomet

Professor ved Oslomet Anne Lund har saman med Kari Dakota Aasheim og ei gruppe bachelorstudentar i ergoterapi bidrege med brukartesting av appen på ei lita gruppe.

Dei har nyleg fått godkjent ein forskingsartikkel i Scandinavian Journal of Occupational Therapy der dei har intervjua 12 studentar og 8 medlemmer av Fontenehuset.

– Det er veldig mange som seier at appen kan vera fin å bruka særleg om du sit åleine og har det kjipt. Det kan òg vera betryggande for pårørande. Så er det nokon som seier at dette er ikkje ein mirakelkur. Det kan vera vanskeleg å bruka om du føler deg sjuk og opplever at livet er vanskeleg, fortel Lund.

Professor ved Oslomet, Anne Lund, meiner appen er eit nyttig verktøy som må testast vidare. | Foto: Oslomet

Dei har undersøkt korleis testgruppa vurderer tryggleik, tilgjengelegheit, effektivitet, om appen er lett å læra og husa.

– Ein app kan bidra

Lund peikar på at appen inneheld kriseinformasjon med kontaktinfo og at ein kan laga eigne tryggingsplanar, ein betringsplan og bilete som gjev støtte og håp.

– Det kan òg bidra til pårørande med tips og råd. Og bidra til det å våga og prata om det og søkja hjelp, som er det me ynskjer, seier Lund.

Lund peikar på at appen byggjer på solid kunnskap frå England, og at det er viktig med vidare utprøving i Noreg.

Ho meiner det er eit fortrinn at han er lett tilgjengeleg.

– Me veit det er mange som tek livet sitt som ikkje tek imot hjelp, forklarar forskaren.

– Ein app kan bidra med å søkja om håp for framtida, minna om gode ting å leva for, bidra til å meistra smerte og sjølvmordstankar, og kan erstatta terapeutisk nærvær fordi du kan bruka han heime. Det kan vera ein reiskap til stogga akutte sjølvmordskriser ved å gje nokre strategiar for å takla det, understrekar ho.