Frp vil ha narkohundar på skulane

Framstegspartiet vil på nytt innføre bruk av narkotikahundar på skulane her i landet.

NPK-NTB
Publisert

Frp-leiar Sylvi Listhaug og leiar i Justiskomiteen, Helge André Njåstad, seier til TV 2 at dei vil innføre på nytt moglegheita for at politiet kan gjennomføre narkorassia med hund i norske skular – frå barnetrinnet og heilt opp til vidaregåande.

– Viss det er eit problem at desse hundane kjem inn, får ein slutte å ha med seg eller selje narkotika på skulane. Dette vil vere førebyggjande og kunne avdekkje ulovleg bruk og sal av narkotika. Frp aksepterer ikkje at skulane skal vere ein dopsentral, seier Listhaug til TV 2.

Skular kunne bli søkte gjennom med hund fram til 2021, då Politidirektoratet stansa praksisen. Omsynet til personvernet til elevane, og dessutan faren for mistenkjeleggjering og stigmatisering, var blant argumenta.