Vekas viktigaste: KrF-drama, prisjegerar og Harris-feber
Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet den siste veka!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Milliardbot til daglegvarekjeder
Onsdag vart det kjent at Konkurransetilsynet gir Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 totalt 4,9 milliardar kroner i gebyr for konkurranseskadeleg samarbeid.
Grunnen er prisjeger-ordninga, som Konkurransetilsynet meiner har skada konkurransen og kan ha ført til høgare prisar for forbrukarane.
Kjedene har sendt såkalla prisjegerar til dei andre sine butikkar for å sjekke prisane. I ei pressemelding skriv Konkurransetilsynet at samarbeidet om å gi tilgang til prisjegerar i kvarandre sine butikkar har vore ulovleg. Dei tre aktørane utgjer 95 prosent av den norske daglegvaremarknaden.
Konkurransetilsynet meiner prissamarbeidet varte frå januar 2011 og til i alle fall april 2018, då dei sikra bevis hos daglegvarekjedene.
Norgesgruppen, som eig mellom anna Kiwi og Meny, må betale 2,3 milliardar kroner, medan Coop og Rema 1000 har fått 1,3 milliardar kroner kvar i gebyr. Konkurransetilsynet pålegg kjedene å stoppe samarbeidet.
Rema-eigar Reitan Retail vil anke vedtaket. Også Coop vil klage, og Norgesgruppen stiller seg heilt uforståande til Konkurransetilsynets konklusjon, skriv E24. Kjedene meiner dei ikkje har gjort noko ulovleg. Kommunikasjonsdirektør i Norgesgruppen Stein Rømmerud seier til NRK at dei ikkje har nokon planar om å slutte med prisjegerar.
Kamala Harris er offisiell presidentkandidat
Under Demokratane sitt landsmøte i Chicago denne veka aksepterte Kamala Harris og Tim Walz formelt nominasjonane som partiets presidentkandidat og visepresidentkandidat i det komande amerikanske presidentvalet.
– Det er den største æra i livet mitt å akseptere nominasjonen dykkar som visepresident i USA, sa Walz då han talte til landsmøtet natt til torsdag norsk tid.
Tidlegare president Barack Obama og kona Michelle Obama var blant talarane som viste støtte til Kamala Harris.
Natt til fredag norsk tid talte Harris for landsmøtet, til stor jubel frå salen. I talen tok ho opp Israel-Palestina-konflikten. Ho understreka at ho støttar Israels rett til å forsvare seg, men at det som har skjedd i Gaza dei siste månadane er forferdeleg.
– President Biden og eg jobbar for å få slutt på krigen på ein måte der Israel er trygg, gissela blir sleppt fri, det blir slutt på lidingane i Gaza og det palestinske folket kan få oppleve retten sin til å leve i verdigheit, tryggleik, fridom og retten til å bestemme over seg sjølv, sa ho ifølgje NRK.
Noverande president Joe Biden vart òg takka av under landsmøtet, etter å ha arbeidd for partiet i 50 år.
Bollestad går av som partileiar etter intern uro
Olaug Bollestad trekker seg som leiar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Torsdag ettermiddag var sentralstyret i partiet samla til eit ekstraordinært møte etter uro rundt Bollestads verv.
Bollestad, som har leia partiet sidan 2021, har vore sjukmeld sidan starten av juni. 14. august vart det kjent at det hadde kome eit varsel mot partileiaren. Det skal ifølgje mellom anna NRK handle om leiarstilen til Bollestad.
Det har kome fram at partileiinga venta at Bollestad ville gå av tidlegare i august, men i staden skulda ho nestleiarane og generalsekretæren for å presse ho ut, skriv fleire medium. Partileiinga har uttalt at dei ikkje kjenner seg att i framstillinga.
– Etter eiga vurdering på kva som er til partiets beste, har eg valt å tre av som leiar. Dette er eit eige val, og ikkje noko eg er beden om av sentralstyret. Vi prøvde å finne ei løysing utan at vi har lukkast, sa Bollestad på ein pressekonferanse kl. 23.20 torsdag, etter eit sju timar langt møte.
Nestleiar Dag-Inge Ulstein tek over som fungerande partileiar, men han held på at han ikkje ønskjer attval til Stortinget og at han ikkje ønskjer å vere partileiar på lang sikt, skriv NRK.
Hetebølgje-dødsfall kan bli tre gonger så mange
Dødsfall grunna hete kan bli tredobla innan slutten av hundreåret, ifølgje ein studie. Det skriv avisa The Guardian.
Land som ligg sør i Europa, som Hellas, Spania og Italia er spesielt utsette. I dag er det fleire dødsfall grunna kulde enn varme i Europa, men studien slår fast at global oppvarming heller vil føre til fleire dødsfall grunna ekstreme temperaturar.
– Mange fleire hete-relaterte dødsfall er venta når klimaet blir varmare og befolkninga blir eldre, medan dødsfall skulda kulde berre går litt ned, seier David García-León, ein av forskarane bak studien som er publisert i Lancet Public Health.
Om temperaturane stig til tre gradar over førindustrielt nivå, ventar forskarane at varmt vêr kan ta livet av 129 000 personar i året, mot dagens 44 000 hete-relaterte dødsfall i Europa.
Denne sommaren har vi allereie sett ekstremvarme få fatale følgjer i Europa. Ein annan studie syner at nesten 200 personar har døydd som følgje av varme i øygruppa Balearane i Middelhavet, skriv sol.no. Spania har vore råka av tre hetebølgjer i sommar, og forskarane bak studien knyter 190 dødsfall på Mallorca, Menorca, Ibiza og Formentera til varmen, melder Majorca Daily Bulletin.
Kolerautbrot i Sudan
Førre laurdag erklærte den sudanske helseministeren at det er eit kolerautbrot i landet. Det kjem etter at Verdas helseorganisasjon (WHO) fredag opplyste at 316 personar har døydd av kolera i Sudan og at dei har registrert over 11 000 tilfelle av sjukdommen. Margaret Harris i WHO seier dei ventar at tala er høgare enn det dei har registrert, og at denguefeber og meslingar er andre sjukdommar stadig fleire sudanarar blir smitta av.
Den humanitære krisa som følgje av borgarkrigen i Sudan forverrar òg utbreiinga av infeksjonar som kolera, uttalar ho ifølgje pressebyrået Reuters.
- Her kan du lese meir om krigen i Sudan: Kva skjer i Sudan?
Helseministeren i Sudan, Haitham Mohamed Ibrahim, uttalar ifølgje Al Jazeera at 22 personar har døydd av kolera dei siste vekene. Han seier vêrforhold og ureint drikkevatn er skuld i utbrotet. Sudan har i tillegg til krigen vore råka av flaum og overfløymingar den siste tida.
Lyspunkt: Ung kreftforskar kåra til «Årets barn» av TIME
Framtida.no har tidlegare skrive om Heman Bekele som vann ein forskarkonkurranse med idéen sin om ei såpe for å behandle hudkreft. No er den 15 år gamle forskaren kåra til «Årets barn» av TIME Magazine.
Heman, som kom til USA frå Etiopia då han var fire år gamal, vart inspirert til å utvikle ei såpe som skal hindre utvikling av hudkreft etter å ha lært om farane UV-stråling frå sola fører med seg. Sidan såpe er noko dei fleste brukar for å vaske seg, tenkte han at det var eigna for behandling.
– Akkurat no er det ingen rimelege tilgjengelege alternativ til den veldig dyre behandlinga på marknaden, seier 15-åringen til TIME.
Heman har no fått hjelp til å utvikle idéen vidare i eit ekte laboratorium.