Manglar 254 sjukepleiarstudentar
254 studieplassar for sjukepleiarar står tomme etter opptaket i år, viser tal frå alle 14 sjukepleiarutdanningane i Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Khrono som har henta inn tala.
Dei ledige plassane utgjer seks prosent av alle kunngjorde studieplassar på dei 14 institusjonane. For dei same universiteta og høgskulane i 2023, var 12 prosent av studieplassane ledige.
Dei som framleis har ledige plassar, er Universitetet i Agder, UiT Noregs arktiske universitet, NTNU og Høgskolen i Molde.