Student vart frikjend for sjølvplagiat – no skal saka opp i Høgsterett

Snart tre år har gått sidan ein student vart teken for sjølvplagiat på ein eksamen ved Høgskolen i Innlandet (HINN). Denne veka skal saka opp i Høgsterett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Studenten vart utestengd frå høgskulen etter å ha brukt om att to avsnitt frå ein tidlegare eksamen ho hadde stroke på. Etter å ha tapt i tingretten, vart ho frikjend i lagmannsretten. Saka vart deretter anka til Høgsterett av Kunnskapsdepartementet.

Rettssaka, som startar tysdag, vil vare halvannan dag.

Partane er samde om kva som har skjedd, men usamde om det er fusk.

– Eit av Kunnskapsdepartementets poeng vil vere å framheve at skjult gjenbruk er definert som eit tilfelle av fusk i eksamensreglane til Høgskolen i Innlandet, og at ei slik regulering både formelt har heimel i lova og reelt kan ha gode grunnar for seg, seier advokat Erlend Baldersheim hos Regjeringsadvokaten til Khrono.

– Ikkje urettmessig fordel

Forsvararen til studenten, advokat Magnus Stray Vyrje, ønskjer ikkje å kommentere saka før Høgsterett har felt sin dom, ifølgje avisa.

Han er likevel tydeleg i sluttinnlegget sitt på at studenten ikkje har fuska. Han grunngir det med at handlinga ikkje gav studenten ein urettmessig fordel.